– Han daska tissen sin på puppen min!!

Virtuell porno vart litt for verkeleg for Line.

  • «Line dater Norge»
  • Line reiser Norge rundt for å finne kjærleiken
  • Reisa starta i nord, og vil etter seks veker ende i sør
  • Følg reisa på Instagram: @LineDaterNorge og Facebook: NRKP3
  • Først i oktober, når Line er ferdig med reisa si, vil serien bli vist på TV

– Ingen har nokon gong daska penisen sin på puppen min etter at dei har kome.

Line Elsvåshagen har nettopp sett ein pornofilm med “Virtual Reality”-briller, spesiallaga briller med innebygde skjermar, som skaper ein virtuell verkelegheit for sjåaren. Med brillene på blir det nesten som å vere i samme rom som handlinga i filmen du ser på skjermane.

Sjå korleis Line reagerte på pornofilmen i videoen øvst i saka.

Det er lenge sidan Line har “fått seg” noko, derfor er dette det nærmaste ho kjem eit ligg. Likevel vart det litt for heftig å vere vitne til ein pornofilm på den måten.

– Æææh, eg følte nesten at det var eg som låg der og blei penetrert!!
Det var så sjukt utmattande å sjå på.

Line Elsvåshagen testar porno med VR-briller. Det kjem ikkje til å bli ein vane, for å seie det slik.
Line Elsvåshagen testar porno med VR-briller. Det kjem ikkje til å bli ein vane, for å seie det slik.

Kjærleiksjakta held fram

For augeblikket er Line inne si tredje veke på tur landet rundt. Målet er å finne ein kjærast.

– Det har framleis ikkje gått opp for meg kva eg driv med.

Så langt har reisa vore vellukka, og ikkje minst veldig spennande.

– Altså, den eine dagen drikk eg champagne medan eg paraglider 900 meter over bakken. Den andre dagen er eg med på allsong i eit bedehus. Den tredje på seglbåttur. Det skjer så utruleg mykje!

Line kan avsløre at ho har møtt fleire guttar ho gjerne kan tenkje seg å møte igjen, men er livredd for om dei føler det samme.

– Eg gruer meg sååå sjukt til å spørre om folk har lyst til å bli med på ein andre date, tenk om dei ikkje har lyst.

View this post on Instagram

ooomg dere. i natt fikk jeg nesten ikke sove fordi jeg ble livredd for å bli forelska i noen, bare for å bli totally avvist & dumpa. i det ene øyeblikket føler jeg at alt går bra, at noen FAKTISK kanskje liker meg litt, i det andre øyeblikket blir jeg bare flau av å tenke på meg sjøl i møte med så fine gutter. #FORVIRRA, for å si det mildt. det er jo helt saiko, rart & skummelt å date så mange boyz på så kort tid, for ei som ikke er vant til å date i det hele tatt!!! har skikkelig rivi av et plaster (for å si det mildt). nå er det jo noen jeg vil møte igjen… og krysser fingra for at de vil det også. håper av hele mitt <3 at jeg kommer ut av dette som a stronger woman. hva ville beyonce gjort? jo, hu ville gønna på. så nå har jeg ikke annet valg enn å bare tørre! 💪🏾🙅🏽💥

A post shared by Line Elvsåshagen (@lineelvsaashagen) on


Har du tips til folk Line kan møte? Send det på mail til linedaternorge@nrk.no, på instagram @linedaternorge, eller på P3 sin Facebook-konto.

linedaternorge