nrk.no

– Eg ville bevise at eg kunne få til alt

Då ho var einaste gjenverande medlem av Maud, fann elektronika-artisten Kristine ut av kvar ho ville med musikken.

Med ein fersk konsert på Øyafestivalen i bagasjen, i tillegg til tittelen som «Månadens Urørt» for august, er det tid for at ballen byrjar å rulle for elektronikaprosjektet Maud.

Prosjektet har halde det gåande i ti års tid, men det er først dei siste to åra at musikken har byrja å kome.

– Eg har veldig trua på langsiktig oppbygging av karrieren, kontra übersuksess med éin gong, fortel Kristine Hoff (29) på roleg nordlandsdialekt.

Maud-namnet har omfatta fleire konstellasjonar og uttrykk, men Kristine er den einaste konstante ingrediensen. Først var det ein synth-duo med ei venninne, så ulike samansettingar med både hardcore- og jazzmusikarar.

No er det berre Kristine att, og personleg djuptgåande tekstar, innpakka i atmosfæriske vokalspor over drum’n’bass-brekk, er den gjeldande formelen.

– Då det siste bandet vart oppløyst, fekk eg tid til å forske på kva eg sjølv ville Maud skulle vere, forklarar ho.

Imponerer Spellemann-vinnar

Det har vel knapt vore mogleg å eksistere her til lands den siste tida utan å få Øyafestivalen trekt ned over hovudet. Anten var ein der sjølv, eller så fekk ein han med seg i både riksdekkande og sosiale medium.

Maud var éin av fleire av årets «Urørt»-artistar som var booka til årets utgåve av festivalen.

– Sjølve spelinga var moro, men det var ein intens dag, veldig heitt, fortel Kristine om festivalens første dag, då ho spelte på Bibliotek-scena, som i stor grad gir rom til talent og nye artistar.

– Det er alltid så gøy å spele med bandet eg har med meg. Dei er så stødige! I tillegg var det jo ein del som kom, så det var kult!

Éin av dei frammøtte var den årets vinnar i Spellemann-kategorien elektronika, Vilde Tuv.

Ho spelte sjølv på festivalen tidlegare på dagen og omtalar Maud som «den sjukt rå artisten Maud» til P3.no. Ho er med andre ord svært begeistra for musikken til sjangerkollegaen Kristine.

– Maud er både kreativ og nyskapande som produsent, og i tillegg er låtane ho lagar skikkeleg fine! Ho er dedikert til musikken, så eg er heilt sikker på at vi får høyre heilt sjuke bangers frå den kanten i tida framover, seier Vilde Tuv.

Er aleine bak spakane

– I starten var eg veldig oppteken av å få fram at eg står bak alt sjølv, frå låtskriving til produksjon og miksing. Eg ville bevise at eg kunne få til alt, seier Kristine.

Ho er framleis oppteken av det, men forstår no at slike detaljar kanskje er viktigare for henne enn dei er for den gjengse lyttar.

Bodøværingen er likevel tydeleg på at det å meistre heile prosessen har gitt henne det nødvendige drivet til å utvikle både seg sjølv og Maud.

Nærbilde av Maud. Ho har på seg raske solbriller og ser overlegent i kamera. Ho har på seg kvit skjorte over svart trøye.
100 % SOLO: Kristine synest det er brillefint å arbeide aleine med Maud. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

Ting ville vore annleis om Maud var noko ho gjorde saman med andre, men ville det vore betre?

– Samspel kan jo fungere kjempebra om ein er samd om referansane. Eit band som er samde om å spele indie-pop og høyrer på dei same banda, til dømes.

Ho rettar litt på seg. Kanskje er det ikkje så enkelt.

– Ei litt tilfeldig samansett gruppe kan vel eigentleg også føre til noko kult, så det er ikkje ein fasit. Men det er ein skilnad på å lage musikk i ei bandsetting og å gjere det aleine på ein laptop.

Nærbilde av Maud i kveldssol på scena under Øyafestivalen 2022. Ho har på seg kvit skjorte og ser opp mot publikum medan ho syng i mikrofonen.
MAUD LIVE: Kristine på scena under konserten hennar på Øyafestivalen. Foto: Tom Øverlie, NRK P3.

– Musikkskaping er ein lang prosess, særleg aleine, og eg kan ikkje skulde på nokon andre om det går dårleg. Alt er meg.

Jaktar på den beste låten

Det kostar å vere musikar. Ikkje berre er det dyrt å utstyre seg med dugande instrument, men det krev sine timar med øving, både aleine og med andre. I Kristine sitt tilfelle må ein legge til tid brukt ved musikklinja og på studiestaden i Kristiansand, der ho studerte elektronisk musikk.

Ho vart til og med tilbydd stillinga som stipendiat då ho fullførte studia, men valde heller å satse på Maud. Eit vågalt val med få andre garantiar enn den at ein må arbeide hardt.

Kva er det som gjer det verd det?

­– Musikkbransjen er vanskeleg å navigere, og det er mange om beinet. I svake stunder kan eg lure på om det er noko poeng i å halde fram. Samstundes er eg jo nøgd så lenge eg får drive med musikk og dele han med andre. Eg blir jo sannsynlegvis aldri rik på dette, men eg har fått uttrykke meg.

Maud har tatt på seg raske solbriller og står sidelengs mot kamera med ein spegel på skuldra. Spegelen gjer at vi ser begge sidene av ansiktet hennar.
MÅ SKAPE: Kristine held seg realistisk når ho tenker på musikkarrieren og meiner det viktigaste er at ho får drive med musikk. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

For er ein eit skapande menneske med eit ibuande ekspressivt driv, ligg mykje av det beste ved musikken i nettopp det ekspressive. Får ikkje Kristine skape noko, kjennest det som om ho manglar ein del av identiteten sin.

– Eg vil at musikken skal bety noko for andre, og det betyr mykje når andre finn si eiga meining i han. Men det er det å vere skapande som betyr mest, sjølv om det kan høyrast egoistisk ut.

Særleg éin ting held ho gåande.

Nærbilde av Maud. Ho ser i kamera og held opp ei glasskule. Kula dekker halve ansiktet hennar og forstørrer det ein ser gjennom den.
PÅ LEITING: Ein stad der inne finst den beste låten Kristine kan lage. Ein dag finn ho han. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

– Eg har ikkje skrive min beste låt endå. Det motiverer meg mykje å vite at han er der ein stad inni meg.

Kristine skildrar dei små oppturane som leitinga etter denne beste låten inneber, som det å lage ein ny låt og ha han for seg sjølv ei lita stund.

– Eg kan kanskje spele han for nokon andre, og dei kan seie «njæ, det var ikkje så kult», men eg har i alle fall hatt den augeblinken aleine, der han var ny og eg syntest den var kul.

Vil hjelpe andre artistar

«Urørt» er NRK P3 sin plattform for uetablerte artistar, der dei kan laste opp musikken sin og bli lagt merke til.

Når «Urørt»-redaksjonen kvar månad plukkar ut nokon til å vere «Månadens Urørt», inneber det fleire fordelar, som radiolisting og besøk i «StudioP3». Programleiar i «Urørt», Nina Gjertsen, har vore med på å plukke ut Maud og er ikkje i tvil om kvifor redaksjonen landa på akkurat henne.

– Det elektroniske universet til Maud inspirerer og fascinerer på same tid. Lydeksperimentering, særeigen vokalprosessering, nære og personlege tekstar, i tillegg til låtar som både fengar og til tider er klubbvenlege. For ein pakke, skryt Nina.

Nærbilde av Nina Gjertsen på en gressplen.
IKKJE I TVIL: Programleiar Nina Gjertsen er ikkje i tvil om kvifor Maud er valt ut som «Månadens Urørt». Foto: Helene Mariussen

– Det er deileg å høyre musikk som står ut i mengda og får ein til å drøyme seg bort når ein vil ha ein liten pause frå kvardagen.

Gode ord, men Maud-prosjektet er ikkje det einaste som står i hovudet på Kristine. Arbeidet med Maud har gjort henne meir sjølvsikker på kva ho kan gjere for andre artistar i rolla som låtskrivar eller produsent.

– Det hender jo at eg lagar låtar som er kule, men som ikkje passar heilt til Maud. Det ideelle hadde vore å gi dei til andre artistar, for det er dumt om dei berre forsvinn. Det hadde også vore dumt, eller ikkje dumt, om eg gav ein låt til ein større artist og dei fekk ein stor hit med han. Då går eg glipp av…

– Fame and fortune?­

– Ja, men eg er jo veldig interessert i å arbeide med andre artistar.

Maud ikledd kvit skjorte med svart trøye under. Ho står med ein spegel på skuldra og ser i kamera. I spegelen ser ein ansiktet hennar i profil.
IKKJE BERRE ALEINE: Som Maud vil Kristine arbeide aleine, men kan godt tenke seg å arbeide med andre som Kristine. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

Før Kristine kjem så langt, skal ho konkurrere med alle dei andre «Månadens Urørt» om å bli «Årets Urørt». Det inneber å få spele låten sin på «P3 Gull». Etter nokre år i musikkbransjen har Kristine lært seg å ha låge forventningar, og i denne omgangen stiller ho seg avventande.

– Det må kanskje skje for at eg skal klare å sjå føre meg korleis det vert å vinne og spele der. Eg skal i alle fall ikkje fare opp i nokon lift, sånn som han Chris Holsten gjorde!

LES FLEIRE SAKER FRÅ URØRT:

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: