nrk.no
LAGET: Tre bakarste frå venstre er Mette Laros, Philian Boehringer og Ilse Visser. Front frå venstre: Eivor Kløften Lein, Liv Quist Christensen, Vibeke Mjøsund Thomassen, Tina Hovelsen og Hanne Bryn. Alle foto: Herman Falck How, NRK P3

– Adrenalinrushet er heilt magisk

Når laget til Eivor (24) skal spela kamp, må dei ha på alt frå tannbeskyttarar til handleddbeskyttelse.

Mellom golv og tak i Trondheim Spektrum gjallar lyden av hjul som skrensar mot hardt underlag, friksjon og stamping. Det som tilsynelatande er ein futsal- eller handballhall, rommar også ein gjeng som held på med noko heilt anna.

Ein sport med opphav i USA, lenge knytt til punkkulturen.

Eit lag som i 2010 var dei fyrste i Noreg til å driva med akkurat denne sporten.

Nemleg Nidaros Roller Derby.

– Følelsen av tilhøyrsle er heilt unik. Eg har halde på med breiddeidrett i alle år, men fotball og handball er ikkje i nærleiken, fortel Eivor Kløften Lein (24).

Eivor står sidelengs og kikker inn i kamera, og smiler bredt. Hun har blondt, kort hår. Og briller med gjennomsiktig innfatning. Hun står avbildet i en idrettshall, og har en trenerfløyte rundt halsen.

Intenst og tøft

– Eg begynte med roller derby på vidaregåande, ein periode av livet kor få «peakar» generelt. Men så fann eg dette fellesskapet.

Det skulle bli begynninga på eit langt vennskap mellom Eivor og rulleskøytene. Første halvåret skøyta ho fem dagar i veka.

– Læringskurva er kjempebratt når ein er heilt ny, og det er ein skikkeleg god følelse når du får det til.

Roller derby er ein kontaktsport på rulleskøyter. Men som ny er det ein heil del ferdigheiter du må øva på, før du får lov til å driva med kontakt. Alt frå å køyra sikksakk med kjegler til å øva på skøyteteknikk. Aller helst skal du kunna stå på eitt bein ein heil runde rundt bana.

Då dei vidarekomne hadde si trening, møtte Eivor opp berre for å øva på eiga hand.

Etter eit halvt år med øving, var Eivor blitt 18 år. Då var det inn med tannbeskyttaren og ut i elden. Ho var gammal nok til å spela kamp.

For å få poeng i ein roller derby-kamp, må spelaren kalla «jammar» komma seg forbi alle medlemmane av motstandarlaget.

Dei andre spelarane står samla i klynger og skal forhindra jammaren frå å trenga seg gjennom. Desse spelarane blir passande nok kalla «blockarar», og dei prøver også å legga til rette for at deira eigen jammar slepp fram.

Laget som sankar flest poeng, vinn kampen.

– Kontaktsport er ofte så individuelt, men her kjem me så tett på kvarandre, både fysisk og emosjonelt. Når alle opplever adrenalinrushet saman, er det heilt magisk, fortel Eivor.

Spelarane nemner at ei vanleg misoppfatning er at roller derby minner om wrestling. Men i roller derby har ein ikkje lov til å bruka olbogar, slå, sparka eller halda.

Og tryggleik står i fokus i roller derby. I tillegg til tannbeskyttaren har utøvarane også handleddbeskyttelse, olbogebeskyttelse, knebeskyttelse og hjelm.

Spelarane terpar også jamleg på fallteknikk.

– Det er absolutt ikkje skadefritt, seier Eivor, som sjølv er ute med ein dårleg ankel for tida. Då fungerer ho som hjelpetrenar:

– Me starta opp for to veker sidan med open trening. Sjå kor langt folk er komne sidan det – det er så gøy!

Eivor er avbildet i profil inne i en idrettshall, mens hun blåser i en trenerfløyte. I bakgrunnen ser vi to roller derby spillere.

På bana er du ikkje deg sjølv

Seks nybegynnarar susar rundt på den flate bana innimellom dei meir erfarne den torsdagskvelden P3.no er på besøk.

Flat track er den mest utbreidde typen roller derby i Noreg. Det inneber at bana ikkje er opphøgd, som ein typisk forbind med roller derby, om ein har sett det på film.

Eivor er blant dei yngste spelarane på Nidaros, mens den eldste er litt over 40. Aldersforskjellen har mykje å seia for det gode miljøet dei har, trur ho.

– Det er kanskje ein nisjesport, men folk er så hyggelege, legg Eivor til.

Det gjeld òg i sporten på landsbasis, ifølge spelarane. For det finst fleire roller derby-lag, blant anna i Stavanger, Tromsø, Oslo og Bergen. Noreg stilte med landslag i roller derby for fyrste gong under VM i 2014.

Tidlegare fanst det òg fleire roller derby-lag i Trondheim, men no er Nidaros det einaste. Å rekruttera nye spelarar til ein kontaktsport under to koronaår då kontakt ikkje var lov, har vore vanskeleg.

– Og kontakten er jo noko av det som gjer sporten så gøy å driva med.

At dei er eit lag med fokus på inkludering, har komme rekrutteringa til gode. Ein av spelarane fekk nyss i at laget fanst då dei såg Nidaros Roller Derby i paraden under Trondheim Pride.

Sjølv om roller derby historisk sett er ein sport med berre kvinnelag, understrekar Eivor at deira klubb er open for alle kjønn:

– Me vil ikkje stenga dørene for folk som er interessert. Det er eit så inkluderande miljø, helt uavhengig av kven du er.

Og på bana kan du velja akkurat kven du vil vera! Ein av tradisjonane sporten har tatt med seg frå punkbevegelsen, er at spelarane har eit alter ego.

Namnet på aliaset prydar ofte drakta, og aller helst skal det vera eit ordspel. Når spelarane viser fram namna sine rullar latteren like lett på tunga som rulleskøytene gjer på golvet.

– Det er noko av det eg elskar med roller derby, fortel Eivor.

Alle foto: Herman Falck How

Les også: Ballspel med sopelime

Laget til Lise Birgitte Ullevålseter (21) har vunne bronsemedalje i ein sport henta frå barnebøker.

– Rumpeldunk er jo ein ordentleg sport. Eg spelar det for treninga si skuld og for det gode miljøet.

Ho trekker også fram at det er ekstra kjekt at sporten er kjønnsmiksa, då ho synest at det skaper eit anna miljø enn i andre sportar.

– Eg likar rumpeldunk fordi her er det er ingen som forventar at du skal vera god. Det er ingen som begynner på laget, men allereie har spelt i ti år og er proff, slik det kan vera i handball og fotball.

Lise er avbildet mens hun svever i luften, midt i et hopp. Hun har en stang mellom bena som skal imitere en sopelime, og er iført grønn treningstrøye med svart shorts, fotballsko og pannebånd. Hun smiler med tennene ute, og håret tas av vinden i hoppet. Hun er utendørs, på en kunstgressbane.
Foto: Astri Aspen, NRK P3

Men å vera Harry Potter-fan er ikkje eit krav for å vera med å spela.

– Eg har sett filmane, men eg bryr meg ikkje noko særleg om bøkene, seier Lise. 

Sjå korleis dei faktisk spelar rumpeldunk her!

Ein annan sport som er uvanleg, men ein del røffare enn rumpeldunk, er snørugby!

Marte sin hestehale flagrar i vinden mens ho ser bestemt framfor seg. Ho har rugbyballen i eine handa og ein gut står bak ho, klar til å gripe tak rundt midja hennar for å takle ho ned i snoen. Bak ser me medspelarane som følge nøye med.
Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

– Men han kjem til å drepa meg! roper Marte Klette (18) til trenaren mens ho står med rubgyballen i hendene.

Isak Hommedal har akkurat beordra ho til å prøva å gå rundt han som står mellom ho og mållinja.

Marte ler nervøst, slepper ut eit lite hyl og spring mot motstandaren med ballen i hendene.

Finn ut korleis scoringsforsøket til Marte går her!

Siste fra P3.no: