nrk.no

Sportane der få er proffe: – Ingen som forventar at du skal vera god

Lagsport er meir enn berre fotball og handball – det er også idrettar henta frå barnebøker og brutale taklingar på snøen.

Ei ung jente med ein flagrande hestehale joggar sakte på den snødekte bana, før ho stoppar heilt opp. Ho ser nølande på den svære fyren framfor ho. Han står med hendene ut mot sidene, klar til å stoppa jenta med ballen.

For dersom ho kjem seg forbi han, scorar ho.

– Gå rundt, Marte! roper trenar Isak Hommedal frå sidelinja.

– Men han kjem til å drepa meg! svarar ho.

Marte er i full sprang med det lange brune håret flagrande i hestehalen. Ho har på seg hanskar, marineblå ulltrøye og ein vest. Ho ser konsentrert ut, men frå sida bak ho kjem det ein motspelar inn. Han har så vidt fått hendene rundt midja hennar og er midt i ei takling.
BAKVENDT: I rugby er målet å få ballen over motstandaren si mållinje, men du kan ikkje sentra ballen framover – du må springa med han i hendene og unngå å bli takla. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

Marte ler nervøst, slepper ut eit lite hyl og spring mot motstandaren med ballen i hendene. Ho prøver å smyga seg rundt, men han taklar ho så dei begge fell ned i snøen og ballen hamnar i motstandaren sine hender.

Eit halvhjarta forsøk frå Marte enda i mål til det andre laget.

Harde taklingar, men få skadar

I januar i fjor kjente ikkje Guro Marie Klette (22) og Marte Tveite (18) kvarandre, men begge var i Myrkdalen på Voss for å sjå NM i snørugby.

Ingen av dei hadde spelt rugby før, men etter å ha sett dei røffe kampane utfolda seg i snøen, vart dei begge gira på å prøva.

– Det er litt hardt og brutalt, og det var det eg syntest såg kjekt ut, fortel Guro, mens Marte seier seg einig og legg til:

– Samtidig er det veldig bra samspel. 

Marte og Guro smilar til kamera med kva sin avlange rugbyball i hendene. Begge har satt opp håret sitt i ein hestehale, har ein buff rundt halsen og har ulltrøyer på. Bak dei er bakken dekka med snø.
FERSK OG FRELST: Guro Marie Klette (22) og Marte Tveite (18) er begge nye på rugbybana. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

Nokre månadar seinare var dei begge i gang på kvart sitt lag: Guro i Sogndal og Marte på Voss.

– Det er eit veldig inkluderande miljø, så kven som helst kan begynna uansett om dei ikkje har spelt så mykje, fortel Guro, mens Marte nikkar.

Mange vil nok anta at det blir ein del skadar når det er så harde taklingar, men det kan Marte avkrefta. 18-åringen sleit ein del med skadar då ho spelte fotball, men no når ho har gått over på rugbybana, har ho halde seg heilt skadefri.

Guro, derimot, pådrog seg «ei lita hjerneristing» i vinter, men som ho seier sjølv:

– Det var ikkje noko nemneverdig.

P3.no møter jentene i Myrkdalen på Voss der dei oppdaga sporten berre eitt år tidlegare.

Det er påske, og snøen ligg framleis i tjukke lag nedanfor skianlegget. Bana er målt opp med kjegler, og ein gjeng på ti–tolv stykk har samla seg.

  • Ti personar har stilt seg opp for lagbilde. Utanom Marte og Guro er rest av gjengen på biletet menn. Alle mennene har på seg gule rugbytrøyer, utanom dei to i midten som har svarte trøyer.
  • Guro taklar ein motspelar. Han held på å felle framover saman med ho som har armane rundt midja og beina hans. Det mørkeblonde håret i hestehalen står rett opp til værs.
  • Marte prøvar å takle Guro i det ho er på veg over mållinja med ballen. Ho lykkest ikkje, så Guro scora.
  • Guro slenger kroppen sin inn i ei raud pute som ein annan spelar held opp. Ho har ballen i hendene og krøker kroppen sin rundt han.
  • To menn i gule trøyer taklar ein annan som held opp ei raud pute.
  • Marte held opp ei raud pute, som Guro har akkurat springe inn i. Ho held ein ball og ser bak seg i det ein annan kjem springane for å ta ballen frå ho.

Sidan Sogndalstudenten Guro er heime på Voss i påskeferien, blir ho med gjengen her på trening. Ho og Marte er dei einaste jentene som har dukka opp.

Marte har prøvd å få med fleire jenter på Voss-laget, men ho har enno ikkje lukkast.

– Sjølvsagt har eg lyst til at det skal vera fleire jenter her! Det er litt røft av og til, men det gjer at eg blir tøffare også, fortel ho om korleis det er å spela med så mange menn.

På Guro sitt lag i Sogndal er dei litt fleire jenter, men også der er dei fleste menn.

– Me er 3–5 jenter på trening, og det er også gutar ned i tiårsalderen med. Det er kjekt og inkluderande at alle er med, både gamle og unge, fortel ho.

Etter ein liten pause set treninga i gang igjen, og laga stiller seg opp ute på bana. Ein fot rører ballen, og spelet er i gang.

For kvar takling ute på bana er det store glis, latter, klapping på skuldra og ei utstrekt hand for å hjelpa den falne opp. Trass tøffe tak er det berre god stemning å oppdriva.

Rugby kan spelast ute, året rundt. På vinteren spelar ein på snø, og på sommaren er det kunstgras eller sandbane. Marte har spelt på kunstgras, men synest det er kjekkast med snø.

– Her er det tyngre å springa, i alle fall når snøen blir mjuk, seier ho og peiker på bana bak seg.

Snørugby (og sommarrugby) er ein lågterskel sport. Ein treng helst fotballsko for å få grep på underlaget, tannbeskyttar, ein rugbyball, nokre kjegler for å markera kvar bana er og klede som toler å bli rive i.

– Det blir ein del reising med tanke på at det er så få lag og det er så lang avstand mellom kvar klubb. Men elles er det eigentleg ikkje så veldig dyrt, fortel Marte.

Snørugby er ein relativt ny sport her til lands, for det var fyrst i 2019 at Noregs Rugbyforbund starta med snørugby. Forbundet skriv i e-post til P3.no at no er det mange klubbar som spelar det, og at NM i snørugby har blitt arrangert på Voss dei siste to åra.

I år var totalt 11 lag påmelde, og ifølgje Guro treng du absolutt ikkje vera erfaren for å prøva deg i dette noregsmeisterskapet.

– Når me spelte NM sopa me berre i hop litt folk. Det var ei frå Oslo og det var litt sånn at kven som helst kunne bli med så lenge me fekk nok spelarar. Det er litt sånn, men det fungerer veldig bra eigentleg, seier ho og smiler.

Lise spelar rumpeldunk, men er ikkje Harry Potter-fan

Dei siste åra har fleire og fleire unge droppa organisert idrett for å trena på treningssenter. Denne gjengen me no skal møta er ikkje ein del av den statistikken.

Lise Birgitte Ullevålseter (21) har spelt rumpeldunk i snart tre år.

Ho blei ein del av laget NTNUI Rumpeldunk då ho begynte å studera integrert master i datateknologi i Trondheim.

Lise er avfotografert sidelengst mens hun hopper med beina samlet. Hun har et plastikkrør mellom bena, som skal illustrere en sopelime. Denne holder hun også hendene rundt.
Hun smiler bredt, og kikker rett i kamera. Hun er iført grønn treningsuniform.
GLAD: Rumpeldunk er kjekt, synest Lise. Foto: Astri Aspen, NRK P3

Dagen P3.no er på besøk i Dødens dal, er det så kaldt å stå i ro at fingrane begynner å få same farge som Voldemort sjølv, og det er lite som minner om vår. Men stemninga ute på bana er upåklageleg.

– Eg likar rumpeldunk fordi her er det er ingen som forventar at du skal vera god. Det er ingen som begynner på laget, men allereie har spelt i ti år og er proff, slik det kan vera i handball og fotball, fortel Lise.

  • Baksiden av en rumpeldunkspiller er i fokus. Hun har på seg en gul shorts, og fra linningen henger det en gull sokk med en tennisball inni.
  • Rumpeldunklaget står på fotballbanen i ring og holder rundt hverandre. Det er både gutter og jenter. Treneren holder en motiverende tale før de skal spille treningskamp.
  • Tre spillere er avfotografert midt i en rumpeldunkkamp. De har alle plastrør som de holder mellom bena, som skal illustrere sopelimer. Den bakerste spilleren i bildet kaster ballen, som suser rett mot spilleren i front. De er alle midt i firsprang, og ser fokuserte ut.
  • Rumpeldunkspillernes bein er avbildet mens trening pågår utendørs på en fotballbane. Spillerne er ikledd fotballsko og treningstøy. Spillerne løper, en spiller skal til å kaste.
  • Spiller i orange vest scorer mål gjennom ringen som er rumpeldunkmålet. En motstanderspiller, uten vest, kikker på at dette skjer. Begge har sopelimene sine med seg. Treningen foregår utendørs, i bakgrunnen ser vi løv og stammen av et tre.
  • Tre spillere avbildet i fart under treningskamp, utendørs på en fotballbane. Den ene ballen er på vei gjennom en av målringene.
  • En spiller med fokusert fjes og hevet høyre hånd som holder en ball
og er klar til å skyte. Spilleren vi ser fjeset på er vendt mot en annen spiller som vi kun ser ryggen til. Også sistnevne spiller har en ball i hånden.
  • To målringer og fire spillere med rør som skal forestille sopelimer er fotografert midt i en kamp. To baller er i spill, den ene er i lufta i det bildet tas.

Rumpeldunk er ein av dei sportane på NTNU som ikkje har opptak – her er det berre å møta opp på open trening.

Det er 13 stykk på trening denne dagen. Ikledd treningsklede og fotballsko køyrer dei klassisk oppvarming med springing med høge kne og rotasjon av armar. For det utrente auget kan forsamlinga ute på grasplenen fort bli feiltatt for å vera på fotballtrening.

Men så blir øvingane køyrde i gang, og då begynner eit herleg kaos.

Lise spelar knakkar. Første gong ho prøvde rumpeldunk, gjekk ho i tiandeklasse, og ho spelte også litt på vidaregåande. Men det var ikkje ein Harry Potter-«fandom» som førte ho til sporten:

– Eg har sett filmane, men eg bryr meg ikkje noko særleg om bøkene, seier Lise. 

Å vera Harry Potter-fan er altså ikkje eit krav for å vera med å spela.

– Rumpeldunk er jo ein ordentleg sport, så eg spelar det for treninga si skuld og for det gode miljøet.

Lise trekker fram at det er ekstra kjekt at sporten er kjønnsmiksa, då ho synest at det skaper eit anna miljø enn i andre sportar.

Lagbilde av rumpeldunklaget. Spillerene er stilt opp på to rekker, ser glade ut, holder plastrørene de bruker som sopelimer, baller, eller holder rundt hverandre. De er 13 stykker, og står oppstilt utendørs på en fotballbane. Alle kikker inn i kamera, og smiler.
LAGET: Oppe frå venstre: Lise Ullevålseter, Ragnhild Hellebust, Daniel Haagensen, Johanna England, Julia Garbe, Capucine Calonnec. Nede frå venstre: Fabien Auvergne, Inga Tillmann, Sjur Ask Bjelland, Egon Höfgen, Shubham Garg, Gabriel Norheim. Foto: Astri Aspen, NRK P3

Ein del av spelarane er utvekslingsstudentar, derfor er treningane i nokre periodar på engelsk.

Men etter kvart som dei internasjonale studentane øver på språket, går gjerne treningane over til norsk.

Når me er på besøk, har laget nettopp vore på cup i Sverige og vunne bronsemedalje.

– Rumpeldunk er større i Noreg enn det er i Sverige og Danmark, fortel Lise.

Dette trass i at det utanom NTNUI sitt lag i Trondheim berre finst tre lag i Oslo og eitt i Bergen.

Er det ikkje rumpeldunktilbod der du bur, kan du jo starta ditt eige lag – eller kanskje prøva snørugby?

MEIR SOM DETTE:

Siste fra P3.no: