nrk.no
Alle foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Kristine (23) turnar på hest: – Eg liker å pusha grenser

Det skal godt gjerast å ikkje få litt puls, når du ser nokon stå på hendene på ein galopperande hest.

I ein småkjøleg ridehall på Søndre Nordstrand i Oslo finn me Kristine Åssveen (23), Lily Weldingh (29) og hesten Noddy.

Lily har ein lang pisk i eine handa og eit langt tau i den andre. Enden av tauet er festa i hovudlaget til Noddy, som travar rundt i ring.

Kristine, som står ved sida av Lily, joggar bort til hesten og hoppar opp på ryggen hans i fart.

Kristine har hendene sine festa rundt den spesielle voltigesalen. Ho står opp ned på hendene og ser fokusert ned i ryggen på hesten. Noddy er raudbrun, med kortklypt mane. Ei dame med blondt hår held eit tau som er festa til hovudlaget.

Mens Noddy fortset å trava rundt i ring, legg Kristine seg bak over rumpa (på fagspråket kalla «krysset») på Noddy. Ho heng litt ned på sidene og lenar seg fram over nakken.

I oppvarminga er det viktig at hesten blir van med at ryttaren er litt over alt, forklarar 23-åringen.

Unikt og komplekst

Det Kristine held på med, heiter voltige. Når lørenskogjenta skal forklara kva slags sport dette er, seier ho ganske enkelt: «Det er turn på hest.»

Menneske har drive med voltige i om lag 2000 år. I antikken dreiv nemleg soldatar med turn på hest når dei skulle trena til kamp, men også for underhaldning og leik.

I 2023 er det for det meste dei to sistnemnde tinga som er motivasjonen til å halda på med voltige.

  • Krstine står med eit kne på ei raud matte og den andre foten framfor seg. Ho har hendene bak ryggen mens ho strekker ut lysken. Me er inne i ridehallen, der underlaget består av sand.
  • Kristine smiler til kamera. Ho har den lysebrune håret i ei lang flette som heng ned langs sida. Bak ho er trea grå, og ho har på seg ei svart boblejakke.
  • Hesten Noddy traver bortover mens Kristine sit på han. Fletta til Kristine flagrar i farta og ho ser bestemt framfor seg.

Kristine var sju år gammal då ho fyrst fatta interesse for hest, men det var ikkje før ho vart 15, at ho meldte seg på eit voltigekurs.

Etter det var ho hekta, og det tok ikkje lang tid før ho kasta seg ut i sin fyrste konkurranse.

– Eg liker å pusha grenser og sjå kva eg kan oppnå. Og så er det noko med denne sporten som er så unikt og komplekst, seier ho, pausar og fortset:

– Du får drive med så mykje: Du får hest, turn og styrketrening. Eg trur det er det som fasinerer meg mest.

Kamera er heilt oppe i ansiktet til hesten. Han har rosa mule, og dei kobberbrune øyra er vendt bakover. Kristine sit på ryggen og smiler.

Kristine fortel at personlegdommen på hesten har mykje å seia for korleis dei taklar at nokon turnar på ryggen deira, mens dei spring rundt i ring.

– Hesten skal gjerne ha eit kaldt hovud, slik at han taklar at du flyttar deg rundt på han. I voltige er me plutseleg på innsida, og plutseleg er me på utsida, og dei får litt armar og bein inn i synsvinkelen sånn ut av det blå, seier ho.

23-åringen trur at mange hestar faktisk synest voltige er gøy og enkelt å driva med, fordi hesten har berre ei oppgåva å fokusera på, og det er å galoppere i sirkel.

Meir morosamt enn skummelt

Oppvarminga er over, så no aukar Noddy frå trav til galopp. Kristine spring bort til hesten, og endå ein gong hoppar ho på i fart. Så reiser ho seg og står på hesteryggen.

Utan noko som helst form for beskyttelse.

Voltørar brukar nemleg ikkje hjelm, fordi han forstyrrar balansen og kan hekta seg fast i utstyret på hesten.

Kristine held fast i grima til hesten mens ho ser ned i bakken. Ho har hovudet sitt heilt inntil mulen på hesten, som ser rett fram over hovudet på ho.

Kristine får det til å sjå avslappa ut, men på innsida jobbar alle musklane på spreng.

Elegant, men samtidig veldig modig.

Dette er sporten for deg som likar dyr og adrenalin, men Kristine blir sjeldan redd når ho turnar rundt på hesteryggen.

– Eg synest det kan vera skummelt å testa nye øvingar, men det er mykje meir morosamt enn det er skummelt, fortel Kristine.

Sjølv om det ser litt risikofylt ut, meiner ho at voltige faktisk er ein av hestesportane det er rapportert færrast personskadar i.

– Som regel fell me av frå ståande posisjonar – sjeldan frå sittande – så me landar som regel på beina. Så sånn sett er det ikkje så farleg, meiner ho.

Etter 40 minuttar er treninga over. Kristine har eit par slike rundar på hest i veka.

I tillegg blir det eit par rundar med såkalla «tønnetrening», og oppå det kjem den daglege økta på treningssenteret med anten styrke, springing eller bevegelegheit.

– Eg er ofte sliten – stiv og støl, her og der, innrømmer 23-åringen som studerar til å bli veterinær.

  • Ein svart og kvit «hestekropp» utan hovud og bein står midt i eit rom. Over den flyg Kristine i det ho tar sats og hoppar opp frå hesteryggen, for så å landa trygt ned på den igjen.
  • Kristine sit på tønna, mens ho har eit bein strekt elegant i været.
  • Kristine sit i spagaten på ei blå matte. Ho har på seg treningsklede og smiler lurt til kamera. Bak ho er tønna.

Når ho seier tønne, meiner Kristine ein slags mekanisk hest som bevegar seg slik som dyret. Men i motsetning til ein ekte hest, blir tønna aldri sliten eller nervøs.

Voltigemiljøet i Noreg er lite, men blir stadig større, ifølge Kristine.

Norges Rytterforbund skriv i ein e-post til P3.no at det er vanskeleg å finna nøyaktige tal på kor mange som driv med voltige. Det er fordi nokre utøvarar konkurrerer, mens det også er ei stor gruppe som berre har det som hobby.

Ifølge organisasjonen var det 88 unike voltigørar som deltok på konkurransar i løpet av fjoråret. Kristine var ein av dei.

Satsar på OL i 2032

23-åringen meiner denne sporten passar godt til alle som er glade i hest, er sosiale, vil konkurrera og er flinke til å halda seg roleg.

Som i alle hestesportar, merkar dyret fort om du blir nervøs.

Hesten står fint oppstilt med breisida til, mens Kristine brukar hendene til å løfte opp heile kroppen sin i vassrett stilling. Hovudet er vendt litt ned mot rumpa til Noddy, mens ho har eit bein strekt rett ut til sida og eit anna vinkla i været, opp i lufta over nakken til hesten. Lily står ved sida av og held tauet som er festa til hesten.

Du må også vera glad i å jobba som eit lag, for den som turnar på hesten, samarbeider med både hesten og longøren, som kontrollerer hesten med ei line.

– Longøren bør absolutt vera hestevan, kunna lesa ein hest på avstand og kjenna han godt, slik at dei ser uttrykk og kan føreseia kva hesten tenker og kva han kjem til å gjera i neste steg. Det er best når alle tre kjenner kvarandre veldig godt, forklarar Kristine.

Dersom nokon har lyst til å testa ut voltige, men er redd for at det blir veldig dyrt, meiner 23-åringen at prisen ikkje er så galen dersom ein berre vil ha det som hobby. Fleire personar kan trena på same hest, så du treng ikkje din eigen.

Men dersom du skal konkurrera, går det ofte med litt pengar.

For Kristine er voltige meir enn ein hobby på dette tidspunktet. Ho har fem gull og to sølv i NM, eitt gull internasjonalt og ei rekke andre utmerkingar.

– No ryktast det om at voltige for fyrste gong skal bli ei olympisk grein under Brisbane i 2032, så no er målet mitt å halda på til då. Så får me sjå om kroppen held, seier ho og smiler.

Hesten Noddy har fått av seg salen. Han ligg på ryggen med beina opp i været, mens han gnikkar seg i sanden i ridehallen.

Les også: Harde taklingar i snøen

– Men han kjem til å drepa meg! roper Marte Klette (18) til trenaren mens ho står med rubgyballen i hendene.

Isak Hommedal har akkurat beordra ho til å prøva å gå rundt han som står mellom ho og mållinja.

Marte ler nervøst, slepper ut eit lite hyl og spring mot motstandaren med ballen i hendene.

Finn ut korleis scoringsforsøket til Marte går, og les meir om den uvanlege sporten snørugby her!

Marte sin hestehale flagrar i vinden mens ho ser bestemt framfor seg. Ho har rugbyballen i eine handa og ein gut står bak ho, klar til å gripe tak rundt midja hennar for å takle ho ned i snoen. Bak ser me medspelarane som følge nøye med.
Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

Ein annan sport som er uvanleg, men ikkje like røff, er rumpeldunk!

Laget til Lise Birgitte Ullevålseter (21) har vunne bronsemedalje i ein sport henta frå barnebøker.

– Eg har sett filmane, men eg bryr meg ikkje noko særleg om bøkene, seier ho. 

Rumpeldunk, som er ein lagsport spelt av trollmenn og hekser i Harry Potter-universet, er faktisk ein ordentleg sport i den verkelege verda, også.

Men korleis kan dei spela rumpeldunk, utan faktiske flygande sopelimer? Les saka her!

Foto: Astri Aspen, NRK P3

Hei!

Så kjekt at du las heilt ned hit. Tidlegare har eg fortalt historia om Styrk som vart redda av ekstremsport, om TikTok-influensaren Lovise som vart mamma då ho var 16, og Magnus som har valt ei unik retning i livet.

Har du tips til spanande unge menneske eller tema du meiner eg bør skriva om?

Send meg gjerne eit tips til marit.eide@nrk.no!

LES MEIR:

Siste fra P3.no: