nrk.no

Ekstremsporten vart redninga for Styrk (24)

Livet begynte å gå feil veg for Styrk (24). Så bestemte han seg for å ta opp att sin gamle hobby og legga livet i eigne hender.

ADHD-16-9-1

Livet begynte å gå feil veg for Styrk (24).

Så bestemte han seg for å ta opp att sin gamle hobby

ADHD-16-9-2

og legga livet i eigne hender.

Den ekstreme redninga

Ein fyr i baris står med ansiktet mot ein fjellvegg i Bergen. Han strekker to tatoverte armar ut til sidene, lenar seg inn og klemmer berget.

– Eg veit ikkje kva eg trur på, og for alt eg veit, er dette reint hakka tull, men eg gjer det likevel, forklarar han og ler.

– Eg gir fjellet ein klem og spør om eg får lov til å vera der, og om eg får lov til å klatra. Dersom eg får ein god følelse i kroppen, så gjer eg det.

Mannen med manbun som klemmer ein vegg av stein, er bergensaren Styrk Almeland Bleie (24). Og det er ein god grunn til at han er så påpasseleg før han begynner slike klatreturar.

For han klatrar «free solo», altså utan sikring.

Ingen tau eller sele. Einaste hjelpemiddelet er ein pose med kalk, festa på baksida av shortsen.

– Som ein religion

Styrk er ein sprudlande fyr med eit stort glis, årvakne auge og ein kjeft som går i eitt.

Han er den typen som eitt sekund hevdar at han aldri er så roleg som når han er 13 meter opp i ein fjellvegg utan sikring, og som sekundet etter fortel at han faktisk har høgdeskrekk.

24-åringen meiner at han er ein «sikkerheitsfrik».

Men så spør han heilt oppriktig om kva HMS står for. Helse, miljø og sikkerheit var eit nytt omgrep for denne sikkerheitsfriken.

Ein fyr som er så full av motsetningar, er ikkje alltid like lett å forstå seg på. Men ein ting er han heilt tydeleg på.

Styrk er konsentrert mens han klatrar. Han ser på hendene sine, har håret laust og me ser tatoveringar på armane hans, blant anna ein pengesekk, eit rep og eit timeglas. Under han på bakken står ein fyr og held ei madrass i tilfelle han skal dette ned.
FALLET: To gongar har Styrk falle omkring 14 meter ned frå ein klatrevegg. Då det skjedde for fyrste gong på ungdomsskulen, sa han ingenting til mora.

For Styrk er free solo noko av det einaste som får tankestormen i hovudet til å roa seg.

– Med free solo-klatringa fell eg inn i ei boble og smeltar inn med omgivnadane mine. Eg berre pustar og er.

Styrk driv òg med fleire andre ekstreme aktivitetar. Han buldrar, klatrar med tau, longboardar, skatar, syklar downhill, står på ski og masse anna. Under desse aktivitetane pumpar adrenalinet – og Styrk elskar rushet.

Men det er berre free solo som gir han den meditative følelsen, etterfølgt av eit ekstremt kick.

– Free solo-klatring er min måte å bli roleg på. Det er nesten som ein religion for meg. Det å setta seg ned på ræva etter å ha gjort noko sånt og tenka «oi, eg lever» … Du kjenner livsgleda på ein heilt annan måte, seier han på erkebergensk.

For å skjønna kor viktig indre ro, adrenalin og ekstremsport er for Styrk, må me hoppa litt tilbake i tid.

«Mamma, eg trur eg har ADHD»

Me møter Styrk heime i Bergen. Han leiger ein liten hybel oppe i fjellsida, og nærmaste nabo er mora Linn-Cathrin og familien.

Ho sit ute i hagen og drikk kaffi denne haustmorgonen. Styrk seier han må inn i huset for å gå på do, men kjem ut igjen med fire brødskiver. Så er mor og son klar til å fortelja om barndomstida.

– Adrenalinet trong eg frå ung alder, begynner han.

Styrk var ein blid, spinnvill og sporty unge som trena nesten kvar einaste dag. Men heilt frå barneskulealder merka han at noko var annleis.

Linn-Cathrine held rundt sonen sin. Ho er solbrun og har brunt halvlangt hår med raudlege striper. Ho smiler og ler og har raude negler. Styrk sitt ved sida av med to skiver i eine handa og ei halveten skive i den andre. han bruker eine handa til å tørke seg i munnviken med. Det er sol og fint vær ute.
KLIPPEKORT: Mamma Linn-Cathrin Almeland og Styrk har vore mange timar på legevakta oppgjennom åra.

Styrk greier ikkje å sitta i ro. Han har eit hyperfokus som kan gjera han så oppslukt at han gløymer alt anna. Dersom han beveger seg for lite, melder søvnproblema seg.

– I mitt hovud er det litt som Sahara. Kvart sandkorn representerer ein tanke, og det er konstant sandstorm. Eg slit med å prosessera tankane og inntrykka, så det blir ofte litt overload, forklarar 24-åringen.

Fleire gongar i oppveksten sa han: «Mamma, eg trur eg har ADHD», og ho svara: «Nei, det har du ikkje.»

– Eg dreiv jo med mykje fysisk aktivitet, så det vart gjerne kamuflert. Det var usynleg korleis hjernen min hadde det, meiner Styrk.

Ifølge Helsenoreg er kjenneteikna på ADHD store konsentrasjonsvanskar, hyperaktivitet og impulsivitet. Rundt 3–5 prosent av nordmenn under 18 har tilstanden.

Styrk står på kjøkkenet i den vetle hybelen sin. Han fyller vatn i ein kjele. På kjøkkenbenken er det papp, amsse verktøy og eit longboard. Ovanfor kjøkkenet står ein downhillsykkel med tjukke hjul. Den er dekka i klatretau og det heng ein caps over setet. Ved sida av står eit skateboard, krykker, to gitarar, og ein gammaldags stor radio dekka av alt mogeleg greier.
BOD OG HEIM: Longboard-reparasjon på kjøkkenbenken, krykker frå då han rifta akillesen i sommar og ein terrengsykkel dekt av tau – kvar kvadratmeter av hybelen blir nytta.

Fyrst då Styrk var 18 år gammal besøkte han og mora ein psykiater, som meinte at Styrk mest sannsynleg har ADHD. Men Styrk ville ikkje gå vidare med utgreiinga på dette tidspunktet.

– Han ombestemte seg, for han er så høgtfungerande at han ikkje treng å ha det på journalen sin, forklarar mamma Linn-Cathrin.

På denne tida ville Styrk bli fallskjermjeger, og det kunne bli vanskeleg dersom han fekk diagnosen bekrefta.

– Det var jo meir for å forstå seg sjølv betre. Er dette ADHD eller er det ikkje? forklarar mora mens Styrk nikkar.

For Styrk følte at han greidde å handtera ADHD-en på eiga hand.

Og det gjorde han, heilt fram til 2021.

Styrk på feil veg

For denne våren hadde Styrk blitt 22. Han hadde budd eit halvtanna år i Portugal, der det vart mykje øl og lite trening, og no var han tilbake i Noreg.

Styrk har laga musikk under artistnamnet Don Mio i fleire år, og no vart han ein del av kulturmiljøet. Han flytta inn i eit kollektiv i Bergen og fekk seg vennar uansett kvar han gjekk.

– Det var gjerne fest rundt meg sju dagar i veka. Det var alltid lett å ta seg ein øl i staden for å klatra, skata eller vera fysisk aktiv.

Styrk sitt på ein mur, ser rett inn i kamera og viser fing. Han har skatebordet ståande opp langs muren og sekken hans ligg ved sida av han. Han har på seg ei beige t-skjorte, eit langt smykke, svarte joggesko, ei lys dongeribukse, og mørk caps. Han har skjegg på haka og litt bart.
MISTA GREPET: Det var ein periode på eitt år der Styrk følte at han ikkje hadde grep på sitt eige liv.

Etter ei stund kjente Styrk at livsstilen begynte å tæra på han.

– Eg hadde masse gode vennar rundt meg, men eg var utbrent, utsliten og følte meg eigentleg berre heilt jævlig. Eg var nede i ei kjip dump, rett og slett, og dersom du då i tillegg festar to eller tre gongar i veka … Eg følte at eg var på veg i heilt feil retning i livet mitt, seier han alvorleg.

Ein kompis såg dette og sa: «Du ser ikkje heilt bra ut, Styrk.» Det vekte noko i han.

– Det er sikkert mange ADHD-folk som kan kjenna seg att i det: Du forstår kanskje ikkje at du har eit problem før problemet slår deg i trynet.  

Også mora begynte å bli nervøs for sonen sin no.

– Eg har alltid tenkt at dersom han er utpå og prøver seg litt, så hankar han seg inn att. Men eg var litt bekymra her i fjor, fortel Linn-Cathrin.

Serotonin og stigma

Ei fersk undersøking frå Velferdsforskingsinstituttet Nova viser at vaksne med ADHD er meir plaga av angst, depresjon og einsemd enn resten av befolkninga. Dette kan det vera fleire årsaker til.

Ole Petter Hjelle, som er lege og hjerneforskar ved Høgskolen i Innlandet, peikar på særleg to grunnar.

– Me trur at ADHD fører til ein kjemisk ubalanse i hjernen, blant anna fordi det er litt for lite av signalstoffa dopamin og serotonin. Spesielt seriotonin er viktig for å auka humøret vårt.

Styrk skater på ein rampe. Han står på eit gult brett dekorert med to tegna hovud som røyker på undersida. Han har på seg ei lys dongeribuksa, fargerik fleecejakke og blå caps. Han står og balanserer på brettet med armane i været. Det er heilt mørkt rundt han.
NEKTA Å GI SEG: Under Ekstremsportveko på Voss i sommar skata Styrk i ein konkurranse med rift i eine akillesen.

Grunn nummer to til at mange med ADHD slit meir psykisk, kan ifølgje Hjelle komma av stigmaet rundt tilstanden.

– Me snakkar framleis om ADHD med negative forteikn, og den stigmatiseringa er ikkje bra for den mentale helsa. Eg pleier å seia at eg ser ikkje på ADHD som ein sjukdom, men som eit sett med eigenskapar som kanskje ikkje blir tilstrekkeleg sette pris på i dagens stillesittande samfunn.

Legen trekker blant anna fram at det er ei stigmatiserande myte at folk med ADHD ikkje greier å konsentrera seg.

– Mange med ADHD kan sitta i timevis og vera hyperfokusert på det dei synest er gøy. Det dei slit med, er å fokusera på kommando på ting som dei ikkje synest er så gøy, for eksempel lekser, fortel han.

Starten på redninga

Tilbake til Styrk, som begynte å skjønna at måten han levde på, ikkje funka for han. Men, alle som har gått igjennom tunge periodar i livet, veit at det ikkje er like lett faktisk å ta dei grepa som ein inst inne veit at ein burde ta.

Så såg han dokumentaren «K2: The impossible descent». Den minte Styrk på hans livslange draum om å klatra det nest høgaste fjellet i verda.

– Då tenkte eg: «Fuck it, eg har lyst til å klatra K2.»

Nærbilete av hendene til Styrk. Dei er skitne og fulle av kalk. Fingrane hans er raude etter å ha klatra heile dagen.
OPPSLUKT: Styrk fekk hyperfokus på klatring då han tok det opp att. Dette meiner han at han har som følge av ADHD-en.

Styrk hadde klatra av og på sidan ungdomsskulen, og no tok han det opp att etter fleire års pause.

– Då fann eg ut at jo meir eg klatra og jo meir fysisk aktiv eg var, jo mindre brydde eg meg om problemstillingane i hovudet mitt. Eg begynte å kjenna på adrenalinet i kroppen på ein måte som eg ikkje hadde kjent på mange år.

Men det skjedde ikkje på éin dag at Styrk greidde å endra livsstilen sin. I eit halvår var det ein overlappingsperiode med mykje festing, men også mykje aktivitet.

– Eg vart liksom dratt litt fram og tilbake mellom festing, vera sosial og klatring, trening, natur og friluftsliv.

Det skulle altså endå eit vendepunkt til for å få Styrk heilt tilbake på rett kjøl.

Det siste som mangla

Etter kvart sa han opp rommet i kollektivet og flytta inn i den vesle hybelen nokre meter unna familien sitt hus. I tillegg til jobben som kokk vart han deltidsinstruktør og trenar for Bergen klatreklubb.

– Det var jo veldig givande, men eg følte framleis ikkje at eg var på den staden eg ville vera. Eg følte meg meir som meg sjølv, men det var eit eller anna som mangla. Og då kom faktisk Bula inn i bildet!

Nærbilde av Styrk. Han har det brune håret nedslått, og dratt bak øyrene. Han har blå auger og litt brunt skjegg.
TAKKNEMLEG: Styrk fekk mykje kjærleik og støtte frå familien sin då han sleit.

På denne tida søkte fritidsklesmerket Bula etter ambassadørar, og sjølv om Styrk berre hadde klatra aktivt i underkant av eitt år og hadde mest festbilde på Instagram-profilen sin, sende han ein søknad.

– Eg tenkte jo: «Fuck, dette her er berre å drite i», seier han og ler.

Men mot alle odds såg Bula-folka noko i Styrk og tilbyr han ambassadørjobben. No ville 24-åringen få klede og utstyr i byte mot at han legg ut sponsa innhald på Instagram og TikTok.

– Det fekk eg ein så knusegod boost av! Det var det som mangla, for no hadde eg ein grunn til å laga filmar, klatra og halda på med ekstremsporten som eg har lyst til å gjera.

Dette vart det avgjerande augeblikket i reisa til Styrk:

Det at nokon som Bula hadde trua på han, gjorde at han for alvor fekk motivasjon til å endra livet sitt.

Det er sol og grønt rundt buldreveggen. Styrk peker på fjellveggen og ser ut ei buldreruta. Torjus står ved sida av og ser opp langs veggen.
MOTIVERER MED DRITSNAKK: Styrk er klatretrenar for (og venn av) Torjus Sæbbe (15) som går på toppidrettslinja på Metis vidaregåande i Bergen. «Guttastemning» og provokasjon er den føretrekte motivasjonsforma til dei begge.

Fyrste januar 2022, seks månadar etter at han fyrst begynte å klatra att, legg Styrk bak seg det livet han har levd dei siste åra.

I fleire månadar kutta han heilt ut alkohol, og då våren kom, la han ut på sin fyrste klatretur utan sikring.

– Eg byter ut ein type rus med ein annan rus. Det kicket som kjem i ettertid av free solo-klatringa, det er det ingenting som kan samanliknast med. Det er akkurat som om ADHD-en min forsvinn i to–tre dagar.  

Draumen om å klatra K2 utan sikring har gått frå å vera ein gløymd tanke til å bli eit mål. Han har planar om å nå toppen av fjellet om 5–6 år.

Skal meir til for å få det same kicket

Sjølv om Styrk som 18-åring ikkje ønska å gå vidare i ADHD-utgreiinga, tok han opp att ballen i fjor. No har han diagnosen på papiret.

Det at Styrk hamna i ekstremsportmiljøet er kanskje ikkje tilfeldig, for aktivitetar som gir ein ekstremsportfølelse vil ofte appellera til ADHD-folk.

Ifølgje lege og hjerneforskar Hjelle skjer det fordi hjerneområda som styrer impulskontroll, konsentrasjon og merksemd er litt annleis hjå dei med ADHD enn hjå andre.

Styrk står i bar overkropp inne i ein buldrehall. Det er mørkt rundt han, men i taket ser me buldregrep i mange fargar. Styrk klappar saman hendene slik at kalken flyg opp i lufta og dekker ansiktet hans. Han har tatovering av ein hund under brystet og ved sida av navlen er det siluetten av ei dame som røyker.
FUCK IT: Styrk trur at det konstante tankekøyret har resultert i at han har blitt flinkare på å gi litt meir faen.

– Og så er det ein del ting som tyder på at belønningssenteret hjå dei som har ADHD, er mindre følsamt for dopamin, forklarar han.

Dopamin er eit signalstoff som får oss til å føle behag og tilfredsheit.

Det betyr at mens ein person utan ADHD kan sykla utfor ein bakke for å få masse digge følelsar i kroppen, så må ein med ADHD kanskje hoppa i fallskjerm for å få den same kjensla.

Det er sannsynlegvis ein av grunnane til at så mange med tilstanden hamnar i ekstremsportmiljøet.

– Me trur også det kan vera forklaringa på kvifor det er fleire med ADHD som slit med rusmisbruk, fordi rus gir også ei stor utskiljing av dopamin, forklarar legen.

Styrk og kompisen Torjus går langs ein bilveg med masse grøne trær. Styrk har på seg bukse og ein oransje sekk på ryggen, men Torjus har på seg ei samanleggbar buldre-madrass, så me ser berre beina hans.
SIKKERHEITA FYRST: «Kræsjpaden», altså ei samanleggbar madrass, er alltid med når gutane skal ut og buldra. Etter kvart har Styrk også planar om å begynna med fallskjermhopping, elvekajakking og etter kvart basehopping.

Det at Styrk ikkje hadde det bra inni seg då han trente lite, overraskar ikkje hjerneforskar og lege Hjelle. Han fortel at noko av det mest effektive me kan gjera for å beskytta vår eiga mentale helse, er nemleg å vera i aktivitet. Men det er ekstra viktig for dei med ADHD.

Fleire studium viser at når folk med ADHD får bevegd seg, er dei ikkje så urolege og rastlause, og dei får betre konsentrasjon.

– Trening bremsar ADHD-symptoma betydeleg, vel så mykje som dei fleste legemiddel, meiner Hjelle.

Ny forsking frå OsloMet tyder på at hyperaktiviteten ikkje er ein del av tilstanden, men faktisk er ei form for eigenbehandling.

– Dei som har ADHD vil spontant vera meir aktive, fordi det vil gjera at dei har det betre i kvardagen. Det understrekar at aktivitet er ei veldig effektiv behandling for symptoma, forklarar legen.   

– Fuck stigma

Alt som har skjedd dei siste åra, har gjort at Styrk har ei betre forståing for korleis mental helse, fysisk aktivitet og ADHD heng saman.

– Dersom du har ADHD, er du allereie utsett for å bli deprimert som faen. Altså, eg kjenner folk med ADHD som blir så deprimert at dei ikkje lever lenger, seier han alvorleg mens han ser ut i lufta.

Så retter han fokuset framover, smiler og fortset:

– Men eg veit at eg aldri kjem til å enda opp der, for det handlar om det same som ekstremsport: om å ikkje vera redd for å døy, men å ha lyst til å leva, meiner han.

Me ser ryggen til Styrk mens han akkurat har begynt på buldreruta. Han har håret laust nedover ryggen. Bak han på bakken står ein fyr og held ei madrass i tilfelle han skal dette ned.
TAR IMOT: Styrk har kjent på stereotypien om at menn ikkje skal vera opne om følelsane sine: – Det er jo berre bullshit. Har du problem, så skal du snakka med nokon!

Hans form for ADHD-medisin er trening og å ha eit nokolunde bra kosthald. Det funkar for han, men han er tydeleg på at han berre kan snakka for seg sjølv og sine opplevingar.

Styrk er stolt av den han er og trur han hadde vore ein heilt annan person utan ADHD-en.

– Det er sikkert mange som føler stigma rundt ADHD, men fuck stigma! Eg er ikkje ein kis som likar meg innanfor samfunnets boksar, eg likar meg langt utanfor dei, seier han på erkebergensk mens han ler og lenar seg tilbake i stolen.

MEIR SOM DETTE:

Siste fra P3.no: