nrk.no
Lovise smiler forsiktig mens ho ser inn i kamera. Vinden har tatt tak i håret hennar, så ho prøver å dra det bak øyra. Ho har langt blondt hår, fregner og gulløyredobbar i øyra. Ho er solbrun og har ei grå t-skjorta på seg.
Alle foto: Marit Eide, NRK P3

Lovise vart mamma som 17-åring. No har ho over ein halv million følgarar på TikTok

På sosiale medium ser livet til Lovise Lohne ganske så perfekt ut, men 20-åringen har vore igjennom meir enn dei fleste på sin alder.

– Livet mitt kan beskrivast med at det ikkje gjekk som planlagt, både med det eine og det andre, fortel Lovise og ler.

Den rolege, men sprudlande vestlendingen strekker seg etter ein melonbit frå fruktfatet som sambuaren akkurat har sett på hagebordet.

Det er ein varm sommardag i tettstaden Osterøy på Vestlandet. Her, på gardstunet omringa av tre hus og ein låve, skal Lovise fortelja om det som har skjedd dei siste åra.

Og med historia kjem nokre tårer.

«For oss som hatar Lovise»

Lovise har nesten 600.000 følgarar på TikTok og lever av å vera influensar. I kommentarfeltet er det lett å sjå at ho har ein trufast følgarskare som heiar på den unge mora, men slik har det ikkje alltid vore.

På ungdomsskulen sleit ho med å få seg vennar og å passa inn.

– Eg hadde ei eller to venninner som eg var tett på, men med ein gong dei ikkje var på skulen, hadde eg ingen å vera med. Dei andre i klassen var i gjengar og var ikkje så interesserte i å inkludera, fortel ho.

Lovise ser ut vindauga med ei alvorleg mine. Lyset treff ho slik at halve ansiktet blir dekka av skuggar. Ho har blå auger og blanke lippgloss-lepper. Det blondet håret fell ned langs skuldrene.

Lovise var ikkje berre einsam, ifølge ho vart det også laga grupper på Snapchat som blant anna vart kalla «for oss som hatar Lovise».

– Det var heftig. Og det er vel det som gjer at eg slit med angst, då.

Då ho skulle begynna på vidaregåande, ville ho komma seg litt vekk, så ho søkte på ein skule i Knarvik, som er ein tettstad like ved Osterøy. Men linja var ikkje for ho, så etter eitt halvår bytte ho til helsefag.

Klassebytet og erfaringane frå ungdomsskulen gjorde det vanskeleg for Lovise å få seg vennar. Den sosiale angsten hadde vakse seg større.

– Det sat litt igjen at eg passa ikkje inn nokon plass. Eg tenkte at dei likte meg sikkert ikkje, og at folk berre var med meg for å vera grei. Ein går og snakkar seg sjølv ned heile tida og tenker at alle andre snakkar deg ned også.

Lovise og Bjørnar går langs ein grusveg som snirklar seg oppover fjellsida. Fjella er dekte av skog, og bakkane har høgt, grønt gras. Lovise fiklar med hendene mens ho smiler til kamera.

Heldigvis hadde ho den eitt år eldre kjærasten Bjørnar som ho hadde vore ilag med sidan niande klasse. Med hans kompisar passa ho inn.

Men det var no, om lag ein månad før Lovise fylte 17 år, at livet skulle endra seg for alltid.

I «benektelsesmodus»

I februar 2020 hadde Lovise, som framleis gjekk i fyrste klasse på vidaregåande, vore svært kvalm i fleire veker.

Bjørnar kjøpte ein graviditetstest, men Lovise hamna i det ho kallar «benektelsesmodus». Ho orka ikkje å ta testen, for ho var sikker på kva resultatet ville bli, sjølv om ho gjekk på p-piller.

– Til slutt sa Bjørnar at me var nøydde til å ta den testen, så me gjorde det saman.

Lovise og Bjørnar ser på kvarandre og smiler. Dei sit i bilen, Bjørnar køyrer med ei hand på rattet. Me ser dei frå baksetet og framfor dei er ein liten veg med skog på begge sider.

Testen var positiv.

«Shit, dette skjer faktisk, kva gjer me no?»

– Begge fekk ganske panikk over kva me skulle gjera, men han var veldig flink til å roa meg ned og seia at uansett om me valte å bli foreldre eller ta abort, skulle me stå i det ilag, seier 20-åringen med skjelvande stemme.

Fint, skummelt og surrealistisk

Noko av det vanskelegaste for Lovise, var å skulle seia til familien at ho var gravid.

Tre år seinare, på denne varme sommardagen på gardstunet, feller Lovise nye tårer mens ho fortel om då mora endeleg fann ut av hemmelegheita.

Det er både eit fint minne å tenka tilbake på, samtidig som det var både skummelt og surrealistisk.

Lovise ser alvorleg ut til sida. Bak ho er det eit ein grøn ås og vinden rufsar til håret hennar. Ho har på seg ei grå t-skjorte og har ein beige gensar knytt rundt skuldrene.

– Mamma tok det veldig, veldig bra. Sidan eg var i ein sånn situasjon, tenkte eg at det verste kom til å skje og at ho ville bli dritsur, men inst inne visste eg at ho kom til å vera støttande.

No kunne ho ikkje vera i nekting lenger, så berre nokre dagar seinare sat ho på fastlegekontoret med ein ny sjokkbeskjed å ta innover seg.

«Du skal bli bestefar»

Ho vart fortalt at ho var tre månadar på veg og akkurat hadde passert 12-vekersgrensa for å ta abort. Sidan ho var så ung, sa legen at Lovise kunne søka om unntak, men 16-åringen rista på hovudet.

Lovise hadde ikkje greidd å seia det høgt endå, men heilt sidan ho såg den positive testen, visste ho eigentleg at ho ville behalda babyen.

Bjørnar, som hadde jobba som tømrarlærling sidan han var ferdig på ungdomsskulen, var einig i avgjerda.

– Det hadde kanskje noko med at eg følte meg såpass einsam å gjera, seier Lovise og legg til at ho alltid hadde sett for seg å bli ung mor, men ikkje ung.

Den vesle familien går på ein asfaltert gangveg med fargerike barneteikningar, mot ein raud bil. Lovise leier Oliver i handa mens dei går.

Men sjølv om det unge paret var sikker på valet, var Lovise framleis ganske ute av seg. For kva ville folk tenka om ho?

– Mamma roa meg med å seia at det at me skal få eit nytt familiemedlem, er langt ifrå det verste som kunne ha skjedd, fortel Lovise og feller endå nokre tårer.

Då stod neste utfordring for tur: å fortelja nyheita til faren som var på jobb i Nordsjøen.

Lovise våga ikkje å ringa. I staden sende ho ei melding:

– Eg kunne ikkje ha bedt om ein betre reaksjon frå han heller. Han brydde seg berre om at det gjekk bra med meg, seier Lovise mens ho ler og snufsar om kvarandre.

Stoltheit og skam

Det var då ho var gravid at Lovise begynte å posta meir på Instagram. 20-åringen har alltid elska å ta bilde, filma og redigera, men det var fyrst no at ho begynte å legga ut det som ho laga.

– Det kom masse fine kommentarar der folk heia på meg, men det var ikkje det same i verkelegheita. Eg kunne legga ut gravidbilde og visa det stolt fram på Instagram, mens i verkelegheita skjulte eg det nesten. 

For sjølv om Lovise hadde lyst til å nyta graviditeten, greidde ho ikkje det. Ute blant folk gjekk ho stort sett med svære t-skjorter og hettegenserar for å skjula magen mest mogeleg.

– Eg følte at eg kan ikkje gå her og vera stolt over at eg var gravid sidan eg var 17 – at eg hadde ikkje rett på det, og at eg burde skamma meg, liksom.

Lovise, Oliver og Bjørnar sit på nokre solsenger. Alle smiler stort av noko Oliver har sagt.

Til Lovise si store lette stengde landet ned på same tid som ho fann ut at ho var gravid, så ho slapp å vera for mykje ute blant folk mens magen vaks. Ho fullførte fyrste året på vidaregåande heimanfrå, og i august 2020 vart Oliver Noel fødd.

– Det var noko av det finaste i heile verda. Eg elskar å vera mamma, det er ein kjærleik som ikkje går an å beskriva, seier Lovise og ler varmt.

Ein høgt terskel å kryssa

Like etter fødselen bestemte Lovise seg for å ta eitt år fri frå skulen for å vera heime med Oliver. Den vesle familien budde saman med mora, stefaren og veslesystrene til Lovise og var mykje hjå Bjørnar sine foreldre.

Det var no ho begynte å vlogga livet sitt på Snapchat, men i starten var det ein høg terskel å kryssa, særleg fordi ho kjem frå ein liten stad og framleis sleit med sosial angst.

– Det kravde mykje av meg å skulla gjera det, men eg trong noko å gjera då eg gjekk heime med Oliver eitt heilt år. Då eg fekk såpass mykje god respons, bygde det opp motet mitt til å legga ut meir om psyken min og ein endå meir ufiltrert kvardag.

Oliver sit på ein grøn leiketraktor med hengar. Lovise drar traktoren i ein blå tråd mens ho ser bak på sonen. Dei er på eit gardstun med eit kvitt hus og ein grøn låve.

Følgarane skreiv til Lovise at ho gjorde ein flott jobb som mamma. Det trong ho å høyra, for heilt sidan Oliver vart fødd, hadde Lovise sett ein uoppnåeleg standard for seg sjølv.

Ho var redd for at folk ville skulda på alderen hennar dersom ho gjorde noko feil.

– Eg følte at eg måtte bevisa, dobbelt så mykje som andre foreldre, at eg gjorde alt heilt plettfritt. Det gjorde jo at eg banka meg sjølv meir opp enn det som var nødvendig.

Strauk i alle fag

Då Oliver var eitt år gammal, hadde samfunnet opna opp att. Paret starta å pussa opp kjellarleilegheita i huset til Bjørnar sine foreldre.

Oliver begynte i barnehage, og Lovise starta i andre klasse på vidaregåande, men i løpet av friåret hadde den sosiale angsten vakse seg større.

– Eg isolerte meg sjølv meir og meir. Eg slutta å bli med ned i kantina, sat att i klasserommet og kunne bli heime og «vera sjuk» utan å vera sjuk. Slutta å snakka og, ja … seier ho med skjelven stemme.

Lovise lukkar metallgrinda til barnehagen. Oliver hjelper til med ei hand på grinda og ei hand i munnen.

Med berre to månadar att av skuleåret slutta Lovise å gå på skulen. Ho svara ikkje på meldingane frå lærarane eller klassekameratane og strauk i alle fag.

– Det saug jo, sjølvsagt, sidan eg hadde kjempa meg gjennom nesten heile året. Då trykte eg meg sjølv enda meir ned, for at eg ikkje fekk det til. Då innsåg eg at det var på tide å ta tak i det, seier ho og brest ut i gråt.

Alle har litt sosial angst

Når ein slit med sosial angst, er det vanleg å vera for sjølvkritisk, slik som Lovise var. Det fortel psykolog Marius Flatås.

– Ein er veldig hard mot seg sjølv og aksepterer ikkje seg sjølv. Det ein tenker om seg sjølv, trur ein at andre også tenker, så då verkar det som om andre også er kritiske, forklarar han.

Slike tankar kan føra til at ein blir redd for at andre skal sjå at du er engsteleg eller nervøs, noko som igjen gjer det endå vanskelegare å vera sosial.

Men for å få bukt med angsten, må du stira frykta i kvitauga.

– Behandlinga for sosial angst er at ein på ein vennleg måte prøver å jobba med seg sjølv og akseptera seg sjølv i sosiale situasjonar. Det er eksponeringsterapi, altså systematisk trening på å setja seg sjølv i dei angstvekkande situasjonane.

Psykolog Marius Flatås. Foto: Sunniva Storebø

Flatås fortel at genetikk og negative erfaringar som mobbing eller utestenging er årsakene til at nokon utviklar eit problem.

– Alle har litt sosial angst, ein treng ikkje vera så bekymra for det. Ein helsesjukepleiar eller ein fastlege kan hjelpa deg med å forstå kor stort problemet er, og dersom du ikkje fungerer på skulen eller det påverkar livskvaliteten din, er det gjerne eit større problem. Då går det frå at du er sjenert til at du har rett på hjelp i helsevesenet.  

RÅD MOT SOSIAL ANGST

SKIFT FOKUS:

«Aksept innover, fokus utover» er psykologane sitt mantra når det kjem til behandling av sosial angst. Ein er veldig opptatt av korleis ein sjølv står fram og alt ein sjølv gjer, men om ein berre har fokus på seg sjølv, legg ein ikkje merke til at folk ikkje er så kritiske som ein trur.

Prøv å snu det: Fokuser utover på kva du har lyst til å snakke om, ikkje kva dei andre vil. Då får du kanskje sett at verda er litt annleis enn du tenker?

FINN SIKRINGSSTRATEGIANE DINE:

Sikringsstrategiar brukar ein for å unngå at andre skal legga merke til deg. Til dømes kan det vera å unngå augekontakt, ikkje be om ordet eller gøyma seg. Når du er klar over desse, er det enklare å jobba med å gjera det motsette. Prøv å ta ordet og sjå folk i auga.

EKSPONERING:

Prøv å finna ut kva situasjonar du vanlegvis unngår og som gir deg angst. Prøv å setja deg sjølv i dei situasjonane, samtidig som du jobbar med å fokusera utover og å akseptera den fysiske angsten fullt ut. Når ein gradvis og systematisk trener på å setja seg sjølv i dei angstvekkande situasjonane, blir ein betre på å takla dei.

SJØLVHJELPSKURS:

NHI.no sitt sjølvhjelpskurs kan vera ein bra start for å ta tak i angsten. Det er gratis og laga av ein psykolog. Gjennom fastlegen din kan du også få tilvising til behandlingssenter som tilbyr e-meistring og psykologsamtalar.

KJELDE: PSYKOLOG MARIUS FLATÅS

Tryggleik i følgarane

Sidan Lovise har hatt vanskeleg for å etablera vennskap, har sosiale media vore ein stad der ho har kunna skapa sin eigen gjeng av følgarar som støttar ho.

– Dei folka på sosiale media, Bjørnar og familien min er den einaste grunnen til at eg har komme meg dit eg er i dag. Dei har vore heiagjengen min gjennom alt heilt sidan Oliver vart fødd.

Nokre månadar etter at Lovise oppsøkte hjelp for angsten sin, delte ho det med følgarane sine.

Dei gongane ho slutta å gå i behandling fordi ho trudde ho var «frisk nok», men innsåg at det ikkje stemte, var det følgarane som gav ho dytten ho trong til å halda fram med behandlinga.

Lovise står framfor huset dei bur i. Ho ser alvorleg inn i kamera med hendene samla. I tunet er det ei trampoline, steinheller, ein hengar og anna smårot.

Lovise har meir kontroll på angsten no enn ho har hatt på lenge. Sjølv om ho innimellom får angstanfall eller kjem ein time for seint til avtalar, greier ho å gjennomføra.

Og det er ein stor siger.

– Angsten er der framleis, men eg isolerer meg ikkje lenger. Uansett kor lite lyst eg har til å gå på ein fest eller gå på butikken, klarer eg å pressa meg sjølv til å gjera det. Og jo meir eg har gjort det, jo meir har angsten forsvunne litt etter litt.

Men det er ikkje berre Lovise som har funne tryggleik i følgarane sine. Ho trur også at det er mange som finn tryggleik i ho.

Draumen og kritikken

For eit halvt år sidan eksploderte TikTok-kontoen til Lovise, så no kan ho leva av å vera influensar.

– Det var ein draum som gjekk i oppfylling, men det var aldri målet, for det torde eg ikkje drøyma om. 

Nærbilde av hendene til Lovise som hjelper Oliver på med skoen. Ho har lange tynne fingrar med blå og lilla neglelakk. Ho har ein stor sølvring på ringefingeren.

Lovise har fått spørsmål om korleis ho greier dela så opent og ærleg i sosiale medium når ho slit med sosial angst. 20-åringen forklarar at for ho er det møte med folk i den verkelege verda som er vanskeleg å takla.

– Når eg ikkje har greidd å vera meg sjølv i verkelegheita, så klarar eg det på telefonen. Det har vore ein tryggleik.

Men det å dela innhald der barn er involvert, er ikkje alltid enkelt. Nokon har kommentert at ho eksponerer Oliver for å få views.

Dette er ho ueinig i, men Lovise innrømmer at det er ei ny problemstilling rundt kor mykje sonen skal vera med på videoane, no når ho har fått så stor følgarskare.

Lovise står ved opninga på trampolina. Ho kikkar inn på Oliver som springer rundt på trampolina.

– Dersom eg filmar ein dag i mitt liv, filmar eg berre dei fine, koselege augeblikka som eg trur han vil setta pris på å sjå seinare – aldri i sårbare situasjonar eller dei tjue gongane i løpet av dagen der han hyler.

Dersom ho merkar på kroppsspråket til treåringen at han ikkje vil vera med, filmar ho han ikkje.

Retten til å romantisera

Mykje av det Lovise legg ut, er videoar frå kvardagen hennar der livet ser ganske så perfekt ut. Bollebaking, bading, shopping og familieturar.

Også det kan føra til kritikk.

– Det er ofte folk, i alle fall på dei videoane der det blir mange tusen eller millionar views på, som seier at det er ekkelt av meg å romantisere det å vera så ung mamma.

Lovise held Oliver i armane mens ho ser på Bjørnar. Bjørnar ser i hennar retning og smiler stort, mens Oliver ser vekk. Bak dei er det ein frodig, grøn buks.

Lovise trur at dei som kommenterer slikt, som regel ikkje kjenner til historia hennar.

20-åringen er einig i at mykje av det ho legg ut, er romantisering av kvardagen hennar, for kvifor skal andre mødrer få lov til å legge ut slike koselege videoar, men ikkje ho?

– Eg liker å visa folk at det er viktig å setja pris på dei små tinga og romantisera kvardagen sin for å komma seg gjennom livet. Samtidig vil eg få fram at sjølv om ting ikkje gjekk som planlagt, kan det likevel gå bra, så lenge ein har fokuset på rett plass, seier ho.

Dei fleste blir overraska når dei høyrer at Lovise framleis er saman med barnefaren. Paret bur i kjellarleilegheita til Bjørnar sine foreldre, ute på landet med store jorde, rautande kyr og tette skogar.

Lovise leier Oliver i handa mens dei går på eit lita bru over ei grøft. Bak dei er ein grøn ås, og Oliver peker ned på bakken mens Lovise følger med.

Sambuaren jobbar i Nordsjøen, og til hausten skal Lovise ta opp fag, for målet er å fullføra vidaregåande og etter kvart studera. Men enn så lenge fokuserer ho på influenserkarrieren og den psykiske helsa si.

Lovise meiner at ho er tydeleg med følgarane sine på at ho ikkje vil anbefala det å bli mor så ung som ho var. Samtidig meiner ho at sonen redda ho frå det einsame livet ho hadde.

Det at ho ikkje har kunna leva eit vanleg ungdomsliv med fest og rølp, er ikkje noko ho saknar nemneverdig. Berre innimellom.

– Det å få vera mamma og skapa minne med Bjørnar og Oliver har vore finare enn det å leva eit vanleg ungdomsliv, meiner ho.

Hei!

Så kjekt at du las heilt ned hit. Tidlegare har eg fortalt historia om Styrk som vart redda av ekstremsport, om TikTok-influensaren Lovise som vart mamma då ho var 16, og Magnus som har valt ei unik retning i livet.

Har du tips til spanande unge menneske eller tema du meiner eg bør skriva om?

Send meg gjerne eit tips til marit.eide@nrk.no!

LES MEIR:

Siste fra P3.no: