nrk.no

Eit velplassert spark kan avslutta karrieren til Magnus (26)

Med ein familie full av professorar, overlegar og folk med doktorgrader, føler Magnus Juel Berland seg iblant som det svarte fåret.

Ei svær hand stryk nedover beinet på hesten, før ho drar opp hoven. Magnus plasserer hoven på eine kneet sitt for å halda han oppe.

Den andre handa drar fram ei slags knipetong og begynner å klippa av bitar, nesten som ein veldig hard fingernagl.

– Eg skor hest fordi eg synest det er kjekt å stå under han. Og så er det deilig å sjå eit produkt bli til mens ein jobbar.

Magnus står ved bakhoven til ein brun hest. Han står kroka framover, fordi han er på veg til å klippa av ei bit av hoven til hesten. Han har eit godt grep på knipetonga som er plassert på hoven. Han ser konsentrert ned på det han held på med, og har på seg arbeidsklede og ei buksa som har eigne lommer til verktøyet på leggen.

Hesten står heilt i ro. Han kjenner ingenting. For ein hovslagar skal berre behandla det daude vevet, forklarar Magnus. Med mindre ein gjer noko feil, då, legg han til.

26-åringen har ikkje særleg lange fingrar, men hendene ser ut som om dei tilhøyrer ein fyr dobbelt så stor som han sjølv. Sist han var innom Hestra sin hanskebutikk i Oslo, passa ingen av hanskane.

Dette er nevane til ein fyr som løftar, hamrar, sveisar og handterer svære dyr – ikkje ein som sit framfor ein PC-skjerm heile arbeidsdagen.

Magnus held håndflatene sine fram så me får sett dei. Han har sprukken og ru hud. Linjene er tydeleg og han har muskuløse, korte fingrar. Ut av ermet på jakka ser me ein tatovering av ein hov, og på andre handa har han ei gul, skitten klokke.

Ein kontorjobb hadde nok vore Magnus sitt verste mareritt. Men det betyr ikkje at han alltid har stått støtt i yrket han har valt.

– Eg har angra, men ikkje no. Då eg var 19, lurte eg på kva i helvete eg dreiv med. 

Ingen hestegut

Heilt frå han gjekk på ungdomsskulen har Magnus visst kva han ville bli, ved god hjelp av ei venninne som hadde hest.

– Eg skjønte at eg ville bli noko praktisk. Då såg ho sitt snitt til å få gratis hovslagar resten av livet, for ho foreslo at eg kunne bli hovslagar, seier han med eit lurt smil.

Bærumsguten hadde så godt som aldri tatt på ein hest før, men venninna foreslo at Magnus kunne møta hovslagaren hennar.

Eine handa til Magnus held ein glovarm hestesko med knipetong. Han har plassert den på ein armbolt, og den andre handa held i ein hammar som slår ned på skoen for å forma han. I bakgrunnen ser me masse verktøy og ein arbeidsbenk.

Etter det var han seld.

– Far min lurte på om eg hadde røykt sokkane då eg sa til han kva eg skulle bli, seier Magnus med si djupe røyst og ler.

Faren har alltid sagt at det er tre ting ein må tenka på når ein vel seg yrke: Du skal kunna leva av lønna, du skal vera stolt av det og du skal kunna halda på med det lenge.

Hovslagar-yrket er fleksibelt. Du kan sjølv velja kor mykje du vil jobba, og slik styrer du kor mykje du kan tena, men arbeidet er tungt. Store delar av dagen står Magnus bøygd framover med ein hest over seg og eit tungt verktøy i hendene.

Magnus står bøyd framover med ei stor fil i hendene. Hesten har hovudet sitt rett over ryggen til Magnus, mens den eine framhoven er plassert på eit lite metallstativ. Magnus jobbar konsentrert med å fila ned hoven.

Påkjenninga på kroppen tar på.

– For å seia det sånn, eg kjenner ein i Noreg som har skodd i 40 år. Resten gir seg før dei kjem så langt.

Så strengt tatt kan ein ikkje seia at denne jobben innfridde siste punktet på lista til faren.

Likevel støtta begge akademikar-foreldra Magnus då han som 16-åring flytta frå Bærum til Voss for å gå på hestefaglinja – sjølv om han berre hadde sete på ein hesterygg éin gong tidlegare i livet.

– Eg var heilt ærleg og sa at eg ikkje kunne nokon ting, men at eg skulle bli hovslagar. Og det er den riktige vegen Noreg vil at du skal gå for å bli det, meiner Magnus. 

Nær ved å gi opp

Etter to år på vidaregåande og to års læretid, var Magnus ferdig utdanna hovslagar. Brått stod han der med fagbrevet i handa, klar til å starta eiga bedrift.

Med alt byråkratiet som følgde.

– Det mentale var det tøffaste. Eg var jo 19, så hadde eg vore eldre, hadde det sikkert vore lettare. Det er så mykje ein skal kunna om alt frå økonomi til kundehandtering. Eg er veldig glad for at eg ikkje visste kva eg gjekk til, for då hadde eg aldri gidda det. 

Magnus står bøyd framover, med ansiktet rett ved eine bakhoven til hesten, som han held opp med eine handa. Den andre handa held ein varm hestesko med ei tong. Det kjem masse grå røyk frå skoen i det den blir svidd på hoven.

Hovslagarar er nøydt til å bygga seg opp ei kundegruppe. Det var ikkje lett for ein ung fyr, og som 22-åring var han nær ved å gi seg i jobben og starta på nytt.

Det gjekk så langt at han ringde ei fjellsikringsbedrift og spurde om dei hadde bruk for ein lærling.

– Alt var vanskeleg, og økonomien var dårleg. Eg hadde jobba så hardt for noko som kanskje ikkje var så bra som eg håpa på. Men så losna det veldig, så eg er glad i dag for at eg heldt ut. 

No har Magnus så mange kundar at han jobbar opp mot 80 timar i veka. Slik hevdar han at han har halde på i eit par år – for å få råd til å følga den andre draumen sin.

Eit spark kan avslutta karrieren

Inne i stallen til Alvøen rideskule er Magnus ferdig med å sko hesten Kratos, så han leier han tilbake til båsen sin. Dette var ein av fem hestar han skal sko denne dagen.

Sjølv om han har fagbrev, er det ikkje påbode med utdanning for å kunna jobba som hovslagar.

Magnus står under bagasjeluka på bilen sin, for å komma seg unna regnet. Bagasjerommet er fyllt opp av utstyr. Magnus står ved ein armbolt der han hamrar på ein glodvarm hestesko for å forme den. Ved sida av står ei bøtte i metall. Den er fylt opp med vatn til å avkjøla metallet i.

Den dyraste hesten Magnus har på kundelista, er verd eit par millionar. Ein fjording, derimot, kostar rundt 25.000. Kvifor ikkje fleire har fjordingar, skjønar ikkje Magnus. Dei er jo mykje lettare å ha med å gjera.

Uansett om hesten er av den dyre eller rimelege typen, er prisen til hovslagaren den same.

I likskap med menneske har hestar ulike personlegdommar, og det er ikkje alle som er like gira på å få skifta skoa sine annakvar månad, sjølv om det er viktig for helsa deira.

26-åringen har blitt både biten og sparka i kneet.

– Eg har hestar eg er redd for, men då er det om å gjera å finna ein måte å gjera det på som blir best mogeleg for begge partar. Mest effektivt er dop, fortel han.

Masse hestesko heng på trepinnar inne i bilen. Dei er mørkegrå og har lange hol i seg i sidene for å hamra inn spikrane når ein skal festa dei på hoven.

Det er ikkje berre tungt arbeid som gjer at dette er eit yrke ein ikkje blir gammal i. Eit velplassert spark har makta til å avslutta ein hovslagarkarriere.

På sikt er planen til Magnus å jobba mindre, men ikkje for å pensjonera seg når han bikkar 38 eller reisa til Bali som andre unge.

– Slik eg har halde på dei siste to åra, er ikkje berekraftig. Planen på sikt er å jobba veldig lite, som ein del eg kjenner får til. Det er mogeleg. 

Spøkelseshuset

Magnus lukkar bagasjeluka på den blå Hiacen sin. Som mange andre hovslagarar køyrer 26-åringen rundt til kundane sine, så varebilen har blitt ombygd til ein reisande hovslagarverkstad.

Bagasjerommet på bilen til Magnus er fyllt opp av verktøy og utstyr. Det er eit slags system i kaoset, men det er ikkje så mykje standard verktøy her. Det er også ei lita metallkasse der ein varmar opp hesteskoen – nesten som ein rar mikerobølgeomn.

Bagasjerommet er fylt opp med verktøy og ting som mange aldri hadde greidd å gjetta bruksområdet på.

For 27-åringen er det enkle liv draumen. Kanskje det er derfor han har gått for eit yrke med så lange tradisjonar?

Nokre gongar skulle han ønskt at han heller levde på bestefaren si tid.

– Eg trur det var litt lettare å forholda seg til livet på den tida, i alle fall for ein som eg. Ting var meir praktisk. Ikkje noko data eller mobil …

Magnus set seg i bilen og køyrer til Fjell på Sotra, med vindaugsviskarane på.

Bak nokre haugar og ein smal bilveg ser me eit kvitt laftahus med store vindauger og ein grunnmur i stein. Det er smalt og høgt. Rundt huset er det mykje skog, og noko har blitt hogga ned nyleg Det er gult gras på innmarka og grå himmel.

Her, 27 minuttar frå Bergen, finn me det som Magnus har jobba lange dagar i to år for å få råd til: Ein gard frå 1911 som består av eit lite, kvitt laftehus, ei løe som treng nye vegger, ein utedo og gjengrodd innmark.

– Bileta på Finn-annonsen var heilt forferdelege. Einaste folka som kom på visning var nysgjerrige naboar som ville sjå «spøkelseshuset».

Tradisjon over komfort

Ingen har budd her fast sidan 1950-talet, så det er mykje som må gjerast der for at det skal gå an å flytta inn.

– Sotra var ein fattig stad. Dersom du skulle bygga hus, så var det viktig å visa at du hadde litt gryn. Dette huset er eit veldig godt eksempel på det.

Ei gammal dør med flassande kvit maling er halvveigs opna. I nøkkelholet står det ein nøkkel. Det er så mørkt inne at ein ikkje ser noko om kva som skjular seg innanfor døra.

Før i tida var kvit måling dyrare enn raud og derfor eit teikn på at du tente gode pengar. Og så måtte ein ha mange vindauge, stor takhøgd og helst to stover.

Huset til Magnus har alt dette, men manglar ei planløysing som funkar til eit moderne liv.

– Folk som går forbi, seier «kult at du har kjøpt her, for då kan du jo skilja ut litt tomter, og så får du råd til å bygga nytt hus», men det kjem ikkje til å skje. Eg skal behalda det originalt utvendig, mens innvendig blir det nokre nye løysingar.

Ein kjempeliten kjøkkendisk er fyllt opp av papirer og verktøy. Eit orange og grønt kjøkkenskap heng ved sida av eit vindu.

Motivasjonen til Magnus for å jobba så lange dagar som hovslagar, er for å kunna ta seg meir fri – slik at han kan jobba meir på garden – og dermed laga noko han kan kalla sitt eige.

Målet hans er å jobba minst mogeleg for å leva mest mogeleg. Og han lever best når han får putla på med sitt.

Heilt sidan Magnus var liten, har han reist mellom mor si i Bærum og far sin i Bergen. Det har gjort at 27-åringen aldri har følt på tilhøyrsle. Men her i Fjell høyrer han heime i den forlatne garden han har køyrt forbi i fleire tiår.

Ti minuttar rusling frå garden ligg nemleg hytta til farmora, den einaste staden som var konstant gjennom oppveksten.

Magnus går nedover ein sti som har eit gelender ved sida av seg. EIn liten bekk rislar langs sida og stien leiar oss ned til ei grå hytte og mørkeraude lister og ein stor platting. På tunet står også eit lite raudt utehus som Magnus har laga sjølv. Nedanfor hytta seg me sjøen.

– Mor mi har flytta litt rundt, far min har flytta litt rundt, og då sit eit att med spørsmålet om kvar ein høyrer heime. Då blei det her.

Faren har overtatt hytta til farmora, og det er her Magnus bur mens han jobbar for at huset skal bli klart. Målet er å flytta inn før jul, men sidan Magnus framleis jobbar lange dagar som hovslagar, går det sakte framover.

Flytta for å finna sine likesinna

Heilt sidan han var liten, har Magnus visst at han ville jobba med noko praktisk. Han heiar på at fleire skal våga å velja vidaregåandelinjene som er rette for dei – ikkje berre dei populære linjene.

Men hovslagaren meiner at det mange stader er ein ukultur når det kjem til yrkesfaglinjer. I alle fall kjente han på det då han var ungdom og skulle søka på vidaregåande.

Magnus står inne i huset sitt, framfor eit vindu. Me ser berre siluetten, for mørket inne i huset slukar alt. Utanofr vinduet er det grå greiner av eit tre, og ulike grøne busker.

I Bærum opplevde han at dei fleste ville gå på studiespesialisering, fordi det var det som var kult. Dermed vart snittet for å komma inn veldig høgt, som førte til at mange måtte ta til takke med sistevalet, som gjerne var yrkesfaglinjer.

Om ein klasse blir fylt opp av for mange folk som eigentleg ikkje har lyst til å vera der, blir det ikkje like lett å skapa eit godt miljø.

– Då endar det opp med at yrkesfag ikkje er noko feitt i det heile, meiner Magnus.

Dette var noko av grunnen til at han valde å flytta til bygda på Vestlandet for å gå på det som den gongen heitte Voss jordbruksskule.

Magnus ser rett inn i kamera med klare, blå auger. Han har brei kjeve og små smilehol sjølv om han berre så vidt smilar. Han har lysebrunt hår og lyse augebryn.

– Der møtte eg masse likesinna menneske som synest det er dritkult og tar yrkesstoltheit i det dei gjer. Det er jo fordelen med å bli vaksen og komma seg ut i verda.

Han synest det er trist at folk er redde for å skilja seg ut og gå sin eigen veg. Sjølv om han treivst i oppveksten, meiner han at det ikkje hadde vore sunt for han å bli buande i Bærum.

– Eg følte på gruppepresset, men så flytta eg, og då begynte eg å bry meg mindre og mindre om det.  

Det var omtrent like mange som begynte på yrkesfag og studieførebuande hausten 2021, men dersom ein ser på kor sentralt elevane vaks opp, er det store forskjellar på kva retning dei har valt.

Over 70 prosent av dei frå Oslo og omkringliggande kommunar, slik som Bærum, valde studieførebuande.

Men jo mindre sentralt elvene vaks opp, jo færre valde studieførebuande. I dei mellomstore kommunane var det fleire som gjekk yrkesfag enn studieførebuande.

Nesten 70 prosent av elevane frå dei minste distriktskommunane valde yrkesfag.

Desse tala frå SSB kan tyda på at kvar du veks opp kan ha litt å seia for kva retning du vel på vidaregåande.

Mange vegar til lykke

Magnus er glad for at han våga å gå mot straumen for å skapa det livet han ønskte seg.

Han står stort sett opp kl. 06.00. Vennane hans har slutta å spørja om han blir med på fest fordi dei veit at han kjem til å seia nei. Det synest han er litt deileg.

– Sist eg var på fest, var i sommar, og då fekk eg ståande applaus fordi eg var vaken etter at klokka bikka tolv.  

Framfor huset til Magnus er det sett opp ein trepalle med ein plakat festa på seg. Plakaten er neongrøn med håndskrive tekst der det står «Ved til sals. Nykløyvd furu, 90 kr. per. sekk». I bakgrunnen ligg det restar etter hogst.

Kva vennane hans synest om gardsprosjektet, er ganske forskjellig ut frå om ein spør vennane frå Bærum eller jordbruksskulen.

– Nokon synest eg er ganske spesiell som gjer dette, mens bondevennane mine synest dette er berre tull, for eg blir ikkje ekte bonde av å ha ein slik gard.  

Målet for framtida er få nokre geiter som kan halda kulturlandskapet ved like, i tillegg til ein hest eller to. Han har ikkje ridd sidan han gjekk på vidaregåande, men håper å ta det opp att på eit tidspunkt.

Han vil fortsetja som hovslagar, men forhåpentlegvis kutta kraftig ned på arbeidsmengda.

Magnus sit i skyvedørsopninga på hytta. Den store glasdøra er dratt til sides, og ein raud lenestol er dratt fram til opninga. Han spennar føtene på ein vedsekk og held ein kaffekopp i handa. Ved sida av ligg tre vedsekkar stabla oppå kvarandre, med ein arbeidshjelm på toppen. Inne i hytta står det ein stripete lenestol og eit stor kjøkkenbord.

Magnus har ikkje som mål å leva eit liv i luksus, men å leva eit liv der han er fri til å gjera det han vil. Og no er det å bygga opp småbruket sitt.

Men berre fordi Magnus følgde sin eigen veg med yrkesfag og ein gammal gard, ser han ikkje ned på dei som har valt seg yrke basert på inntekt og status.

– Det er mange vegar til lykke. Dersom du faktisk trur at du blir lykkeleg av det, så må du gjera det.

Journalist: Marit Eide | Foto: Markus Indrebø-Langlo

Hei!

Så kjekt at du las heilt ned hit. Tidlegare har eg fortalt historia om Styrk som vart redda av ekstremsport, om TikTok-influensaren Lovise som vart mamma då ho var 16, og Magnus som har valt ei unik retning i livet.

Har du tips til spanande unge menneske eller tema du meiner eg bør skriva om?

Send meg gjerne eit tips til marit.eide@nrk.no!

LES MEIR:

Siste fra P3.no: