nrk.no

26 år og fabrikksjef

I bydelen Bjerke i Oslo finn me ein arbeidsplass der uniforma består av vernehjelm, vernesko, refleksklede, radio og høyrslevern. Arbeidsområdet er ein svær, grå hall dekorert med fargerike striper. I inngangspartiet til Norsk gjenvinning sitt anlegg på Haraldrud står ein konstant kø av trailerar, bossbilar og varebilar. Ein av dei som tidlegare stod i bilkøen, […]

MUHR1903

For mange 26-åringar er det nok å berre skulle ha ansvar for seg sjølv.

Y22A1230

Tiril Bratt (26) er fabrikksjef med nesten 100 tilsette under seg.

Men ifølge ho sjølv er det dei på «gølvet» som faktisk skapar verdi.

Bossen

I bydelen Bjerke i Oslo finn me ein arbeidsplass der uniforma består av vernehjelm, vernesko, refleksklede, radio og høyrslevern. Arbeidsområdet er ein svær, grå hall dekorert med fargerike striper.

I inngangspartiet til Norsk gjenvinning sitt anlegg på Haraldrud står ein konstant kø av trailerar, bossbilar og varebilar.

Ein av dei som tidlegare stod i bilkøen, men som no jobbar inne i hallen, er Jonas Paulsen (30). I hans tidlegare jobb som vaktmeister var han ofte innom Haraldrud for å levera frå seg boss, mens no er det han som tar imot bosset.

– Eg har køyrd inn og ut her i fleire år før eg kom hit. Så fekk eg nyss om at dei leitte etter folk her, og då hadde eg lyst til å prøva noko nytt, fortel 30-åringen.

En mann i verneutstyr kikker ut til siden med et smil om leppene. Hjelmen er kvit og over panna står det «Jonas» med store bokstaver.
BRANNFAREN: Om Jonas skal gi eitt resirkuleringstips, så er det å ikkje kasta batteri i bosset: – For når det går i kverna her, så begynnar det å brenna. Foto: Henriette Dæhli
Midt i en haug med glassflasker ligger en ødelagt olje-boks.
VARIASJON: I hallen finn me store og små haugar med forskjellige typar boss. Foto: Henriette Dæhli

Ingen like dagar

Eitt år inn i ny jobb er han glad for at han våga å byta beite.

– Det som er fint her, er at det ikkje er ein dag som er lik. Det er alltid noko som ikkje er som det skal, og du må løysa det på finurlege måtar, seier han og ler rungande.

Jonas er ein av fleire som jobbar i mottaket til gjenbruksstasjonen. Det er her alle blir stasjonert i starten, for å læra seg korleis systemet funkar.

– Me kontrollerer bilane som kjem inn. Tar ut farleg avfall, måling, batteri, eksplosive ting, alt som er farleg, rett og slett. Det er mykje som går i søpla som ikkje skal vera der, forklarar den blide fyren frå Son.

Rundt omkring på golvet i hallen, som har ein omtrentleg størrelse på fire og ein halv fotballbanar, ligg det svære søppelhaugar som fuglane har erobra.

Det durar frå sorteringsmaskiner, hjullastarar og gravemaskiner, og beskjedane over radiosambandet blir enda eit skurrande tilskot til støyen.

Lukta er stram, men ikkje vond.

– Opplever du fordommar, eller at nokon rynker på nasen, når du fortel andre om kva du jobbar med?

– Nei, det er heilt normalt, eigentleg. Ein seier at ungdommen er kresen med kva dei jobbar med, men dei fleste er berre glade for å få ein ordentleg jobb. Eg som ikkje var skuleflink, trivst her, seier han og ler.

Jonas sitt inne i boden ved mottakshallen. Han ser til sida mens han pratar i radioen. Han har på seg kvit vernehjelm, refleksjakka og har skjeggstubbar i andlete. Han har blå auger.
MOTTAKSMANNEN: – Eg køyrer maskin òg, men eg trivst best med å stå her på golvet og følga med, fortel Jonas og ler hjarteleg. Foto: Henriette Dæhli

Sjefen på «gølvet»

Som på dei fleste arbeidsplassar er det ein god miks av folk, også her.

Blant anna finn me skuleglade Tiril Bratt (26) frå Ski. Ho har ein master i fornybar energi med fokus på avfallsteknologi. Ifølgje ho sjølv var det tilfeldigheiter og eit «sykt bra» føredrag som fekk ho til å gå avfallsvegen.

Tiril er iført vernehjelm og refleksvest med samband i hånda og kikker utover søppelfyllingen.

BEFOLKNINGSANALYSEN: – Ein kan faktisk sjå an befolkninga på bosset. Me ser det når me får boss frå Innlandet, for eksempel. Då er det meir vekeblad og aviser enn dersom det kjem frå byen, fortel Tiril. Foto: Henriette Dæhli
Ei måke står oppå ein haug med restavfall. Måka har vingane spreidd, som om ho skal ta av.
FUGLEFEST: Inne i hallen er måkene og kråkene kongane på haugane. Foto: Henriette Dæhli

Eg var litt rar, så eg syntest det var gøy å ikkje velja sol og vind som alle andre, men å gå min eigen veg. Då eg skreiv master i 2019, var det 3 av 30 som skreiv om avfall, mens i år var det nesten 25 av 30, så på berre desse åra her har det endra seg veldig, fortel ho.

Eldsjela har hange på Haraldrud i fem år no – heilt sidan ho var student.

– Eg berre spurte om eg kunne få vera her. Det fyrste halve året var eg her to dagar i veka og jobba gratis. Eg var interessert i å sjå korleis det såg ut, og ikkje berre få sjå nokre teikningar på ein Power Point.

Etter eit par år i forskjellige stillingar i administrasjonen, vart ho forfremma til fabrikksjef.

  • En manekeng oppkledd i verneutstyr. Rundt halsen han et skilt der det står «Norsk gjenvinning er glad i nettopp deg»»
  • To skilt ved siden av hverandre. På den ene står det «Røyking tillatt»» på den andre står det «Påbudt med hjelm».

Når P3.no møter Tiril inne i hallen, har ho vore sjef i ei veke. Ho ler nervøst kvar gong den nye jobbtittelen blir nemnd i samtalen. Det er ikkje rart, når ein tenker på at 26-åringen brått er ansvarleg for nesten 100 tilsette.

– No er eg heilt ny, då, så eg må gå det litt inn, men no når eg har blitt fabrikksjef, skal eg jo hjelpa dei som faktisk skaper verdi, seier ho og gestikulerer til dei med refleksjakker og vernehjelmar, før ho legg til:

– Det er det ikkje eg som gjer, framfor kontorpulten min.

Men sjølv berre ei veke inn i jobben haustar ho allereie lovord frå kollegaene på «gølvet».

– Tiril er flink til å prate med alle gutane og jentene som er her på bruket. Ho er synleg i anlegget, og ho er ikkje den som er stillast, for å seia det sånn, fortel Jørn Pettersen (49) spøkefullt.

Den ferske sjefen smiler sjenert mens ho forklarar kor viktig det er at dei lenger oppe i systemet veit korleis drifta funkar.

– No når eg har fått ny rolle vil eg vera enda meir ute, seier Tiril.

Sjølv om Tiril framleis meiner at ho har mykje å læra, har ho gjennom åra blitt godt kjent med hallen, og har si eiga innsikt i det som blir levert der.

– Me såg ei endring då koronaen kom, då endra det seg på dagen! Det var mykje meir takeaway og matkassar i avfallet, fortel 26-åringen entusiastisk.

Nærbilde av en haug melkekartonger.
VERDIFULLE: Kartongar er avfall som må sorterast grundig, slik at dei kan bli til nye kartongar. Foto: Henriette Dæhli
En 27 år gammel gutt smiler lystig med blikket vendt ut av kameraet. Han er iført vernehjelm og gul refleksuniform.Han har kortklippt mørkt hår, og brune auger.
WOW: Det er meir wow-effekt med gravemaskinjobb enn butikkjobb, meiner Sheikh. Foto: Henriette Dæhli

– Frå dress til dette her

I likskap med Jonas har Sheikh Sulaimaan Ramzan-Ul-Hassan (27) jobba på Haraldrud i omtrent eitt år. Etter nokre månadar i mottaket tok han gravemaskinlappen.

No jobbar han mest med å bruka gravemaskina til å sortera innhaldet i dei gule sekkane som kjem blant anna frå byggeplassar. Treverk i éin haug, metall i den andre og isolasjon for seg sjølv.

– Det er artig. Det kan bli litt mange sekkar innimellom, men det går, seier 27-åringen frå Manglerud forsiktig. Fabrikksjef Tiril står like ved.

En blå gravemaskin løfter en isekk-pose og river den fra hverandre så innholdet havner i en egen søppelhaug
SMÅPLUKK: Det er finurleg arbeid å sortera innhaldet i dei gule sekkane med ei svær gravemaskin. Foto: Henriette Dæhli, NRK P3

Før han begynte her på Haraldrud gjenbruksstasjon, jobba han i Taxfree-butikken på Gardemoen.

– Så eg gjekk frå dress til dette her då, seier Sheikh og peiker på den skitne, gule arbeidsuniforma med refleks.

Det einaste gamlejobben kan halda over den nye, er det at det kan bli litt einsamt i gravemaskina.

– Einaste snakkinga skjer vel over radioen, eller i matpausen og andre småpausar, mens elles sit ein i «gravaren», meiner Sheikh.

Men i andre sosiale lag, for eksempel på fest, er det ikkje tvil om at nyejobben kjem betre ut.

– Altså, når dei høyrer at eg køyrer gravemaskin, då blir dei litt sånn «wow». Mens på Taxfree-en var det litt meir sånn «okay». Dei spør meir, og eg har meir å seia om denne jobben her, seier han og smiler.

Lyst til å få meir søppel inn i livet ditt? Sjekk ut podkasten «Dynga», berre i appen NRK Radio!

MEIR OM KARRIERRE:

SISTE FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: