nrk.no

400 søkte, 16 nådde opp – Juni (30) får reise verda rundt som diplomat

I jobben til Juni Solbrække (30) må ein kunne handtere korrupsjon, heimlengsel og smalltalk.

– Vi vann 5–0 mot Statsministerens kontor, før vi dessverre gjekk på eit røft tap mot Miljødirektoratet, fortel Juni.

Departementscupen i fotball blir arrangert ein gong i året, ein viktig sosial arena som bryt opp den elles travle kvardagen i Utanriksdepartementet (UD).

Juni har funne draumeyrket sitt som diplomat, men det tok ho fleire utdanningar å kome fram til det.

Og ho er ikkje aleine. Mange unge synest det er vanskeleg å bestemme seg for kva dei skal bli. Lenger nede i saka kan du få karriererådgjevaren sine beste tips.

Nokre faktorar står høgare enn andre i val av yrke.

I Opinion-rapporten Ung 2024 kjem det fram at det viktigaste for unge, er å ha eit godt sosialt miljø i arbeidskvardagen. Dei vil også jobbe med interessene sine, ha mogelegheit til å utvikle seg og sjølvsagt ha høgast mogeleg lønn.

Juni kan krysse av fleire av desse boksane.

Travelt å seie ja til alt

Klokka er 11.00 ein tysdag føremiddag.

Juni Solbrække (30) har akkurat rokke å svinte heimom etter ein forfriskande morgon i ei badstue nede ved Oslofjorden.

Juni Solbrække gestikulerer med hendene. Ho sit i ein grå sofastol, med beina i kryss. Bak ho heng ei rekke grå og raude gardiner.
TRYGG: Ho kunne fortalt i timevis om utanrikstenesta og Angola, de fekk vi ikkje tid til denne gangen. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

Inne i varmen på Utanriksdepartementet møter ho P3.no i vestibylen.

Saman med ein kommunikasjonsrådgjevar spaserer vi inn i presseloungen. Han er stor og kvit, med vegger pryda av fleirfaldige gåver frå alle verdas land.

Marmorgolvet er møblert av behagelege, grå sofastolar i sittegrupper og med ei kjøkkenøy i hjørnet. Vi fekk vatn.

Juni har på seg ein blå og kvit bunad. Ho står og diskuterar med tre andre i ein ring på golvet framfor ein sal av stolar inne i Sikkerheitrådssalen i New York 17.mai 2018.
EIGA FEIRING: Det vart ikkje champagnefrukost på Juni på 17.mai i 2018. Den tilbragte ho i Sikkerheitrådssalen i New York. Foto: FN

Men ikkje innbill deg at Juni Solbrække har tid til bading, fotball og lounging kvar dag.

Trettiåringen har allereie rokke å ta tre mastergrader, jobba som advokat og budd verda over. Ho beskriv seg sjølv som eit rungande ja-menneske og steppar ofte fram der andre trekker seg tilbake.

– Eg synest det er spennande å lære noko nytt og føle at ein kan bidra. Eg har alltid hatt den motivasjonen, legg ho til.

Førebudd på politikk, krig og smalltalk

«Det vanskelegaste er å få jobben, og så går det som regel greitt», sa bestefar hennar.

No går ho 2. året på UD sitt aspirantkurs, eit treårig trainee-program med sikte på fast jobb i utanrikstenesta.

Juni er ein av 16 utvalde aspirantar på andreåret, av totalt 400 søkjarar.

Saman med økonomar, ingeniørar og musikarar har ho i haust reist Noreg på langs.

Juni Solbrække utanfor Utanriksdepartementet, med hendene i lomma og ser på noko til ventre for kamera.
MÅLRETTA: Juni ser fram mot tida i Angola, men først må ho gjennom eitt år til i aspiranttenesta. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

På vegen mot det store utland må ein tileigne seg kunnskap og informasjon innanfor politikk, handel og næringsliv for å vere best mogleg rusta på det ein har i vente.

Tord Tukun er avdelingsdirektør for kompetanse og ressursar i UD. Han forklarar at ein diplomat treng eit breitt kunnskapsfelt, for arbeidsoppgåvene er mange når ein skal jobba for den norske staten i utlandet.

– Alt frå nordmenn som treng hjelp, som sit fast eller har vore utsett for ulykker, til at du skal ta imot utanriksministeren eller statsministeren.

Det er også slik at alle utstasjonerte må vere robuste, trent for dramatiske hendingar, som krig og konflikt.

Men også hyggelegare eigenskapar trengst. Å kunne smalltalke om alt frå musikk til politikk er viktig for å styrke relasjonane til andre nasjonar.

Reiselysten nerd

Å mingle med folk frå andre land mens ho snakkar om alt frå Martin Ødegaard til Girl in red, er midt i blinken for Juni. Og ho er godt vand med andre kulturar.

Frå vestkanten i Oslo flytta ho som 13-åring saman med familien til Rio de Janeiro i Brasil.

– Då faren min jobba i eit firma som hadde eit kontor der, flytta vi dit. Det trur eg heile familien synest verka veldig spennande.

Medan Juni og mora flytta heim året etter, busette faren og storebroren seg der. Sidan har det blitt mange besøk til Sør-Amerika.

Dermed vart portugisisk ein del av kvardagen, noko som skal vise seg å vere gull verdt 17 år seinare.

Juni utanfor eit bygg i New York. Ho triksar med ein fotball framfor fem folk.
SKILLS: Då Juni var praktikant i New York, viste ho fram trikseteknikken sin til forbipasserande. Foto: Ragna Marie Fjeld

Utan ein klar plan starta ho som 20-åring på eit masterstudium i juss for å bli advokat.

Som ein del av mastergraden vende ho snuten mot New York, som praktikant ved FN-delegasjonen der.

Juni blei verande i «det store eplet» i nesten to år og spelte fotball på løkka med norske og franske journalistar og diplomatar.

Etter at ho kom tilbake til Noreg og begynte å jobbe som advokat, brukte ho helgene sine på å fullføre mastergrad nummer to i samanliknande politikk.

Kan ein angre på valet sitt?

Praktikantstillingar er heilt supert for folk som vil finne ut om eit yrke er noko for dei, meiner Juni.

– Søk på dei praktikantstillingane du kan. Det er eit halvt års innblikk i å jobbe på ein utanriksstasjon og sjå litt korleis det er, utan at det er veldig forpliktande, seier ho.

Men det er ikkje alle som har moglegheita til å hoppe rett inn i ei praktikantstilling.

Karriererådgjevar Marit Overrein møter ofte unge vaksne som er usikre på kva utdanningsveg dei skal ta.

– Det kan vere lurt å ta med faktorar som interesser og evner når du vel utdanning.

Når du vel ein jobb du interesserer deg for, er det større sjanse for at du trivst og gjer det bra. Det er også lurt å tenke over kva for nokre eigenskapar du har lyst til å utvikle i løpet av utdanninga.

Marit Overrein i portrettmotiv. Ho smiler breidt og står inne i eit kontorlandskap, iført ein lilla topp med sterke oransje og svarte flekker spreidt jamnt over heile overdelen.
VANSKELEG VAL: Marit Overrein har vore gjennom mange studentsamtalar for å hjelpe unge i ei retning som kan passe dei. Foto: Magdalena Fosshaug

Om du er misfornøgd med valet ditt, er det ikkje slik at verda brasar saman av den grunn.

– Viss du angrar på utdanninga du tok, hugs å først sjå etter andre jobbar du kan bruke utdanninga til, fordi ofte er det meir enn ein trur!

Det er også mange som endrar retning undervegs eller tar ei ny utdanning på eit seinare tidspunkt. Då er det viktig å gjere seg nokre grundige tankar om kva du ønskjer vidare.

RÅD FOR Å VELJE UTDANNING ELLER JOBB

Seks raske tips:

1. Bestem deg for kva som er viktigast for deg. Hugs at det er DU som skal trivast i utdanninga og jobben, ingen andre.

2. Skaff informasjon om studiet eller jobben før du bestemmer deg, slik at du er trygg i valet ditt.

3. Snevre inn dei utdanningane og jobbane du vurderer. Du kan ikkje sette deg inn i over 4000 studium.

4. Lag deg ei for- og imot-liste for kvart av alternativa. Sjå på lista og kjenn etter kva punkt som veg tyngst for deg.

5. Snakk med nokon om valet ditt. Det kan vere ein venn, forelder eller ein karriererådgjevar.

6. Aksepter at du må velje bort noko, og at du sannsynlegvis kjem til å vere usikker også etter at du har bestemt deg.

Søknadsfristar:

Nokre særskilde studium som f.eks. politihøgskulen: 1. mars

Høgskule, universitet og fagskule: 15. april

Finn meir informasjon på Samordna opptak her!

Kjelde: Karriererådgjevar Marit Overrein frå karriereveliedning.no

Men du må ikkje ta utdanning for å finne ein jobb du trivst i: Les saka om Cathrine som fann draumejobben på Rema 1000, og er den som tener best i vennegjengen.

Eit nytt heimland, med business og korrupsjon

Juni er godt i gang med sitt andre år i traineeprogrammet. Neste haust ventar praksisen, då alle aspirantane skal flytte utanlands for å starte diplomatlivet.

Og 30-åringen har landa sin draumedestinasjon: Angola i Afrika.

– Eg brukte eit halvt år på å mase på ambassadøren og flagge at eg hadde lyst til å dra dit.

Det var det portugisiske språket, den kubanske innflytelsen og dansen som lokka Juni dit.

Men det blir nok meir arbeid enn zumba under opphaldet. For Angola er ein viktig handelspartnar for Noreg.

– Angola er ikkje eit land som vi primært gir bistand eller nødhjelp til. Vi gjer business med dei.

Juni si hovudoppgåve blir å hjelpe norske selskap med å halde kontakt med angolanske myndigheiter, særleg innan energimarknaden og oljeservice-næringa.

Her skal ho bu i tre år, før ho må søke seg vidare til eit nytt land.

Juni står i solskinnet på ein flyplass, 50 meter framfor eit stort, kvitt helikopter. Bak henne går 14 personar mot helikopteret.
REISEVAND: Juni trur ho ligg på rundt 50 besøkte land. Her på Haiti, eit land ho skreiv masteroppgåve om. Foto: Minujusth, UD

Det har blitt mange timar på lesesalen for å lære relasjonane mellom Noreg og Angola.

Landet er eit av Afrikas største, nesten fire gonger større ein Noreg, og med 32 millionar innbyggjarar. Dei har eit ikkje-fungerande demokrati med mykje korrupsjon.

Dette er noko Juni har tenkt mykje på. For kva om ho brått skulle ha bidratt til korrupsjon, utan å vere klar over det?

– Vi får ein del opptrening i det gjennom UD. Så eg føler meg trygg på at eg veit kva eg skal gjere viss eg kjem i den situasjonen.

Med ein barndom på flyttefot er ho flink til å takle lengselen som kjem, men ho er førebudd på nedturen som kan komme etter at nyforelskingsperioden til hennar nye heimland går over.

– Plutseleg sit du der ei helg der du ikkje har planar og du saknar vennane dine.

Heldigvis er ho god på Facetime.

Og ein ny kultur, like ved ekvator, passar Juni som hand i hanske.

– Eg gler meg til å bli kjent med angolanarane, bu i eit varmt land og spele fotball på strendene på ein vanleg onsdag.

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: