nrk.no
Elisabeth går nedover ei gate. Ho ser til sida mens ho smiler. Ho har mørkebrunt hår og mørke augebryn og auge. Ho har store gulløyredobbar i øyra, eit identifikasjonskort frå Leger uten grenser i ei svart snor rundt halsen. Ho har på seg ei raud t-skjorte frå organisasjonen, der det står «Sammen redder vi liv – TV-aksjonen NRK 23. okt.» på. Bak ho ser me masse parkerte biler langs gata og det er sol.
ENGASJERT: Hjarta til Elisabeth Farestvedt (20) bankar for Legar utan grenser. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

«P3AKSJONEN» 2022:Ein jobb med meining – og tusenvis av avslag

Under innsamlingsaksjonen blir bøsseberarar over heile landet tatt godt i mot. Men slik er det ikkje alltid for dei som gjer jobben året rundt.

No nærmar det seg «P3aksjonen» og «TV-aksjonen», som i år går til humanitærorganisasjonen Legar utan grenser.

Det betyr blant anna at om lag 100.000 frivillige bøsseberarar vil banka på dører i heile landet søndag 23. oktober.

Men mens folk forventar å få folk på døra denne eine søndagen i året, er det nokon som får betalt for å ringa på dører og stoppa folk på gata, året rundt.

Og det er ikkje alltid ein enkel jobb …

– Har du to minutt? Nei? Ok, ha ein fin dag!

Mathias Skard Almaas (24) frå Asker har jobba som gatevervar i eitt og eit halvt år. Han ramla over jobben då han sjølv vart stoppa av ei frå Legar utan grenser på gata i Bergen.

– Eg var ikkje rask nok til å ta på headsettet, så eg enda opp med å prata med ho. Eg hadde eigentleg tenkt til å seia nei, men så syntest eg at det høyrdest så spanande ut, så eg sa ja til å bli feltpartnar!

Mathias smiler til kamera mens han holder oppe en hånd og vinker. Han er lys i huden, har på seg en grønn lue som dekker til det blonde håret, en blå regnjakke, sekk og en hvit Leger uten grenser-vest på seg. Rundt halsen henger et identifikasjonskort. Bak han ser vi Karl Johans gate i Oslo og masse mennesker som går i gata.
TRIKS: Mathias Skard Almaas (24) går på midtaustenstudium med arabisk og jobbar deltid for Legar utan grenser. To gongar har han greidd å verva folk berre ved å snakka arabisk. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Ikkje nok med at han på slutten av samtalen hadde blitt fast bidragsytar, han gjekk også derifrå med e-postadressa til sjefen i Bergen.

– Eg fann ut at dette her er ein meiningsfull deltidsjobb, så eg spurde om dei trengde fleire folk, forklarar 24-åringen.

Det tok ikkje meir enn eit par veker før det var han sjølv som stod på gata med refleksvest og nettbrett, fyrst i Bergen og no i Oslo.

Vervarane samlar ikkje inn eingongsbeløp, men jobbar med å verva såkalla «feltpartnarar». Dette er dei som gir eit valfritt månadleg beløp til Legar utan grenser.

Men det er ikkje berre når refleksvesten er på, at Mathias er på jobb.

– Eg trur ikkje det er nokon i kollektivet mitt som eg ikkje har prøvd å verva minst fem gongar. Det smittar over på fritida sidan eg brenn for saka. 

«Kan me ikkje berre la dei døy?»

Det at romkameratane nektar å bita på kroken, går ikkje inn på Mathias. Han er van med avslag og å bli ignorert på gata.

– Mange svarar på telefonar som ikkje ringer, tar på headsettet, går i store bogar rundt oss, eller snur seg og går ein heilt annan veg. Det er også ein klassikar å seia at ein er under 18.

Og korleis reagerer han? Jo, han ler av det. I alle fall ifølge han sjølv.

– Dersom me skulle fokusert på alle dei som sa nei, så hadde det blitt veldig demotiverande. Så då må me spinna det til noko positivt, sjå det morosame i det og heller gleda oss til den neste personen som seier ja til å ha ein samtale.

Dette er noko han får god øving i, for statistikken er relativt dyster.

Mathias anslår at i løpet ein sju timar lang arbeidsdag prøver han å stoppa fleire hundre menneske, men vanlegvis er det berre i underkant av ti som faktisk stoppar opp og slår av ein prat.

Mathias står i ring med tre andre gatevervarar. På venstre side står ei med langt brunt hår, gul regnjakke og kvit refleksvest. Ho ler og peiker mens ho fortel noko. Mathias ser på ho, og dei to andre i ringen ser også på ho mens dei smiler.
SAMAN OM DET: Vervarane frå Legar utan grenser går aldri åleine, uansett om dei står på gata eller går frå dør til dør. Frå venstre: Farhana Islam, Mathias Skard Almaas, Andrea De Los Reyes og Laila Sadiki. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Og innimellom kjem det reaksjonar som er vanskeleg å le av.

– Det verste eg har blitt skulda for er å vera menneskesmuglar, sidan me plukkar opp flyktningar som kjem over Middelhavet på overfylte båtar. Og så var det ein som sa: «Kan me ikkje berre la dei døy? Me har nok med problema våre her i Noreg», fortel Mathias alvorleg.

Trass nokre kjipe kommentarar, dårlege unnskyldningar og stadig ignorering, gler Mathias seg til å gå til ein jobb der han får redda liv.

– Eg trur nok at dersom eg hadde stått i kassa på ein butikk, hadde eg ikkje hatt det same engasjementet. Me hadde 12,5 millionar pasientar berre i fjor, og for kvar einaste person eg får til å seia ja, er ganske mange liv redda, seier 24-åringen.

Men no vender me nasetippen frå travle Karl Johans gate, til ei som vandrar rundt i eit roleg nabolag i Oslo.

Ein psykisk krevjande jobb

For Legar utan grenser har ikkje berre gatevervarar, dei har også dørvervarar. Elisabeth Farestvedt (20) har gått frå hus til hus i Bergen, Fjordane og Oslo i til saman eitt år.

– I starten var eg litt nervøs. Eg blanda malaria med meslingar, seier Elisabeth mens me går rundt i eit nabolag med utsikt over Oslo sentrum.

Elisabeth er langt vekke. Ho går vekk frå fotografen. Ho har på den svarte hettegensaren, lys dongeribukse og ein totembag over skuldra. Ho går på ein smal veg med kvite gjerder lang kantane. Bak gjerdene stikk det ut buskar og me ser kvite hus med lyseraude takstein.
VERVAR VERVARAR: I heile Oslo er det berre åtte folk som jobbar med dørverving for Legar utan grenser. Elisabeth vil ha med fleire studentar på laget. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Elisabeth er fulltidsstudent og held seg til to–tre skift i veka. Å skulla gjort det oftare, hadde blitt for tungt.

– Det er ein psykisk krevjande jobb. Det er mange menneske og inntrykk, og ein må takla sinte folk og overveldande glade folk. Dersom du ikkje toler avvising, veit eg ikkje om det er rett jobb for deg, seier ho og ler.

Klokka er 16.30 på ein onsdag, og det er framleis mange som ikkje er komne heim frå jobb.

  • Elisabeth sitt i ein sofa og ser opp på ein mann som står og pratar. Me ser berre ryggen på mannen som har på seg ein fargerik stripete gensar. Ved sida av Elisabeth ser me skuldra på ein annan vervar.
  • Elisabeth er på veg ut døra frå kontoret til Leger uten grenser. Ho har opna glasdøra, og har akkurat tatt eit skritt ut på gata. Ho har på seg ein svart hettegensar der det står «Leger med hele Norge i ryggen – bli bøssebærer, blimed.no» på. Ho har ein svart totembag over eine skuldra og den brune håret heng nedover ryggen hennar. Ute er det sol.
  • Elisabeth sit på bussen. Ho held ein mobil i eine handa og eit nettbrett i den andre. Nettebrettet viser eit kart over området ho skal gå i.

Men sjølv om lyset er på inne, er det ingen garanti for at døra blir opna dersom dei har sett kven som står utanfor.

– Me forventar om lag 75 prosent «nei». Det kan vera vanskeleg å halda motivasjonen oppe dei dagane der ein får nei på nei på nei, vedgår ho.

– Me bit ikkje

I likskap med Mathias har også Elisabeth høyrt det meste av unnskyldningar for kvifor nokon ikkje kan eller vil bli feltpartnar.

I det ho kjem gåande frå eit hus, har ho fått endå eit nei.

– Eg spurde om det var nokon spesiell grunn til at ho ikkje ville støtta, og då svara ho «nei, eg er i dårleg humør i dag». Men det verka ikkje som om ho var i særleg dårleg humør, seier Elisabeth litt oppgitt og ler.

Elisabeth står utenfor ei dør. Døra åpnar seg.
TAR VEKK PRESSET: Vervarane får timebetalt, så kor mange feltpartnarar dei vervar, påverkar ikkje lønnsslippen. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Til dei som opnar døra, har 20-åringen ei oppfordring.

– Me set meir pris på ærlege svar dersom du ikkje har lyst til å vera med, men gjerne lytt til det me har å seia. Me har eit motto som er «jo fleire som veit, jo færre døyr», seier og ho legg til:

– Og me bit ikkje, hehe.

Trass avslag, sinte folk og at ein må vera ute i all slags vær, angrar ikkje Elisabeth eitt sekund på at ho søkte på vervarjobben i Legar utan grenser.

Gode kollegaer, bra miljø og meiningsfylt arbeid er noko av det ho trekker fram som motivasjonsfaktorar.

– Me kan redda liv ute i felt på grunn av oss vervarar som går på døra og som står på gata, seier ho.

Elisabeth sit inne i eit busskur med vegger av plast. Ho har på seg lys dongeribukse, den raude t-skjorta og har kryssa beina mens ho ser til sida. Over ho står det eit skilt med «Ekeberg camping» på, og bak busskuret ser ein eit hus og buskar.
UEFFEKTIVT SKIFT: Det vart ingen nye feltpartnarar denne ettermiddagen, noko P3.no må ta sin del av skulda for. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Når Elisabeth blir ferdig med utdanninga, ønsker ho å jobba i felt, altså å vera til stades i dei landa der hjelpa trengst. Men akkurat kva ho skal gjera, veit ho ikkje endå.

– Eg er open for alt, så lenge det er innanfor Legar utan grenser, fordi det sit djupt i hjarta mitt, seier ho og smiler.

Dei viktige vervarane

Nasjonal koordinator Zain Shah (25) starta sjølv som vervar i Legar utan grenser då han var 18 år gammal student i Tromsø.

– Eg skal vera ærleg og seia at eg var ikkje så veldig humanitært motivert, men så vart eg seld. Engasjementet og energien ein får av å kunna gå heim frå jobben og tenka at ein faktisk har redda liv, er heilt ubeskriveleg, seier han til P3.no.

Vervaren likte seg så godt at han vart verande i organisasjonen, og klatra stadig oppover i stillingane.

Zain ser rett i kamera og smiler forsiktig. Han har svart hår dratt bak, tjukke svarte augebryn og langt svart skjegg. Han har mørke auger og ei raud t-skjorte der det står i kvit skrift «sammen redder vi liv - tv-aksjonen NRK 23.okt» på brystet.
VERVESJEFEN: Zain Shah (25) er ansvarleg for alle vervarane i Noreg. Organisasjonen har folk i Oslo, Trondheim, Bergen, Stavanger, Tromsø, Lillehammer og Kristiansand. Foto: Legar utan grenser

Sidan Zain sjølv har banka på dører og stått på gata, veit han kor frustrerande det kan vera å få avslag på avslag. Han rosar jobben dei gjer, som kan vera både fysisk og psykisk tung.

– Eg vil seia at vervarane gjer den viktigaste jobben – dei er berebjelken vår. Å ha faste givarar er den absolutt mest føreseielege inntekta for Leger utan grenser, og det gir oss mogelegheita til å rykka ut under katastrofar og kriser, fortel han.

Organisasjonen tar ikkje i mot statsstøtte og har som prinsipp å vera nøytrale, upartiske og uavhengige.

Grunnen til dette er at det er enklare å hjelpa alle partar i ein konflikt dersom ein kan seia at organisasjonen er heilt uavhengig, forklarar Zain.

– Det styrker vår truverd at me med handa på hjarta kan seia at me ikkje har nokon annan agenda enn å redda liv og lindra nød. Legar utan grenser krev tilgang til alle som treng helsehjelp, uavhengig av kven pasientane er, kva dei trur på eller kvar dei kjem frå.  

Derfor er dei avhengige av at dei får samla inn midlar, også etter aksjonen.

– 23. oktober skal alle i heile Noreg gå på dører, men me er dei som gjer det året rundt. Og me treng fleire på laget!

ÅRETS AKSJON:

Også i år skal fire P3-profilar få gjennomgå under «P3aksjonen». Finn ut kven dei er, her!

«P3aksjonen» begynnar kl. 19 den 19. oktober, og avsluttast kl. 23 den 23. oktober.

Høyr 100 timar med «P3aksjonen» direkte på NRK P3, sjå det i appen NRK TV eller følg streamen inne på P3.no.

I år vil all støtte gå til Legar utan grenser og deira søsterorganisasjon Drugs for neglected diseases initiative (DNDi).

Innsamlinga vil gå til deira arbeid med å gi medisinar og helsehjelp til dei som treng det i Den demokratiske republikken Kongo, Den sentralafrikanske republikk, Bangladesh og Sierra Leone.

Om du vil bli bøssebærar til TV-aksjonen, kan du melde deg her!

MEIR OM «P3AKSJONEN» 2022:

MEIR OM FJORÅRETS «P3AKSJONEN»:

Siste fra P3.no: