nrk.no

Alma (22) hevdar ho healar kundar gjennom kroppen sin

Ho jobbar som klarsynt coach, men kva er eigentleg det? Og kvifor er nokon skeptiske til yrker som dette?

– Eg kjenner på alt. Eg kjenner på sorg, eg kjenner på sjukdom.

Dette seier Alma Skolmen om jobben sin i P3s nye podkastserie «Statens mal for medarbeidarsamtaler».

– Ein gong plukka eg opp energien til nokon som døydde og var gravid. Da trudde eg at eg var gravid veldig lenge – plutseleg gret eg fordi eg trudde eg hadde mista barnet. Det var heilt merkeleg, fortel Alma når P3.no møter ho for å høyre meir om kva jobben hennar inneber.

Innbilt svangerskap er ein fjern arbeidsskade for mange, i eit yrke som gjerne blir møtt med eit kritisk blikk og skepsis. For Alma er dette verkelegheita og hennar store lidenskap. Det er dette ho vil drive med resten av livet. Men kva er eigentleg «dette»?

Internaliserer kundane sine energiar

Når Alma skal heale eit menneske, går ho inn i bøn og ber om hjelp. Akkurat kva ein kaller denne krafta ho ber til, er ho ikkje så oppteken av.

Alma står i ei døropning mellom kjøken og stove. Veggen rundt ho er av betong. Ho lener seg med høgre hand mot karmen. Den andre armen heng rett ned langs venstresida hennar. Ho har blondt hår i ein midtskill, som bølgar seg laust nedover mot skuldrane. Alma bruker ein igjenkneppa svart blazer med tykke kvite stripar. Ho har grå bukse - òg med tynne, kvite stripar. På høgresida kan ein sjå delar av kjøkenbenken, fylt med ulike typer grønnsaker.
KALLER SEG SJØLVHJELPS-JUNKIE: Alma Skolmen er lidenskapleg oppteken av å utvikle seg sjølv og tilværet til det betre. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken, NRK P3.

– Eg ser for meg at personen opnar kronechakraen, seier Alma og teiknar ein sirkel med peikefingeren på toppen av hovudet, og fortset:

– Så ser eg ljos energi strøyme inn i kroppen. Samtidig ser eg for meg at det same skjer i min kropp.

Alma hevdar at ho kjenner på alt som går føre seg inni kroppen til den ho healar. Ho kjenner etter kor det gjer vondt, berre gjennom energien til kunden.

– Eg healar kunden gjennom min eigen kropp.

Diffust og mystisk

– Alma praktiserer på ein veldig klassisk måte. Det handlar om evna til å bevege seg på åndelege nivå og få innsikt i ting, meiner religionsvitar Cecilie Endresen.

Cecilie er forsker på Universitetet i Oslo og ser antydning til auke i interesse for det alternative. Dette trur ho handlar mykje om tilgjengelegheita til informasjon om det, på sosiale medium.

Ho fortel at tanken om at kroppen er omgjeven av energiar og subtile krefter som kan helbredast, er ei utbreidd førestilling i alternativbransjen.

Pressebilde av religionsvitar Cecilie Endresen. Eit portrettbilete med grå bakgrunn. Cecilie har blondt, skulderlangt hår med sideskill. Ho smiler med tennene. Ellers brukar ho ein sort topp, ei grønn strikkajakke og har sølvringar i øyrene.
HEALING: – Det baserer seg på tru på magi, mystikk og miraklar, kombinert med kropp, fortel religionsvitar Cecilie Endresen. Foto: Olaf Christensen.

– Behandlinga går føre seg på eit åndeleg plan og er forankra i eit nokså diffust verdsbilde der mennesket inngår i forskjellige mystiske samanhengar ein trur ein kan påverke på magisk vis, meiner Cecilie.

Fysisk helse kan sjåast i samanheng med det sjelelege og åndelege – kropp og sinn blir sette som uadskilleleg. Alternativ læking følger ikkje vanlege vitskapelege kriterium, fortel forskaren.

Ønsker ikkje medisinsk ansvar

– Ei eg jobba med, hadde solar plexus-chakraen i ubalanse, så da jobba eg med energien der. Magesmerter ho har hatt over tre år blei deretter borte, hevdar Alma mens ho tek seg til magen.

Fysiske ting som smerter i eit kne meiner nemleg Alma kan kome av dårleg energi som slår ut på fysiske måtar.

– Dersom ein knekkjer ein fot, vil eg absolutt anbefale å gå til legen, men kanskje i kombinasjon med healing for å få nok energi til å bli frisk fort.  

Bilde 1: Alma sit og legg englekort på enden av eit langbord. Ho ser ned på bordet mens ho legg frå seg ein bunke med kort med høgre arm. Ho hardet blonde, bølga håret bak venstre øyre. Bak ho heng eit abstrakt maleri med blå, rosa og lilla fargar. På bordet framfor ho står det lysestaker og ulike behaldarar av glas. Ein kan så vidt sjå ljosekrona av skjelliknande skiver, henge i forgrunnen.
Bilde 2: Kjøkenbordet heime hjå mora til Alma. Det er laga av gamle materiale. Langs midten av bordet står lysestakar av messing, med brennande , kvite ljos. I tillegg står det ulike behaldarar av glas. I bakgrunnen ser vi delar av kjøkenbenken og ein komfyr. Vi kan òg skimte eit maleri med rosa og grøne fargar.
FYSISK KREVJANDE: – Kvar gong eg gjer healing og spirituell coaching, så reinsar eg meg sjølv òg. Ulempa er at mens eg held på, får eg masse energi og føler glede, mens eg blir veldig sliten i etterkant. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken, NRK P3.

For augeblikket tilbyr Alma rett nok ikkje healing. Ein av grunnane er at ho ønsker at folk skal søke hjelp hos legen når dei treng det.

– Eg har ikkje lyst til å ta på meg eit medisinsk ansvar.

Alma har nyleg flytta tilbake til Noreg etter eit år i London der ho var i opplæring hos ein sjaman. Der jobba ho mykje med healing og det ho kallar mørke energiar.

Tilbake i heimbyen Oslo er ho innstilt på å gå ei anna retning.

Rettleia av latterkrampe

Nå bur Alma midlertidig i leilegheita til mor si, på Grünerløkka. Ein lun heim prega av gamle materialar og møbel. Fleire talgljos står og brenn på langbordet på kjøkenet. Alma har sett seg godt til rette i lotusposisjon på ein av vintagestolane ved bordet.

– Eg vil jobbe med kjærleikens kraft og ljose energiar som driv folk framover, fortel Alma og tek ein slurk av matcha-teen sin.

I dag tilbyr ho spirituell coaching. Dette liknar ifølgje Alma på healing, men har i større grad fokus på sjølvutvikling.

Tematikken folk får hjelp med, er mykje knytt til familie, jobb, sjølvfølelse og lågt energinivå.

Portrett av Alma. Ho sit med ei stolt haldning med auga atte og ser ut som ho akkurat har trekt pusten djupt inn. I høgre hand sit ho med røkelsen (ein brennande trebit) som det ryk av.
– VIKTIG Å VERE MENNESKE: Alma trur det er ei meining bak alt som skjer, men vel ikkje alltid å ta det innover seg. – Det hadde blitt slitsamt. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken, NRK P3

– Eg har hatt timar der folk ikkje har fått snakka ein gong, for eg har så mykje på hjartet. Andre gongar er det meir rein mentaltrening der eg har guida dei over fleire timar.  

Når Alma forsøker å skildre korleis ho kan vite kva som er rett å gjere for ein heilt framand person, beskriv ho fysiske reaksjonar.

– Dersom nokon for eksempel står overfor eit val, så kan eg kjenne i kroppen at det stoppar heilt opp ved det eine alternativet og at eg får latterkrampe ved det andre. Da veit eg kva som er rett veg å gå. 

Alma fortel òg at ho kan få andre kroppslege reaksjonar under timane sine, i form av frysningar, at kroppen byrjar å riste, samt raping.

Placebo og sjølvpleie

Religionsvitar Cecilie fortel at det ikkje er vitskapleg bevist at desse metodane hjelper. Hadde det vore det, hadde ein teke det inn i skulemedisinen.

Forskaren anerkjenner likevel at ein kan oppleve positive resultat av healing og spirituell coaching, men trur blant anna det kan kome av placeboverknad.

– Ei anna forklaring handlar om det mellommenneskelege – at om ingenting har hjelpt tidlegare, er det godt å kome til ein healer. Der kan ein få kjensle av at ein person ser deg og er fullt og heilt oppteken av deg.

Cecilie peiker på at det ikkje er alt det tradisjonelle helsevesenet kan gjere noko med.

Ho meiner alternative behandlingar på ein måte handlar om kvardagsvelvære – hjelp som ein lege ikkje kan tilby. 

Om den som blir behandla føler seg betre eller meiner det funkar, er det det som reknast for sjølve kriteriet på at det verkar, seier Cecilie.

Religionsvitaren fortel at å oppsøke ein spirituell coach eigentleg er grunnleggande menneskeleg åtferd, og at det er svært lite av det vi driv med til dagleg som er så veldig velgrunna om ein ser strengt naturvitskapleg på det. 

– Det som er trist, er om folk ikkje får medisinsk hjelp til reelle sjukdommar. 

Ei øvingssak

Ljosekronene over bordet i Oslo-leilegheita, laga av skjelliknande skiver, beveger seg så vidt og lagar ein svak, klirrande lyd som bidreg til ei meditativ stemning i rommet.

Alma sit med ei rak, sjølvsikker haldning og fortel at spirituell coaching er ei vidareutvikling av det å fylgje intuisjonen sin.

– Eg vigde eit heilt år til berre å lytte til intuisjonen min og følgje den.

Englekort i ulike, prangande fargar ligg utover eit bord. Nokr er lille, nokre er gule, nokre grøne, mpkre lilla. Alma sit uklar i forgrunnen og held ein bonke med englekort. Korta er illustrert med ulike motiv og har forskjellig skrift. Dei har ulike formear for engler på seg.
VERKTØY UNDER SPIRITUELL COACHING: – Nokre gongar bekreftar englekorta det intuisjonen har sagt til meg. Det gir eit sikrare grunnlag for den rådgjevinga eg gjev. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken, NRK P3.

Denne evna til å bruke intuisjonen meiner ho alle har eit visst potensial til å trene opp, men at nokre har betre anlegg for det enn andre.

Teikna til at Alma hadde spesielle evnar viste seg allereie i tidleg alder, ifølgje ho sjølv og dei rundt ho.

Har alltid forhalde seg til sjeler

Som barn var Alma som ei open bok og kunne finne på å referere til englar og alvar i snakk med andre.

– På skulen juksa eg på prøver, for eg kunne kjenne varmen frå det rette svaret. Det same gjaldt kortspel, hevdar ho.

Frå tidleg alder fortel Alma at ho òg kjende på kroppen at «nå er det noko eg skal innsjå». Da måtte ho forte seg å finne penn og papir for å skrive ned det som openberra seg for ho. 

Bilde 1: Alma sit i den store rosa sofaen. Ho blar i ein svart skinnbok med mykje skrift og ser ned på hendene sine mens ho gjer det. Det ligg mange skinnotatbøker framfor ho i sofaen.
Bilde 2: På bilde ser vi handa til Alma, med raudlakka negler, som held ei notisbok. Sida ho viser fram har te teikningar av tre silhuettar av overkroppar. Delar av dess silhuettane er skraverte. Den øverste er skrvaert på skuldrane og sidene av magen, den i midten er nesten heil skrvaert sett bort frå toppen av hovudet og armane. Den nederste er skravert over magen og brystet. Med ein krusedull nederst i magen der ein strek går frå opp til ansiktet.
SKRIVETERAPI: Alma har nærast så lenge ho kan hugse skrive ned tankar, refleksjonar og openberringar. Til høgre ser ein teikningar av sjeler og energiblokkeringar frå 2015. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken, NRK P3.

Lenge kjendest desse tinga heilt naturlege å snakke høgt om, men så innsåg ho at dette ikkje var normalt for andre. 

I 14-årsalderen fekk ho ei openberring om at ho kunne sjå sjeler. Alma delte dette med ein person som stod ho nær, som responderte med at ho måtte vere heilt «ko-ko».

– Etter dette isolerte eg meg totalt. Da hadde eg ei periode der eg var veldig lukka. Men eg fortsette å få beskjedar som eg berre måtte skrive ned.

På dette tidspunktet sleit Alma mentalt.  

Gjekk «all in»

I 2018 byrja ho, etter ein periode med reising, på filosofistudium i Oslo. Da blei ting enda mørkare, og Alma blei frustrert da professorar og medstudentar alltid leita etter eit konkret svar på korleis verda er og kvifor ho er slik.

– Eg tenkte at vi som menneske ikkje klarer å forstå det, at vi i staden må vere audmjuke for at vi veit veldig lite.

Da snakka Alma med ein klarsynt coach som skulle vise seg å sette ord på akkurat det ho hadde tenkt på og drøymt om.

– På dette tidspunktet innsåg eg at alt av openberringar og draumar var rettleiing og noko eg skulle bruke for å hjelpe andre. 

Alma begynte å eksperimentere med intuisjonen sin ved å kjenne godt etter alternativ ved ulike val. Ho slutta på studia, sletta alt av sosiale medium og berre gjekk rundt og følte.

– Tidlegare hadde eg fått openberringar og rettleiing i tilfeldige drypp, men nå kunne eg få veldig klare beskjedar.

Alma sitt ved kjøkenbordet. Ho ser skrått ned og til venstreside, med eit hint til eit smil om munnen. Det bølga, blonde året hennar heng framover så vi ikkje ser høgre auge. Ho lenar seg mot bordplata laga av gamle tremateriale.
OPEN FOR TOLKING: Alma er ikkje oppteken av å skilje og definere omgrep. Ein kan snakke om Gud, eit høgare sjølv, sjela, naturen, hjarta. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken, NRK P3.

Den spirituelle coachen meinte Alma hadde evner til å hjelpe folk. Sjølv var Alma redd for å miste venner og familie ved å opne seg om lidenskapen sin.

– Men eg pusha meg til å kome ut av det spirituelle skapet. Og det gjekk bra, sjølv om folk var litt skeptiske i starten.

Alma fortel at fleire og fleire søkte hjelp hos ho og at det var så mange som var fornøgde og som ho klarte å lese.

Dette tolka ho som eit teikn på at ho skulle satse på å leve av det.

Den klarsynte coachen forstår rett nok at folk kan vere skeptiske til det spirituelle.

Religiøs eller ikkje-religiøs?

– Religion har øydelagt. Det spirituelle har blitt supermisbrukt, så eg har full forståing for at vi har hamna i ein ateistisk trend her i Vesten, fordi vi har sett korleis kyrkja og andre har misbrukt tru, seier Alma.

Alma meiner at vi derfor har fått eit behov for å skyve det spirituelle bort og vere sjølvstendige menneske. Vi vil ikkje at nokon skal kome og fortelje oss kva vi skal gjere på bakgrunn av tru.

Alma sit i lotusposisjon i ein stor, rosa velursofa. Ho ser ned på hendene sine som ho bruker ein lighter til å tender på ein liten trebit med - røkelse.
INTUISJON: At folk hadde følgt si indre stemme i like stor grad som når dei var barn, meiner Alma hadde løyst mange problem. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken, NRK P3.

– Det som er så vakkert med det spirituelle nå, er at vi har gått inn i trua att, men frå eit individualistisk perspektiv. Og det er det som er den store forskjellen på det å vere spirituell og det å vere religiøs, meiner Alma.

Alma seier at ho ikkje tilhøyrer nokon religion, men at ho stolar på at ho har eit indre kompass og er kopla på eitt eller anna meir. Og noko meir har ho ikkje behov for å vite.

På si side fortel religionsvitar Cecilie at det er typisk at nyreligiøse ikkje vil oppfatte det dei driv med som religiøst.

I tillegg ser Cecilie på det stadige fokuset på sjølvet og individet som problematisk på fleire måtar.

– At så mange unge ser ut til å vere interessert i det spirituelle kan ha noko med at ein har forventningar om at alle skal vere og føle seg så perfekte til kvar tid. Om ein ikkje gjer det, trur ein det er noko gale og at det er ein sjølv som har skulda. 

Men Alma er ikkje oppteken av å fordele skuld. Ho vil heller finne ut kva ein kan gjere for å gjere livet best mogleg.

– Essensen i det eg trur på, er at det er noko anna enn fornufta som snakkar. Da har det ingenting å seie om det er noko utanfor deg sjølv eller noko djupt inne i deg.

Frykt for å bli lurt

Religionsvitar Cecilie trur at ein grunn til at mange kan vere skeptiske til den alternative rørsla, handlar om at dei synes det er nytt og framandt.

Alma tenkjer òg at skepsisen til det spirituelle kan kome frå frykta for å bli lurt. Sjølv om ho på fleire vis ikkje identifiserer seg med sjaman Durek, ser ho fellestrekk mellom seg og han når det gjeld kritikken dei kan møte.

Ho trur mykje av det Durek seier blir teke ut av kontekst og misforstått, og fryktar at dette kan bli ho i framtida. Men akkurat nå møter ho veldig lite av det ho beskriv som negativitet og fordommar.

Lilla englekort ligg spreidd utover kjøkkenbordet, mens Alma saumfarer korta med henda sine. Fire kort ligg øverst på ei rekke, vendt oppover. Resten ligg på ei rekke under med baksida opp.
SOSIALE MEDIUM: Alma sin Instagram og TikTok får stadig fleire følgarar. Her blant anna legg ho englekort og har meditasjonstimar. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken, NRK P3.

– Eg trur det handlar mykje om at folk merkar at eg er genuin og at eg ikkje prøver å lure nokon, i tillegg til at eg ikkje meiner at det berre er slik eg gjer ting, som er rett. 

Alma meiner vi må vere audmjuke og kunne seie: «Okei, eg forstår ikkje heilt kva du held på med, men aksepterer ditt syn og oppfatning.»

Til kvar sin bruk

Ein time hos Alma kostar 1200 kroner – nesten like mykje som ein time hos privat psykolog.

Er det like nyttig å kome til deg som spirituell coach som ein psykolog for å få hjelp med psykiske lidingar? 

– Eg har lyst til å seie ja, begynner Alma, men så bestemmer ho seg for å ikkje gjere det.

Ho meiner nemleg at ein lukka person som ikkje trur på det ho held på med, ikkje vil få noko ut av å gå til ho, fordi dei vil ha så ulikt språk.

Religionsvitar Cecilie fortel at det ikkje er noko som tyder på at nordmenn droppar tradisjonelt helsevesen til fordel for alternativ medisin. I Noreg har vi den oppfatninga at healing er ei «eiga greie». Det erstattar ikkje kvarandre, fortel ho.

Samtidig trur ho folk blir meir skeptiske om det alternative og spirituelle blir presentert som vitskap eller at ein kjem med altfor konkrete påstandar som dei fleste veit strir mot vitskapen – som at ein kan snu atom eller kurere kreft med ein amulett.

Ei meining bak alt

I tillegg til tankar om energiar har Alma òg meir handfaste teoriar om kvifor menneske har det som dei har det.

Når det gjeld psykisk sjukdom trur ho i stor grad det kjem av at menneske blir sette inn i system som ikkje fungerer for dei, i skule, jobb og samfunnet ellers.

Vi ser Alma frå sida der ho sit i den store, rosa sofaen og skriv i ei notatbok. Ho sit i lotus og har pute oppå føtene og notatboka oppå der igjen. Ho bøter seg framover så vi ser ikkje ansiktet hennar da håret skjuler det. I framgrunnen er det ei grøn plante.
SKRIVING: Det å få tankane sine ned på papir er daglegdags praksis for Alma. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken, NRK P3.

Det å møte veggen tenkjer ho er ei klassisk rettleiing. Da finn folk ut kva retning dei faktisk skal gå.

– Mitt mål er at folk skal finne ut av retninga før det har gått så langt at dei blir utbrente, rett nok.  

Trass dette trur Alma at vi har kome til kloda for å skulle gå gjennom visse ting, som kan skaffe oss spesifikke verktøy.

– Eg hadde ikkje vore der eg er i dag, om eg ikkje hadde vore heilt på botn psykisk ei periode. 

Medarbeidarsamtaler utanom det vanlege 

Alma trur motstanden har leia ho til å finne kallet sitt og førte ho ut på ein spirituell veg som kjem til å vare heile livet. Men korleis han kjem til å sjå ut vil nok forandre seg. 

– Nå for tida held eg på og skriv bok, i tillegg til å dele bodskapet mitt i sosiale medium. Draumen min har heile tida vore å skrive bøker og halde foredrag for å gje rettleiing til så mange som mogleg.

Min «passion» er å drøyme stort og få andre til å gjere det same, seier Alma og legg hendene over hjartet.  

I den nye podkasten «Statens mal for medarbeidarsamtaler» tek Sindre Reinholt tak i arbeidstakarar som aldri har fått oppfølging av sjefar, mentorar eller mellomleiarar.

Høyr om spirituell coach Alma sin arbeidskvardag i London, som blant anna innebar å gå ut av sin eigen kropp og eksorsisme, her.

MEIR SOM DETTE:



Siste fra P3.no: