nrk.no

Kan du manifestera deg fram til lykke, pengar og rein hud?

Frida Leonore Næss (17) tyr til manifestering, universet, englehjelp og positive energiar for å nå måla sine.

Videoar med #manifestation har nesten 20 milliardar views på TikTok. I realityseriar, podkastar og i sosiale medium dukkar ordet «manifestering» opp med jamne mellomrom.

Så, kva er manifestering, og ikkje minst: Funkar det?

– For meg er manifestering å bestilla noko, å ønske seg noko så hardt at det skjer. Det er ei slags tilknytingskraft som du brukar, som blir reflektert i at det skjer – dersom det gir meining, forklarar Frida Leonore Næss (17).

Frida har vakse opp med ei mor som manifesterer, og begynte sjølv å manifestera aktivt for eitt år sidan. Då kjøpte ho seg ei bok der ho skriv ned måla sine og kva ho er takknemleg for.

– Eg pleier å manifestera masse forskjellige ting, berre sånne ting eg har lyst på der og då, eller langsiktige mål eg har, fortel ho.

Frida smiler sjenert og ser inn i kamera. Ho har det blondet håret satt opp, rosa leppestift og mykje augesminke.
KJEM NÅR DEI SKAL: – Det kan ta opptil fleire år, det kan komma dagen etterpå, og det kan komma i det sekundet du manifesterer det, hevdar Frida. Foto: Astri Aspen, NRK P3

Oslojenta meiner at manifestering har blitt meir «in» i det siste.

– Unge har opna augo for det. Eg trur òg at amerikansk kultur har smitta over til Noreg, for der er det mykje vanlegare å vera spirituell, meiner ho.

Korleis funkar det?

På TikTok kan ein få inntrykk av at du kan manifestera deg fram til toppkarakterar på ein prøve utan å lesa til han. At bunkar med tusenlappar magisk vil dukka opp i kjellaren din, eller at du kan få melding av han fyren som ghosta deg ved å infiltrera draumane hans.

Det finst uendeleg av videoar med forskjellige manifesteringsmetodar. I nokre blir hevda at manifesteringa skal skje over natta, mens andre tar lengre tid.

Blant dei mest populære TikTok-ane finn me metodar der du skal skriva ned det du ønsker deg og la det ligga under puta mens du søv. Eller at du skal sjå for deg sjølv som ei ånd som går bort til den personen du ønsker noko frå, kviskrar ønsket ditt i øyro deira og kysser dei i panna.

I P3-podkasten «The Kåss Furuseths» fortalde influensar Sophie Elise Isachsen om at ho nyttar 369-metoden, som går ut på å skriva ned den same setninga gjentatte gonger:

«Tenk hardt på det og legg det frå deg»

Men Frida nyttar seg ikkje av slike metodar. Så korleis gjer ho det?

Jo, Frida skriv ned manifestasjonane sine og kva ho er takknemleg for, i ei bok.

– Du skal manifestera det som om du allereie har det. Så du kan ikkje seia «i morgon ønsker eg å bli sunn», du må seia «takk for at eg er sunn», forklarar ho.

Positiv tenking og takknemlegheit er ein stor del av manifestering.

– Du skal aldri skriva «takk for at eg ikkje har kviser», for då gir du ut ordet «ikkje», og det er eit negativt lada ord. Du kan ikkje manifestera negative ting inn i livet ditt. Alt skal vera positivt – det er veldig viktig.

To bilete slått saman til ein kollasje. I bilete til venstre ser me over skuldera til Frida. Ho held ei lite notatbok i fanget og ein grøn penn i eine handa. Ho har lange rosa negler. På bilete til høgre ser me eit nærbilete av manifesteringane ho har skrive i boka.
ENGLETAL: Frida brukar «engletal», som 111 og 444 i manifesteringa si. Alle tala har forskjellig betydning: – Dei guidar meg i riktig retning, forklarar ho. Foto: Astri Aspen, NRK P3

I tillegg til skrivinga pleier Frida å meditera dagleg. Dette gjer ho for å «opna sinnet sitt».

– Når ein manifesterer er det viktig å ha eit klart syn og ikkje ha så mange andre tankar i hovudet. Ein vil gjerne berre fokusera på den eine tingen ein ønsker seg og skal manifestere.

Frida forklarar at dersom ho ønsker seg ein sunnare livsstil, er det dette ho fokuserer på under den ti minuttar lange meditasjonen.

Ho ser for seg korleis ho ser ut, kvar ho er, korleis ho føler seg og kven ho har rundt seg.

– Kvar minste vesle detalj tenker eg hardt på. Når dei ti minutta har gått, slepper eg det og tenker ikkje meir på det, for då har eg bestilt det og lagra det i underbevisstheita.

– Manifestering fungerer på ein måte

Psykolog og «Psyktdeg»-profil Maria Abrahamsen har trua på at manifestering kan funka, dersom ein brukar det rett.

– Nokre delar av det kan forklarast av forsking. Dersom me brukar mykje tid på å tenka på ein ting, så blir det lagra i forbevisstheita vår, seier ho.

Når me tenker mykje på noko, vil det ifølgje psykologen gjera at me legg betre merke til teikn i omgivnadane som støttar oss til gå i riktig retning av det me vil oppnå.

Psykolog Maria lener olbogen på kneet, og kviler ansiktet i håndflata si. Ho er solbrun, har blondt stripa hår, og eit gullarmbånd rundt handleddet. Ho har på seg ein kvit kjole med blå og gule blomar.
UVISST: – Eg vil ikkje forkasta den spirituelle og religiøse undertonen i dette her, men eg tenker at det uansett kan forklarast frå eit psykologisk perspektiv, seier psykolog Maria Abrahamsen om manifesteringsfenomenet. Foto: Kristoffer Myhre

Men psykologen minner om at det er viktig å hugsa på at manifestering, slik som det ofte blir framstilit i sosiale medium, ikkje er vitskap.

– Det er ikkje hardcore science. «Manifestering» er ikkje eit omgrep me psykologar brukar, men me har kanskje litt andre omgrep på mykje av dei same fenomena.

Abrahamsen drar fram forskninga til psykologen Carol Dweck. Denne forskinga, som er noko omstridd, påstår at det positive tankesettet, som er så viktig i blant anna manifestering, faktisk gjer det meir sannsynleg for deg å lykkast med det du ønsker å oppnå.

– Forskninga handlar om «growth mindset» og «fixed mindset». Korleis du vurderer ein situasjon og forklarar han med tankane dine, påverkar det faktiske utfallet, forklarar Abrahamsen.

At du styrkar di eiga tru på at du vil få det til, aukar sannsynet for at du får det til.

– Så manifestering fungerer på ein måte, dersom ein har realistiske tankar og realistiske mål som dreiar seg om at det er ein sjølv som må gjera jobben.

FIXED MINDSET:

Eit tankesett der du har lite tru på eiga evne til å læra noko nytt, veksa og meistra ting. Ein blir verande i sine vande mønster og ser på forandring som ein trussel og ei skremmande utfordring.

Det kan gjera at du blir redd for å mislykkast, redd for prosessen eller redd for forandring.

GROWTH MINDSET:

Eit tankesett der du har trua på eiga evne til å læra, veksa og lykkast. Forsking antydar at dersom me verkeleg trur at me kan oppnå noko, så er me villige til å gjera det harde arbeidet som trengst for å oppnå det.

Dersom du ser på forandring som noko som gir gode følelsar og meistring, vil kroppen få ein boost av adrenalin. Adrenalin gir energi og senkar nivået av stresshormonet kortisol.

Dette gjer at me greier å tenka klarare, får meir motivasjon, får betre blodgjennomstrøyming i kroppen og meir oksygen i musklane og vevet som trengst for å til det me prøver på.

Kjelde: Psykolog Maria Abrahamsen

Englehjelp, energiar og universet

Frida har lært mykje om manifestering på TikTok, men trur ikkje på dei videoane som hevdar at du kan oppnå måla dine utan å gjera noko for det.

Ho trur at manifestasjonane berre blir oppfylt dersom du jobbar for at det skal skje.

– Med manifestasjon set du deg heile tida mål som du skriv ned, og då vil du ubevisst finne løysingar til å nå det målet. Men så trur eg på at du får mykje hjelp av universet også. Eg trur at ein har englehjelp og energiar som heile tida dyttar deg i riktig retning.

Dette stiller popartisten Kamara seg bak.

Fatumata Kamara (24) meiner blant anna at karrieren hennar har blitt hjelpt fram av hard jobbing og manifestering.

– For meg er manifestering det å motivera deg sjølv til å jobba hardt, slik at om ting fell på plass, så er du klar til å «receive it». På grunn av at du jobbar mot måla dine, så kjem universet til å putta deg i situasjonar som gjer at det er lettare for deg å nå det, meiner ho.

Kamara står på scena under Øya. Ho har på seg ein rosa genser med rysjer langs armane og matchande bukse. Ho har rosa sminke som går frå augelokka og heilt bort til hårfestet og øyra. Ho har ein kort afro og held mikrofonen opp mot ansiktet mens ho syng.
UNIVERSETS DYTT: Det var eit tilfeldig møte som gjorde at Kamara vart booka til Øyafestivalen i år: – Akkurat der trur eg at universet hjelpte meg litt, fortel artisten. Her avbilda frå Øya-konserten. Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

I likskap med Frida meiner Kamara at takknemlegheit og positivitet er viktig for å lykkast.

– Eg trur oppriktig på «law of attraction». Det er same konseptet som karma. Om du puttar positiv energi ut, vil det komma tilbake til deg, om du puttar ut negativ energi, vil det komma tilbake til deg.

Kamara skriv ned det ho er takknemleg for i ei bok, når ho føler for det. Bergensaren meiner at ein ikkje må vera spirituell for å manifestera.

– Eg trur ikkje på Gud, men eg trur på universet. Dersom du tenker at manifestering er placebo og det likevel funkar for deg – så er det din manifesteringsteknikk. Det treng ikkje vera sånn at «det er ei ånd bak deg».

Samstundes meiner ho at bønn også er ein type manifestasjon.

– Du ber til ein Gud og seier: «Takk for alt du har gitt meg.» Du viser «gratitude» til ein skapar og håpar i gjengjeld på å få noko tilbake. Det er same konseptet, berre med forskjellig namn, hevdar 24-åringen.

Unngå «magisk tenking»

Psykolog Abrahamsen åtvarar mot å tru at ein kan manifestera det ein ønsker seg, utan å legga inn innsatsen som trengst.

– Fallgruvene er viss ein trur at det berre vil komma til deg, at ein trur at dette er ei slags tankekraft som gjer at ein kan kontrollere eksterne ting i omgivnadane. Det å ha realistiske mål og å visualisera prosessen – ikkje berre målet, trur eg er viktig, seier ho.

Dei som har opplevd å manifestere seg fram til seksar utan å ha lese til prøven, gjer sannsynlegvis mykje ubevisst, meiner psykologen.

– Då har du sannsynlegvis følgt veldig nøye med i timen, eller så kan du faget godt nok. Det er ikkje sånn at du plutseleg sit der på eksamen og kan ting som du ikkje har lese. Det går ikkje an, og det er det me kallar for «magisk tenking».

Abrahamsen legg til at det i visse tilfeller kan vera farleg å manifestera urealistiske ting, for eksempel dersom ein sjuk person trur at det går an å manifestera seg frisk, utan å ta nødvendig medisin.

Frida står lang vekke inne i ein skog med tynne bjørketrær. Bakken er dekt av brun bark, mens resten av bilete er grønt og livlig. Frida står med hendene langs kroppen og ser til sida og opp.
ALLE GJER DET: – Eg trur menneske heile tida manifesterer ubevisst, utan at ein er klar over det. Når du tenker at du skal ein ting, så manifesterer du det, fortel Frida. Foto: Astri Aspen, NRK P3

– Ikkje «hate» på nokon berre fordi dei likar noko som du ikkje skjønar deg på

Frida meiner at ho har manifestert seg fram til rein hud, TikTok-suksess og den hyggelege vertsfamilien ho hadde då ho var på utveksling i USA i fjor.

Men kva skjer dersom noko du har manifestert, ikkje skjer? Er det då universet som straffar deg?

– Eg tenker mykje på skjebnen og at det kjem når det skal. Så dersom du har manifestert noko og det ikkje kjem, så var det meininga at det ikkje skulle komma. Og då lærte du noko av det òg, svarar ho.

Oslojenta meiner at ein kan manifestera seg fram til det aller meste, men anerkjenner at utgangspunktet til folk har mykje å seia.

– Nokon er jo heldigare enn andre, og det er eg fullt klar over. Eg har eit veldig godt utgangspunkt, men eg trur at kven som helst kan få det til – så lenge ein jobbar hardt for det og tenker hardt på det.  

Dersom du er kritisk, oppmodar Frida deg til å testa ut manifestering sjølv.

– Det eg eigentleg seier, er: Ver takknemleg og positiv. Det er basically bodskapet. Dersom dei har noko kritikk mot det, er det ikkje mitt problem.

Ho legg til at uansett om manifesteringa berre er placebo, så er det bra for oss å reflektera rundt kva me ønsker og er takknemleg for:

Eg trur at med ein gong ein blir meir bevisst på si eiga bevisstheit og begynner å meditera, så vil ein få betre psykisk helse også.

DELER: I ein TikTok har Frida delt litt om korleis ho manifesterer. I framtida har ho tenkt til å laga meir innhald om dette. Skjermopptak: 23.08.22

Også artisten Kamara oppmodar folk som er kritiske til å tenka seg om to gongar før dei fortel nokon at det dei trur på, er teit.

– Kvifor skal me gå rundt og seia «eg har rett, du har feil»? Ikkje «hate» på nokon berre fordi dei likar noko som du ikkje skjønar deg på. Det er noko anna om du trur på noko som påverkar andre menneske direkte, slik som me har sett at mange tradisjonelle religionar gjer, seier bergensaren.

Både Kamara og Frida er klare på at dei kjem til å halda fram med manifestering.

– Dei aller mest suksessfulle menneska driv med det. Eg trur at manifesteringa vil ha stor innverknad på korleis livet mitt vil sjå ut om nokre år, meiner Frida.

Endring 3. september kl. 11.33: Saka er oppdatert med ei setning om at forskinga til Carol Dweck er noko omstridd.

Endring 5. september kl. 08.45: Ei setning om at noradrenalin gjer ein tiltakslaus, er fjerna frå faktaboksen.

Endring 5. september kl. 11.32: Det er lagt inn ei setning om farene ved manifestering i avsnittet «Unngå «magisk tenking».

MEIR SOM DETTE:

SISTE FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: