nrk.no

Bruker stjerneteikn til å finne ut kven ein er

For Maja (20) og Bezawit (25) handlar interessa for stjerneteikn om eige tankar og kjensler. Dei meiner at fleire unge finn tilhøyrsle i astrologi.

For Maja (20) og Bezawit (25) handlar stjerneteikn om deira eigne tankar og kjensler.

Dei meiner at fleire unge finn tilhøyrsle i astrologi.

Bruker stjerneteikn til å finne ut kven dei er

«Kva for eit stjerneteikn er du?»

Du kjenner kanskje igjen spørsmålet. For kven har ikkje blitt spurt om du er fisken eller vêren? Og kven har ikkje bladd gjennom fleire memes for å sjekke kva ditt stjerneteikn seier om deg.

Det gjeld i alle fall mange unge i dag.

På TikTok får du over 3 millionar treff på den norske emneknaggen «stjernetegn» (den engelskspråklege emneknaggen har over 38 milliardar treff).

Der finn ein snuttar fylt med stereotypiar om kven du er viss du er fisken, steinbukken eller ein av dei andre 10 stjerneteikna som finst.

Maja Ja Jansen frå Oslo (20) bruker stjerneteikn aktivt i kvardagen. Ho meiner det har blitt ein trend mellom mange unge i dag.

Maja sitter i en rosa sofa. Rommet har en rosa vegg. Bilde er rammet inn fargene gul, lilla, rosa og turkis. Maja har oransje hår og har på seg en rød gense. Over genseren har hun på seg en rød, orange og hvit strikket vest. Maja ser inn i kamera og smiler med lukket munn. Hun har på seg lange smykker.
HEKS: Maja Ja Jansen (20) identifiserer seg som ein andregenerasjons heks. Foto: Ingrid Ciakudia-Moxnes, NRK P3

– Eg trur det har blitt populært for unge nå fordi det er eit behov for å høyre til. Eg har sjølv alltid syntest at stjerneteikn har vore ein fin måte å føle seg forstått på, seier Maja.

Bevisst på seg sjølv

Vi møter 20-åringen heime i ein varm og fargerik Oslo-leilegheit. Ein heim som kanskje mange vil tenke har eit alternativt uttrykk. For her finst det alt frå krystallar til spåkuler og tarotkort.

Maja er det ho sjølv kallar andregenerasjons heks og bruker blant anna tarotkort og stjerneteikn til å spå dagane sine. Majas eige stjerneteikn er jomfrua.

– Eg liker å kalla meg heks fordi eg driv med blant anna spådom. Mamma kalla seg også heks då ho var yngre. Eg pleier å kalla meg kunstheks og bruker magi og spådom aktivt i det eg gjer. Eg har lært mykje via heksebøker eg har, seier ho.

20-åringen trur mange begynte å interessere seg for astrologi på sosiale medium då samfunnet stengde ned i starten av 2020.

Bilde av alteret til Maja. Det er lys, tarotkort og krystaller på et hvitt bord. Sommerfuglvinger og rosa vegg.
MAGI: Maja har eit alter på rommet sitt med blant anna krystallkuler og tarotkort. Foto: Ingrid Ciakudia-Moxnes, NRK P3

– Ein blei så isolert frå resten av verda. Ein begynte å tenke: «kven er eg?» og blei veldig bevisst på tankar og kjensler.

Og ho følte at det ikkje berre skjedde med ho, men mange unge i den tida samfunnet var stengd ned.

– Ein ville finne ut av kven ein er, og då er det naturleg å sjekke horoskopet. Ein har visst kva stjerneteikn ein er sidan ein var barn.

Handlar om tilhøyrsle

Portrettbilde av Bezawit Tadele. Hun har lange fletter i håret. Hun smiler med tenna og ser direkte inn i kamera. Hun har på seg en sort jakke og hvit genser. Hun har en synlig øredobb.
BEVISST: Bezawit Tadele (25) fortel at stjerneteikn gjer ho bevisst på tankar og kjensler. Foto: Ingrid Ciakudia-Moxnes, NRK P3

Det er ikkje berre dei som er opptatte av tarotkort og heksebøker som interesserer seg for astrologi.

Bezawit Tadele frå Oslo (25) trur at når det er mykje ein kan relatere seg til vil fleire lese om det og lære om det. Bezawit sitt stjerneteikn er skytten.

– Eg elskar å spørje kva stjerneteikn til folk er. Det handlar om tilhøyrsle. Å føle at du har noko til felles med andre og at du blir sett. Personleg føler eg at viss eg møter på andre skyttarar er det eit band som dukkar opp, fortel ho til P3.no.

Bezawit voks opp i ein kristen ortodoks familie, men interessa for stjerneteikn meiner ho kjem frå at det er ein trend på sosiale medium. Ho fortel at ho bruker det mykje i måten ho tenkjer på.

– På sosiale medium finn du memes og du ser at folk er opptatte av det. Eg synast at det er dødsinteressant, men det avgjer ikkje så mykje. Eg kan ikkje sei at eg trur heilt på det, men når eg ser at ting gir meining og det vert knytt opp mot realiteten, då bruker eg det.

25-åringen meiner at ho har eit logisk forhold til stjerneteikn.

– Eg trur ikkje blindt på det utan ha noko anna å støtte det opp mot. Eg knyter det opp mot realiteten. Eg synast personlegdomstestar er veldig spennande, og trur kanskje enda meir på det. Men det er gøy å ha forskjellig ting som styrkar forståing av seg sjølv og andre, forklarer ho.

Må ikkje vere synleg

Elisabeth Tveito Johnsen ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, fortel at mange unge bruker astrologi som eit tillegg til noko dei allereie trur på.

Elisabeth Tveito Johnsen har på seg en rød bluse og sortbukse. Hun har langt, lys og krøllete hår. Bakgrunnen er fargerik. Det står en utydelig tekst bak henne,
FRIDOM: Elisabeth Tveito Johnsen fortel at ungdom i dag er opne for mykje meir enn foreldregenerasjonen. Foto: UiO

– Det er ikkje sjeldan at ungdom som vel å konfirmere seg kyrkjeleg eller humanistisk, også er opptatte av stjerneteikn. For mange ungdommar fungerer dette ikkje som ein motsetning. Dei er meir inklusive enn eksklusive i sin religionsform.

Johnsen er førsteamanuensis som forskar på samtidsreligion, og er programleiar for bachelor i Religion og samfunn ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Ho underviser blant anna i kurset «Levd Religion i Noreg».

Ho trur unge i dag ikkje vil slå seg til ro med ein type rasjonalitet som ikkje opnar for ei verkelegheit utanfor den synlege.

– For foreldregenerasjonen har oppgjeret med dogme og streng kristendom vore avgjerande. Det er ikkje ei problemstilling for ungdom i dag. Dei opplever ein fridom til å prøve ut – og dei har få av dei same sperrene om kva som er lov og ikkje.

Johnsen meiner at ungdom bør vere kritiske til kva dei blir presentert for på sosiale medium og andre stader.

– Mitt inntrykk er at unge i dag er gode til å vere kjeldekritiske. Å gjere stjernetolking til sin einaste retningssnor i livet, trur eg det er få som gjer, seier ho.

Statistikk utført av Norstat for NRK viser at 5 prosent i alderen 18 til 29 år trur på astrologi, mens 22 prosent svara «litt kanskje».

Tala viser også at kvinner er meir interessert i stjerneteikn og astrologi, enn menn.

Bevisst på tankar og kjensler

Det er fleire ting som blir snakka om på sosiale medium når det gjeld stjerneteikn. Blant anna om kva for nokre stjerneteikn som passar saman i et forhold. Tidlegare i år skreiv P3.no ein sak om liggelister, der Jenny nemnde at ho sjekkar opp stjerneteiknet til alle «one night standsa» sine.

Slike ting er med på å skape fordommar meiner andregenerasjons heksen Maja, men ho legg ikkje skjul på at dei påverkar ho også.

– Det er ikkje sånn at eg har fordommar mot kva stjerneteikn nokon er og at det påverkar veldig kven eg skal bli saman med, men det er interessant å kjenne igjen karakteristikkar og kjenneteikn, forklarer ho.

Gisle Henden, grunnleggaren av Astrologiskolen Herkules, fortel til P3.no at det er naturleg at når ein har interesse for seg sjølv og sitt indre liv, kvalitetar og svakheiter, så blir ein fort oppmerksam på forskjellar også i stjerneteikn. Henden har blant anna eit hovudfag i filosofi frå universitetet i Oslo og ein doktorgrad i økonomi frå BI.

– Viss du skal på ei datingside les du fort kva andre er opptatte av. Om dei er opptatte av gammaldans eller å reise jorda rundt. Det blir litt det same med stjerneteikn, seier han.

Nysgjerrigheit for astrologi

Nærbilde av antrekket og smykkene til Maja. Hun har på seg lange smykker med steiner på. Hun har på seg en strikket vest med forskjellig farger. Bakgrunnen er uklar.
PYNT: Maja (20) har mange smykke med steinar på. Foto: Ingrid Ciakudia-Moxnes, NRK P3

På spørsmål om kvifor Henden trur at unge menneske interesserer seg for stjerneteikn i dag svarer han:

– Mitt inntrykk er at mange unge jenter i ungdomsåra har hatt ein nysgjerrigheit for astrologi i større eller mindre grad. I kva grad det er meir utbreidd nå enn tidlegare, det tør eg ikkje å svare på. Det er noko som genuint interesserer folk i og med at det har eksistert over heile kloden i mange tusen år, seier Henden.

Forskar Johnsen synast også at det er vanskeleg å fastslå om astrologi er meir utbreidd nå enn før.

– Men det har blitt meir legitimt og ein meir etablert del av populærkulturen. Det er ikkje noko som gjer at du mistar sosial status lenger. Det er noko du fritt kan snakke om, utan at du blir latterleggjort eller tenkt på som irrasjonell, seier ho.

For Maja og Bezawit er det ein viss tryggleik å tru på noko større enn seg sjølv.

– Eg tenkjer at det må vere isolerande å ikkje tru på noko. Det er trygt å vite at planetar og horoskop har noko å si på oss individ, seier Maja.

– Ein føler ein slags tilhøyrsle. Du er ikkje aleine om det og du har noko til felles med andre, seier Bezawit.

Endring måndag 13. desember kl. 12.22: Artikkelen er oppdatert med statistikk frå Norstat.

LES MEIR:

Siste fra P3.no: