nrk.no

Ønskjer eit kritisk blikk: – Gjer at vi må skjerpe oss

Trine (26) og Ole Otto (26) valte landbruksnæringa – ei næring som krev stadig utvikling for å kunne ivareta dyr og miljø.

Foto: Morten Skogly, NRK P3

Trine (26) og Ole Otto (26) bur på Bakken Gard i Stadsbygd i Trøndelag.

2022 Årets unge bonde – Foto Morten Skogly NRK P3 -NRK04019-2

Dei har valt eit liv stadig færre tør å satse på.

2022 Årets unge bonde – Foto Morten Skogly NRK P3 -NRK04119

Og ei yrkesretning under stadig større press.

– Det er hundre prosent eller ingenting

Talet på bønder i Noreg går nedover. Dei omtrent 38.000 gardane i drift i landet i dag tilsvarer i underkant av ein tredjedel av talet for femti år sidan.

Trine Pedersen (26) og Ole Otto Grønning (26) er to av stadig færre unge som vel å vie livet sitt til landbruk. Nyleg vann gardbrukarparet kåringa «Årets unge bonde» ved å ha utmerkt seg gjennom arbeidet dei legg ned på garden.

– Vi har aldri heilt fri, fortel Ole Otto om innsatsen som ligg bak.

Han seier at det å vere bonde, er ein livsstil heller enn ein jobb. Ein må ut om morgonen og ut om kvelden. Om ein skal utanbygds, må ein ha ein avløysar ein stoler på – og sjølv da må ein vere tilgjengeleg på telefon.  

Kanskje er det ikkje overraskande at stadig fleire parkerer traktoren for godt, når ein ser den kontinuerlege påkoplinga som krevst.

Og den altoppslukande sida ved yrket er ikkje den einaste utfordringa bøndene møter.

Draumen

Trass dette er ikkje Trine og Ole Otto glade i å fokusere på det negative og ser fyrst og fremst positive sider ved yrkeskvardagen sin. Det er jo dette dei vil.

Ole Otto er oppvaksen på garden Bakken. I tillegg til alltid å ha hjelpt til på heimgarden, har han jobba som avløysar. Han er òg utdanna landbruksmekanikar og har gått agronomkurs.

To bilder står ved sidabn av kvarandre. På biletet til venstre sit Ole Otto i traktoren sin. Vi ser berre traktorhuset og han som sit inni det. Ole Otto er in action og ser ut til å strekke seg etter døra på traktoren som står open. Han bruker eit heilt svart arbeidsantrekk. Han har korte skjeggstubbar og hååret hans er myrkt og kortklipt.
På bletet til høgre ser vi eit analogt bilde av Ole Otto som er lima inn i eit fotoalbum. Under bildet står det "Drømmen". På biletet er han rundt ti år. I likheit med biletet til venstre sit han i traktororhuset. Her smiler han mot kamera med venstrehanda på rattet og høgrehanda på armlenet. Ole Otto har på seg ein grå caps ogei raud og blå jakke. Han har på seg ei svart bukse og svarte og grå fritidssko.
VERKELEGHEITA: Barndomsdraumen om å køyre stor traktor har blitt realitet og ein del av kvardagen. Foto: Morten Skogly, NRK P3.

– Eg har vore i landbruksbransjen heile livet. 

Og i 2020 tok han over familiegarden utan den minste tvil om at han skulle bruke odelsretten.

Ut ifrå interessene til Ole Otto passar gardslivet han utmerkt, noko han trur må til for å drive gard i dagens samfunn.

Med mengda ansvar og verdiar det inneber, krevst det at ein må vere heilt sikker på at det er å drive gard ein verkeleg vil, ifølgje Ole Otto.  

– Det er hundre prosent eller ingenting. 

Og hundre prosent har han gått inn med sambuaren sin Trine, som han nå ventar barn med i februar.

Trine står i fjøset. Det er sterk motljos så ein ser berre hosom ein siluett. Ho står i profil og ein ser ho i heilfigur. Magen hennar er stor og det er tydeleg at ho er gravid. Trine står i fjøset omgjeve av høy og kyr på begge sider som stikk hovudet sitt inn i biletet frå bingane. Ei stor dør i fjøset står open og slepper inn det sterke, kvite vinterljoset.
BABYLYKKE: I vinter blir Ole Otto og Trine foreldre og dei gler seg til at barnet deira får oppleve gardslivet. Foto: Morten Skogly, NRK P3.

Trine si avgjerd om å bli gardbrukar blei i stor grad styrt av kjærleiken. Dei to blei saman for åtte år siden, og eitt år etter flytta ho inn på garden.

Ho er sjølv vand med gardslivet da ho alltid har vore omgjeven av vennar og familie som driv i landbruksnæringa.

Sjølv om ho òg jobbar på garden, har ho fulltidsjobb som pedagogisk leiar i den lokale gardsbarnehagen.

– Barnehagen er knytt til eit småbruk der det er sauar, høner og kaninar, som dei i barnehagen har ansvar for stellet av. Der får ungane følgt gardslivet gjennom fire årstider, fortel Trine.

Stadig fleire vegetarianarar

Trass lidenskapen til Trine og Ole Otto, finn ein ein del negativitet i retning landbruksnæring på nett og i samfunnsdebatten elles. Dette er noko gardbrukarparet kan kjenne på.

Det er blant anna stadig fleire som går over til eit grønsaksbasert kosthald, først og fremst av to grunnar: klima og miljø, og dyrevelferd.

Landbruksnæringa er rett nok den femte største kjelda til klimagassutslepp i Noreg.

I tillegg har bønder stått i hard vind når det gjeld dyrevelferd. Blant anna skapte dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter» stor debatt rundt griseindustrien og velferda til dyra i norsk landbruk.

Inger Lise Andersen er professor i etologi og dyrevelferd ved Universitetet i Ås, NMBU, på Institutt for husdyrfag og akvakulturvitskap. Ho har forska mykje på atferda og velferda til norske husdyr.

Portrettbilde av forskar Trine Lise Andersen. Ho er ute på eit jorde og står og lenar seg på eit gjerde. Bakgrunnen består av grønt grad og skog i et fjerne, samt at vi så vidt skimtar ein hest. Trine Lise har blondt, oppklipt hår med sideskill. Ho har på seg store øreringar i sølv og ei lakserosa tskjorte. Trine Lise smilar med tennene og ser inn i kamera.
FORSKAR: Inger Lise Andersen forsøker å finne ut korleis norske husdyr kan ha det best mogleg. Foto: Privat.

– Det er prisverdig å la vere å spise kjøt fordi ein har stor respekt for dyr, seier ho.

Men når valet blir teke på bakgrunn av å spare miljøet, tenkjer Andersen at det ikkje er særleg hensiktsmessig.

– Det er ikkje husdyra som er den store klimaverstingen – på langt nær. 

Likevel meiner ho husdyrnæringa og landbruket må vere med å ta i eit tak, da det òg er ei stor kjelde til utslepp.  

Berekraft i mange fasettar

Andersen påpeiker at klima kun er èin del av berekraftig utvikling.

– Produksjon av norsk mat, med norske lokale ressursar som grunnlag, er svært viktig for ei berekraftig framtid, meiner forskaren. 

Andersen merkar at landbruksnæringa i tillegg må ha ei berekraftig utvikling når det gjeld driftseffektive løysingar – at det skal vere god økonomi og lønnsamheit i produksjonen.

– Til sist kjem den sosiale berekrafta. Dyr si helse og velferd har samanheng med menneske si helse og velferd.  

Ole Otto og Trine tenkjer at samfunnsdebatten rundt landbruksnæringa er nødvendig.

Trine og Ole Otto står i midtgangen av fjøset. Dei er omgjeve av høy og kyrne tittar ut frå bingane. Gjennom eine glaset i fjøset skin sola og skapar eit varmt ljos. Trine og Ole Otto ser mot dette ljoser og står mot kvarande, tett i tett. Trine held på livet til Ole Otto. Han har hendene i lomma. Dei begge har på seg kjeledress og støvlar.
OPENHEIT: Trine og Ole Otto trur det er viktig å vise fram og vere opne om korleis dei har det på garden. Foto: Morten Skogly, NRK P3.

– Det gjer at vi må skjerpe oss og vere framoverlente og bevisste på berekrafts- og utsleppsmål, seier Ole Otto.  

Når det gjeld berekraftsutviklinga i landbruket trur Ole Otto at bøndene har vore alt for dårlege på å vise fram kor flinke dei er.  

– Vi har blant anna hatt klimakalkulator i mange år. Der kan vi rekne ut klimaavtrykket på kvar enkelt gard. Da ser ein kor ein har for stort utslepp og kor vi har moglegheit til å redusere klimaavtrykket.  

Ole Otto og Trine fokuserer òg på å bruke dei ressursane dei har på sin eigen gard, framfor å kjøpe og frakte frå andre stadar. På den måten går næringsstoffa i eit krinsløp.

Portrettbilde av Ole Otto. Han står i fjøset. Han har eit alvorleg og uttrykk og ser bestemt inn i kamera. Han har på seg ein ein raud og svart kjeledress og kviler hendene på noko vi ikkje ser i bildet.
ØNSKE OM MEIR NYANSERT BILDE I MEDIA: – Men vi har òg eit ansvar der sjølve. Vi er kanskje for dårlege til å vise fram det vi gjer på ein god måte, seier Ole Otto. Foto: Morten Skogly, NRK P3.

I tillegg er paret med i ein organisasjon som heiter Geno. Der har dei mellom anna eit fôreffektiviseringsprogram som ser på kor mykje fôr kua et og kor mykje ho prompar og slipper ut klimagassar. Dette gjer at fôret deira stadig er i utvikling.

Landbruksforskar Andersen trur norske bønder ønskjer å jobbe mot målet om å utvikle norsk landbruk i retning mest mogleg dyrevennleg produksjon med minst mogleg utslepp.

– Dyr som er mindre stressa, urinerer og gjødslar mindre og slepper ut mindre gassar. Ting heng saman.  

Med dyra i fokus

– Det er mykje bra og framtidsretta i denne næringa, seier forskar Andersen.

For eksempel er lausdrift noko stadig fleire går over til. Det fører til mindre stress for dyra og at dei får dekt meir av dei grunnleggande atferdsbehova sine.

  • Nærbilde av ei ku. Kun snuta på kua er i fokus. Ei nysgjerrig ku som strekkjer seg for å snuse på kameralinsa.
  • Tre kyr på rekke og rad som stikk hovudet ut frå bingane med jerngjerde mot høyet som ligg på bakken. Kua lengst mot kamera er brun og kvit. Dei to neste er fyrst og fremst svarte.
  • På biletet ser ein utover i det store industrielle fjøset med gjerder. Men opp frå ein bingen stikk ei brun og kvit ku opp hovudet og ser rett mot kamera.
  • På bildet ser vi ein brun kalv som stikk hovudet ut frå bingen. Den har gule merkingar med nummer i øyra.
  • Brune og kvite kyr står på rekkje og rad og stikk hovudet ut frå bingen mot matfatet av høy som ligg framfor dei.
  • På bildet ser vi ei svart og kvit ku i profil. Ho stikk hovudet ut frå bingen mot midtgangen i fjøset der alt høyet ligg. I bakgrunnen går skimtar vi Trine.
  • Ei svart og kvit ku ser opp mot kamera. Ho ser spak ut og legg øyrene bakover langs håret på toppen av hovudet som ser ut som ein tupè
  • Ei Kvit og brun ku sstår og ser rett i kamera. Snuta er rosa. I bakgrunnen ser vi ei anna kvit og brun ku.

Andersen hevdar at det er veldig mange flinke bønder som ikkje treng noko råd om korleis dei skal behandle dyra sine.

– Men der det er menneske, er det òg menneskeleg svikt. 

Forskaren påpeiker at svikt kan handle om korleis folk har det. Nokre tek over ein gard fordi dei føler seg plikta til å vidareføre tradisjonane som er der. Andre driv gard fordi dei er genuint interesserte i å drive med husdyr.

– Det å jobbe med dyr er eit omsorgsyrke. 

PÅ biletet ser vi at ei svart og kvit ku blir klødd over snuta og mellom augene av Trine. Trine er i forgrunnen, men ho ser vi berre såvidt den raude kjeledressen til og det blonde håret.
KJÆLING: Paret klappar og steller ofte med dyra. Foto: Morten Skogly, NRK P3.

Sjølv om Noreg har eit omfattande regelverk når det gjeld dyrevelferd, er det ifølgje Andersen ikkje godt oppdatert.

– Det må til eit meir systematisk standardisert innhald. 

Ei stortingsmelding om dyrevelferd er i vente, men den blir utsett til 2024, noko forskaren synest er for lenge til.

Alle gardbrukarar skal i dag forhalde seg til dyrevelferdsloven og forskrifter som gjeld for det spesifikke husdyret ein har på garden.  

Satsing

På garden til Trine og Ole Otto har det alltid blitt produsert mjølk og kjøt, og da paret tok over, valte dei å satse større.

Da gjekk dei bort frå båsfjøset med 60 dyr over til lausdriftfjøs med 170 dyr. Det nye, høgteknologiske fjøset stod klart i 2021.

Ole Otto stå og pratar i telefonen midt blant kyrne i ein binge. Han lener seg på ein stav (eit skrapereiskap) og ser betenkt ut ned i golvet. På venstre side ser vi ein stor, raud kost som spinn rundt.
MULTITASKING: I framgrunnen ser ein børsten kyrne bruker til å klø seg med og leike seg med. Ole Otto er oppteken i telefonen mens han skrapar skit. Dette er heller regelen enn unntaket. Foto: Morten Skogly, NRK P3.

Her er kyrne lause og går sjølv i mjølkeroboten når dei er klare for å mjølkast. Dei kan når som helst gå bort til kostar som startar å spinne når kua kjem borti dei. Desse bruker dei både for klø og leike seg.

Det nye fjøset har òg ein stor halmbinge der det blant anna er kalving.  

Den nye teknologien skapar i tillegg moglegheiter for å ha kontroll utan fysisk å dra på seg kjeledressen og gå ut i fjøset.

Det er to bilete på sida av kvarandre. På biletet til venstrestår Ole Otto i notid. Han lenar seg på bakhjulet til ein stor grøn raktor. Han har eit mildt uttrykk i fjeset. Ole Otto har på seg svarte arbeidsklede som tydeleg er brukt til arbeid. Dei er skitne. Han står med hendene i lomma. På der andre bildet er Ole Otto rundt seks år. òg her står han ved sidan av det store, bakre traktorhjulet. Betydeleg mindre i forhold til det, enn på det andre bildet. Han har òg på dette bildet på arbeidsklede som er svært skitne. Han har på seg ei raud lue., og held ein raud spade i handa.
ARBEIDSKAR: Ole Otto har vore med og hjelpt til på garden frå ung alder. Foto: Morten Skogly, NRK P3.

Blir det trøbbel heime på garden mens paret er bortreist, kan dei for eksempel løyse problem med mjølkeroboten digitalt. I tillegg har dei kamera så dei til kvar tid kan sjå kva som går føre seg i fjøset. 

Blant anna takka vere at Trine og Ole Otto valte å satse på denne teknologien og eit innovativt, berekraftig landbruk, vann dei kåringa «Årets unge bonde». Dei utkonkurrerte fleire tusen andre nominerte.

Ole Otto og Trine står side om side om side i midtgangen i fjøset. Dei smiler. Begge er iført raude og svare kjeledressar og mørkegrønne støvlar. Trine lar ein brun kalv som stikk hovudet fram frå ein binge, sutte på handa hennar.
UVENTA: Paret vart svært overraska da juryen, med landbruks- og matminister Sandra Borch i spissen, stemte dei til topps i kåringa «Årets unge bonde». Foto: Morten Skogly, NRK P3.

Dyr(t)

Trass at Trine og Ole Otto lykkast stort som gardbrukarar, er det fleire faktorar som gjer yrkeskvardagen utfordrande.

Paret er samde om at det verste med å drive gard, er når dyr blir sjuke og har det vondt. 

– Dyra er jo som folk, dei er individ dei òg. Ein blir glad i dei, så når dei er sjuke, er det fælt å sjå, seier Trine.

– Dyrehelsa blir heldigvis betre og betre, blant anna grunna mjølkeroboten og lausdrifta, legg Ole Otto til.

Trass omsorga for kyrne, er det å sende dei på slakt ein naturleg del av prosessen for dei to.

Paret meiner at det viktigaste er at dyra har det godt mens dei lever, og at slaktinga blir gjort på ein mest mogleg human måte. 

Å vareta dyra er noko dei blant anna har gjort ved å bygge det nye fjøset.

– Dyrehelsa er blitt betre og mjølkemengda er blitt større, noko som speglar at dyra trivst i fjøset, fortel dei.

Ole Otto inne i ein stor binge. Ei svart og kvit ku klenger seg inntil han. Ole Otto klør ho på sida. I venstrehanda held han eit skrapereiskap. Han smiler mot kua.
ULIKE: Nokre kyr er kontaktsøkande, mens andre er tilbaketrekte. Dei har forskjellige personlegdomar alle saman, fortel Ole Otto. Foto: Morten Skogly, NRK P3.

Men ei slik utbygging er kostbar, og den siste tida har økonomien endra seg som følgje av både pandemien og kriging. Paret har kjent på den valdsame kostnadsaukinga på ulike varer og utstyr dei treng i gardskvardagen.

– Det er tøff belastning når du har satsa så mykje pengar som du har gjort. Da kan eg revurdere det eg held på med, seier Ole Otto.

Økonomien set grenser

– Eg synest mange bønder er opne når det gjeld å satse på alternative løysingar. Men da må dei ha ein «all right» arbeidskvardag, og dei må få det til å gå opp økonomisk, seier landbruksforskar Andersen.

Ho påpeiker at norske bønder har gjort store endringar på eiga kostnad. For eksempel er overgangen frå båsfjøs til lausdriftsfjøs noko bøndene sjølve må betale for. 

På biletet ser vi to store bygg. På høgre side ser vi det nye lausdriftfjøset bygd av mur. Det har mange vindauge jamt fordelt bortover veggen. Til venstre står det gamle båsfjøset. Det har låve som er raudmala med ljoseblå låvedør. Grunnmuren erkvitmala med vindauge jamt fordelt. I sentrum av biletet ser vi ein traktor med hengar. Forbi den skimtar vi solnedgangen over fjorden.
GAMALT OG NYTT: Til venstre står båsfjøset med den blå fjøsdøra som gardane i Stadsbygd er kjenneteikna av. Til høgre står det nybygde lausdriftfjøset. Foto: Morten Skogly, NRK P3.

– Det bør vere nokre politiske, økonomiske insentiv for å motivere folk til å gjere det vesle ekstra.  

Andersen meiner at landbruksnæringa kan true dyrevelferda ved berre å ha fokus på effektivitet – å produsere mest mogleg mengd med minst mogleg innsats.  

Forskaren fortel at det rett nok er ei positiv utvikling i Noreg i dag, da stadig fleire bønder ser på andre typer løysingar enn storindustrien.

Lars Myhr Sandlund er leiar i Senterungdomen Trøndelag og tenkjer at eit berekraftig landbruk blir oppnådd gjennom eit samarbeid mellom næringslivet, staten og bønder.

Poltikar Lars Myhr Sandlund smiler mot kamera. Han har mørkt hår og kortlklipt hår med midtskill som bølger seg til sidene. Lars smiler med tennene mot kamera. Han har på seg ein ljosgul ralph laurent-genser med glidelås i halsen som er open så ein ser den kvite tskjorta han bruker under. Med høgrehanda dreg han opp genserermet på venstre. På høøgrehanda har han ein ring på lillefingeren og eit lenkearmband. I bakgrunnen er det hav og ei palme.
POLITIKAR: Leiar i Senterungdommen Trøndelag. Foto: Karoline Olsen Fjeld.

Trass at politikaren har forståing for at det er vanskeleg å utføre tiltak med høge prisar og lita støtte, påpeiker han at bønder er sjølvstendig næringsdrivande.  

– Dei er ei privat bedrift, og på papiret skal dei klare seg sjølve. Vi skulle likevel ha auka støtta. Det er mange som begynner å bli utolmodige. Eg kjenner eg begynner å bli utolmodig sjølv òg.  

Eit samfunnskritisk yrke

Gardbrukarparet tenkjer at viktigheita av at unge folk vel å bli bønder, er å brødfø befolkninga. Men Ole Otto påpeiker òg ringverknadane landbruksnæringa bidreg til. 

– Det er ikkje berre eg som tener pengar på å levere mjølk. Reknskapsførarar, elektrikarar, rørleggarar og snekkarar eg bruker, får òg jobbar av at eg har gard. 

Paret poengterer òg kor viktig det er å ha bønder dersom det skulle oppstå ein krigssituasjon her, slik ein ser andre plassar i verda i dag.

Ole Otto sit ved ein hjørneskrivepult. Framfor seg har han ein pc, tastatur og høgtalarar. Han har på seg ein svart genser og i den svarte kontorstolen sit han og ser alvorleg mot pc-skjermen. Han held høgrehanda over handleddet på venstrehanda.
FJØSLOFTET: I andreetasjen av fjøset har Ole Otto kontor. Trass at det å vere bonde byr på mykje praktisk arbeid, er det òg mykje kontorarbeid. Foto: Morten Skogly, NRK P3.

– Da er vi avhengige av sjølvforsyning vi ikkje kunne hatt utan landbruket, seier Ole Otto.

Forskar Andersen meiner det er viktig at unge går inn i gardbrukaryrket og bidreg til at norsk matproduksjon blir halden stabil.

Ho fortel at produkta som kjem frå andre stadar i Europa, har større sjans for å innehalde antibiotika, noko som kan bidra til resistens og at fleire bakteriar fritt kan boltre seg.

– Dette er eit tydeleg bilete på at måten vi behandlar dyr, på til sjuande og sist vil påverke oss sjølve. Alt heng saman, seier Andersen.

Bonderomantikk

Ole Otto og Trine brenn for kvardagen som bønder på landsbygda – livet som for utanforståande kan verke tøft, men som for dei er optimalt.

Dei to har alltid budd i same kommune og blei derfor kjent i ungdomsåra, men kva var det som gjorde at de sa «pang» for akkurat dei to?

Dei to ler godt og kikar på kvarandre. 

– Det er vanskeleg å vite slik eigentleg, svarer Ole Otto med eit smil om munnen. 

– Vi har mykje til felles – felles verdiar, som eg trur er viktig når ein skal drive ein gard, supplerer Trine. 

Trine sit på kne. på høy i midtgangen i fjøset. FRå ein binge strekkjer ei brun og kvit ku seg mot ho. Trine held handa til snuta på kua. Trine smiler varmt mot kua.
– INGEN MINORITET: Trine fortel at bygda og folka der skaper eit fellesskap og støtteapparat. Foto: Morten Skogly, NRK P3.

Og det at kjærleiken førte Trine til ein gard i same bygd, er ho takksam for.

Ho har aldri flytta ut frå kommunen. Ikkje ein gong da ho studerte i Trondheim, flytta ho, men pendla i staden den timelange turen. 

– Eg er ikkje noka «byveit», nei, slår ho fast. 

Det er den store fridomen og rolege kvardagen utan mas og kjas paret verdset når det kjem til å bu på bygda. 

– Eg set pris på gardsidyllen. Garden ligg på ein utruleg vakker plass og er prega av ein tradisjonell utsjånad, fortel Trine.

Ho set pris på livet som bonde og kor triveleg det alltid er å kome ut i fjøset. 

– Og du veit at det du driv med, gjer deg til deg sjølv.

Trine og Ole Otto står i den store fjøsdøra. Biletet er teke frå inne mot ute. Trine og Ole Otto held hender og solnedgangen skin mot dei. Vi ser dei som siluettar. EIn kan såvidt skimte Tine-logoen på kjeledressen til Ole Otto. Framfor dei skapar solnedgangen eit varmt og fint ljos. I tillegg er nokre rundballar stabla like i nærleiken.
FRAMTIDSRETTA: Paret er klar for eit nytt kapittel som familie på tre. Foto: Morten Skogly, NRK P3.

På garden bur òg foreldra til Ole Otto, og dei er med og hjelper der det trengst.

Nå er Trine og Ole Otto klare for å steget inn i gardslivet som foreldre.

Ole Otto, som sjølv voks opp på garden, verdsette barndommen sin her.

Det var alltid nokon heime, alltid noko å finne på, alltid noko å lære. I tillegg fekk han bygd eit nært band til besteforeldra sine som den gongen budde i kårboligen.

Den same gode oppveksten skal dei gi det nye tilskotet på Bakken gard.

MER SOM DETTE:

Siste fra P3.no: