– Ein av hennar beste låtar

Sval lot seg inspirere av ein P3-lesar i den ferske låta «Starten på slutten».

Sval fyller ikkje 18 år før i oktober, men med heile seks singlar allereie gitt ut, viser ho seg stadig som ein dyktig artist med teft for låtskriving. No gir ho endeleg ut sitt fyrste album – Mellom oss.

– Strofen oppsummerar songen

Sval er snart aktuell med et nytt album. Foto: Jørgen Gomnæs
Sval er snart aktuell med eit nytt album. Foto: Jørgen Gomnæs

Ein av songane på albumet er spesiell ettersom den vart til då Sval i samarbeid med P3, gav publikum moglegheita til å vere med på å skrive teksten til ein av hennar nye låtar.

– Då eg fekk vite om konkurransen syns eg det var ein veldig kul idé, og eg las gjennom alle bidraga. Eg hadde ikkje byrja på noko så eg ville ha eit ope alternativ og tykkjer den strofa eg valde seier så mykje i seg sjølv, fortel Sval.

Les også: Får skrive låt med Sval

Av alle dei innsendte var det Cathrine Marie Kristiansen si strofe, «du kan si hva du vil, men det er ikke alltid ord strekker til», som peika seg ut for Sval, og den har no inspirert til songen «Starten på slutten».

– Det som er kult med strofa er at den summerar opp alt songen handlar om. Når eit forhold tek slutt og alt er sagt og gjort, så er det ingenting ein kan seie for å fikse det igjen, svarer ho på spørsmål om kvifor ho valde akkurat den setninga, seier artisten.

Nøgd bidragsyter

Cathrine Marie Kristiansen skreiv strofa som Sval bruker i "Starten på slutten". Foto: Privat
Cathrine Marie Kristiansen skreiv strofa som Sval bruker i «Starten på slutten». Foto: Privat

Sval har berre snakka med Cathrine ein gong tidlegare, nemleg under sendinga til Christine Dancke då ho vann konkurransen. Men sjølv om ein aldri har møtt kvarande før, trur Sval at ein med felles interesse og utgangspunkt kan skape noko kult likevel.

– Det er gøy å vite at ein har skrive ein song saman med nokon ein ikkje kjenner, seier Sval, og forklarer at det å skrive songar med andre absolutt er noko ho kan tenkje seg å gjere igjen.

– Eg liker songen veldig godt. Eg synest det er ein av dei beste låtane hennar så langt. Det rolege tempoet gjer at den særeigne stemma hennar kjem til sin rett. Ho har også ei veldig sterk formidling, og får fram kjenslene slik at eg også kan føle det ho syng, fortel Cathrine.

Albumet som vert sloppe på fredag har ho jobba med sidan ho begynte i studio for fyrste gong for fem år sidan:

– Sjølv om songane som er på albumet ikkje er dei låtane eg jobba med då, har det vore ein prosess kor eg har lært meg det å være i studio, og å skrive betre songar.

Bonusspor

Sjå Kaveh covre Sval live hos Christine

Sjå Kråkesølv covre Sval live hos Christine

Sjå P3 Spanderer med Sval og Kråkesølv her:

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=EeRyoCKY5d8&w=560&h=315]