Sidan 1941 har Dino De Laurentis produsert filmar i Hollywood, deriblant ”Den Røde Drage” og ”Hannibal”; to av dei fire føregåande filmane som dreier seg rundt Hannibal Lecter.

De Laurentis hevder at mange har spurt ham om korleis Hannibal Lecter enda opp som ein avstumpa kannibal. Og med ”Hannibal Rising” ville han gje eit svar.

Grovt forenkla

Svaret er klart og tydeleg: han har vorte utsett for så mykje stygt i oppveksten at han har vorte vond sjølv. Men det er ikkje eit godt nok svar, det er tvert i mot grovt forenkla. Og det er synd, for eg hadde venta meg så mykje meir frå regissør Peter Webber, som har regissert den kritikarroste ”Pike med Perleøredobb” frå 2003.

Følelseslaust

Kvifor landar ikkje ”Hannibal Rising” då? Jo, den manglar ein karakter eg som tilskodar kan sympatisere med. Den unge Hannibal er berre ein ung mann som heilt overflatisk blir beskrive som eit kjenslelaust monster.

Det fins heller ingen Dr. Lecter med ein spanande og urovekkande sjarm som eg kan engasjere meg i, og då har to viktige element i thrillersjangeren forsvunne. Om eg ikkje kan engasjere meg eller sympatisere med nokon, då er det ikkje mykje att.

Genrelt vond

Eg seier ingen ting på talentet til Gaspard Ulliel, som speler den unge Hannibal. Men regissør Webber har gjort han for mørk; han har vorte generelt vond fordi nokon har vore vond mot han.

Den einaste karakteren i ”Hannibal Rising” som rører seg mot ein dybde er krigsforbrytaretterforskaren Popil, spelt av Dominic West. Resten av karakterane ligg og flyt på overflata og gjev ingen ymt om kvifor dei handlar som dei gjer.

Overflatisk

”Hannibal Rising” er basert på forfattar Thomas Harris’ siste bok med same namn. Harris har skrive dei føregåande kritikarrosa romanane om Dr. Lecter, og denne gongen er han i tillegg oppført på screenplayet til filmen.

Eg håper for Harris sin del at det er i overgangen til film at ”Hannibal Rising” svikter, og at han ikkje har begått ei overflatisk bok.

Ufrivillig komisk

”Hannibal Rising” lir ofte under grove tillempingar eller overflatiske forklaringar. Årsaka til at den krigstraumatiserte Hannibal får opplæring i sverdkamp, og ikkje nokre meir fredelege og filosofiske hobbyar, er vag.

Årsaka til at Hannibal blir eksponert for kannibalisme, er ulogisk. Og regissør Webber er ufrivillig komisk når han forsøker å forklare ein tur på slaktermarkedet som utløysande faktor for Hannibals valdsbruk. Viss det hadde vore slik, hadde det sett stygt ut i alle små tettstader med eit lokalt slakteri.

Gode hensikter

Webber hadde utvilsamt gode føremål med ”Hannibal Rising”, men han ha enda opp med ein film som knapt bidrar til myta om Hannibal i det heile teke.

Om FILMEN

Hannibal Rising
  • Hannibal Rising
  • Slippdato: 07.02.2007
  • Regi: Peter Webber
  • Utgiver: Young Hannibal Productions
  • Sjanger: Krim, Thriller