«Alpha Dog” er ein ungdomsgangsterfilm i California heilt på tampen av 90-talet. Ungane av den øvre middelklassa i den solfylte dalen, sel dop, fester og ruser seg heilt utan middelklassa si innblanding. Utsjåandemessig fjernt frå verklegheita her heime, men leik, dop og drap er universelt.

Partyliv til helvete

Regissør Nick Cassavetes blandar handlinga slik ho utviklar seg med vitneforklaringar i ettertid. Dagane nummererast frå dag éin; undervegs i filmen får vi informasjon om namn på vitnar.

Eit semidokumentarisk grep som du ikkje tenkjer over, men som stadig minnar deg på at filmen er basert på den sanne historia om Jesse James Hollywood, som vart bura inne for to år sidan, etter fem år på rømmen.

”Alpha Dog” skildrar partylivet med distanse, det verkar så ufarleg og tanken på at dette kan gå gale, er langt vekk før det brått går til helvete.

For kameraet står stort sett roleg på sidelinja og skildrar begivenheitane, og eg mistenker at det er regissør Cassavetes’ mål å la oss slappe av undervegs for så å gjera oss mållause når klimakset kjem.

Rutinerte ringrever

Filmen utmerkar seg med bra skodespelararbeid, og Justin Timberlake er ikkje noko unntak. Han gjer den kule, sympatiske partyduden som om det var den mest naturlege ting i verda. Og for Justin er det vel det?

Ben Foster imponerar som Jake, klin idiot nazicrackhuestorebror, og han vann heilt fortent pris for beste gjennombrotsrolle i ”Alpha Dog”. Anton Yelchin, som spelar veslebroren, er perfekt i rolla.

Dei store fiskane i filmen er plukka ut til å gjera det dei kan best, og dei gjer det bra. Sharon Stone gjer ein imponerande og skremmande jobb. Følg godt med mot slutten av filmen.

Bruce Willis og Harry Dean Stanton er gamle, rutinerte rever, og gjer jobben som gamle, rutinerte kriminelle akkurat slik det skal gjerast.

Narkotema

”Alpha Dog” kan sjå ut til å være eit meir gjennomtenkt bidrag i kampen mot narkotika enn dei fleste filmar med narkotema, og det er bra at Cassavetes har pakka det inn slik han har gjort.

Filmen formidlar korleis det må kjennes å være til stades i det som skjer, når det går frå sol og skyfritt til tennisballhagl og orkan. Vi får ingen forvarsel om kva som skal skje, og difor blir utfallet såpass sterkt.

”Alpha Dog” blir ei anbefaling frå Filmpolitiet. Det spelar ingen rolle om du er Justin-fan eller ikkje. Dette er solid handverk frå ein regissør vi vil sjå meir til.

Om FILMEN

Alpha Dog
  • Alpha Dog
  • Slippdato: 16.03.2007
  • Utgiver: Sidney Kimmel Entertainment
  • Sjanger: Drama, Krim