Men då kan eg fortelja deg at den er ei frykteleg krampetrekning som er ei pine å sjå på.

Redselsfullt

For «Epic Movie» har vorte eit motbydeleg oppkok full med pinleg humor som det vil vera ei fornærming mot dei pubertale å kalle pubertal. Her er det puppe,- og penisfokus, promping og redselsfullt dårlege poeng på andre filmers vegne. Og slikt er det ingenting gale med så lenge det ikkje mislykkast fullstendig, som det gjer i «Epic Movie».

Eit eksempel? Her er deira parodi på «Charlie og Sjokoladefabrikken».

Populærukultur

I «Epic Movie» er det ikkje berre episke storfilmar, men tv-program som Cribs, Punk’d og MTV generelt som blir prøvd herja med. Her blir den amerikanske overflatiske populærkulturen parodiert, og det er overtydeleg at parodiforma nyttast som unnskyldning for å kopiere utan at glimt-i-auget-kritikken er der.

Grunt vatn

Skodespelarane har nok fått instruks om å spele tjuge år yngre enn dei er, og at to ansiktsuttrykk held lenge. Det gjer det ikkje. Det strandar nett fordi det blir så lite å tygge på for skodespelarane, og det skulle ikkje vere nokon grunn til det når dei sneier innom så forskjellige filmar som «Da Vinci-koden», «Charlie og Sjokoladefabrikken» og «Drømmen om Narnia».

Samfunnskritikk

Regissørane Friedberg og Seltzer, tidlegare manusforfattarar for parodifilmane «Scary Movie», «Spy Hard» og «Date Movie», har nok vorte overtydd om at parodifilmar sel som fy same kva dei gjer med dei. I eit forsøk på å vere samfunnskritiske, smett dei inn eit lite spark til republikanarane og den sitjande regjeringa i USA, men det druknar i alt oppkastet elles.

Ein siste sjanse

Når eg sette meg ned med blyanten, ga eg filmen ein siste sjanse til å vere ein kritikk av eiga rase. Altså at «Epic Movie» er meint som ein kritikk av seg sjølv, og målgruppa til filmar som seg sjølv, eller om det er ein film som gjer sitt beste for å øydeleggje for parodifilmen som sjanger. Men eg slo det frå meg med ein gong. Aldri i livet om dette er noko anna enn eit feilslått forsøk på humor.

Ærlege stunt

Eg beklager at eg blir sitjande her som surmaga filmkritikar, men det er berre ein ting som er bra med «Epic Movie»: filmen er ærleg med sin bruk av stuntmenn. Her gjerast det ingen anstrengingar for å skjule at skodespelarane ikkje gjer eigne stunt. Og slikt kan vere ei avveksling å sjå.

Men når alt kjem til alt, vil eg berre at slike filmar blir stoppa før kamera går.

Om FILMEN

Epic Movie
  • Epic Movie
  • Slippdato: 26.01.2007
  • Regi: Jason Friedberg, Aaron Seltzer
  • Utgiver: New Regency Pictures
  • Sjanger: Komedie