Ei storsjarmerande feiring av ungars fantasi og naturen rundt oss.

Ja, kor skal eg begynne; Hayao Miyazaki er ein av pionerane innan anime, altså japansk animasjonsfilm, og står bak dei raraste og mest sjarmerande filmane innan sjangeren; Chihiro og Heksene, Laputa: Castle in the Sky, Prinsesse Mononoke og så vidare.

Min Nabo Totoro frå 1988 vinn på sjarmen.

LES OGSÅ: Studio Ghibli 30 år: «Min Nabo Totoro»

Miljøbudskapet er smart innpakket i Min nabo Totoro. (Foto: Arthaus)
Miljøbudskapet er smart innpakket i Min nabo Totoro. (Foto: Arthaus)

Ungar på kornet

Filmen er ei perle frå Japan som fortel ei heilt annleis historie med den friskaste, mest ærlege og treffande skildringa av ungar eg har sett.

Når såg du sist ein fireåring portrettert i animasjonsfilm og tenkte: «steike, den fireåringen der var teke på kornet».

Filmen har norsk tale, og eg har sett den med original tale, men eg reknar med at dei norske dubbarane gjort jobben sin.

LES OGSÅ: Studio Ghibli har gitt oss noen av de beste tegnefilmene i filmhistorien

Min nabo Totoro er sjokolade for øyet. (Foto: Arthaus)
Min nabo Totoro er sjokolade for øyet. (Foto: Arthaus)

Sjokolade for auget

Animasjonsfilmen føregår i eit landsens Japan, der ein nyinnflytta familie på tre, far og to dotrene hans, finn seg til rette medan dei ventar på at mora skal skrivast ut frå sjukehuset.

Dei to små jentene Mei og Satsuki utforskar området og vert kjend med skogsguden Totoro og hans hoff. Og det er ein grei klubb.

Min Nabo Totoro er klassisk anime, og regissør Miyazaki er kan hende den som i størst grad har definert animefilmen; figurar med store auger og munnar, overdrivi mimikk og mykje energi.

Bakgrunnsbilda er ein fest å sjå på, det er åkrar og trekledde åsar så lang auget kan sjå. Ei feiring av jordbrukssamfunnet, eigentleg.

ANMELDELSE: Marnie – min hemmelige venninne – Et strålende eventyr

Smart innpakka miljøbodskap

Miyazaki er ærleg med sitt miljøbodskap, men i staden for å vifte rundt med peikefingeren, gjev han meg lyst til å gå ein tur i skogen. Eit anna tema er ungars røyndom og deira forhold seg i mellom.

Det er lett å kjenne seg att når Miyazaki skildrar kommunikasjonsvanskar mellom ei tolvårig jente og ein jevnaldrande gut. Og den makteslause kjensla ein har når ein fryktar at noko har hendt med foreldra sine.

Fyrste gongen eg såg Min Nabo Totoro, vart eg så glad for at nokon hadde ei så frigjort oppfatting av kva ein barnefilm kunne vere. Den inneheld så kostelege og surrealistiske episodar at eg vil ikkje samanlikne det med noko.

Min nabo Totoro er en film som gjør voksne til barn igjen, for en stakket stund. (Foto: Arthaus)
Min nabo Totoro er en film som gjør voksne til barn igjen, for en stakket stund. (Foto: Arthaus)

Meir enn innfridde forventningar

Eg trur den lokkar fram tiåringen i meg att for ei stakka stund. Og det gjer godt, for det er ikkje noko å lyge bort at det er kjedeleg å vera vaksen.

Gå og sjå Min Nabo Totoro på kino.

Du vil vel ta med deg forventningar frå min omtale her, men dei vil ikkje bli innfridde. Den snart 30 år gamle filmen vil overgå forventningane dine lett.

Om FILMEN

Min nabo Totoro
  • Min nabo Totoro
  • Slippdato: 04.11.2016
  • Regi: Hayao Miyazaki
  • Utgiver: Arthaus
  • Originaltittel: Tonari no Totoro
  • Sjanger: Animert, Eventyr, Familie