Eg skal ikkje kaste vekk den dyrebare tida di, for eg veit at du sett så uendeleg stor pris på fritida di no om dagen. Dagane vert lysare, folk har begynt å prate med kvarandre att, og det er lettare å komme seg opp om morgonen.

Men eg må ta meg tre minutt te å åtvare deg: Du treng ikkje gå på kino for å sjå Norbit, og du ska få høyre kvifor.

Høyrd før

Det her er historia du har høyrt før. Og det i seg sjølv er ikkje noko dumt, det er berre det at det vert ikkje utført noko bra. ”Norbit” handlar om den stygge andungen som drøymer om den pene jenta og som ikkje har omstendigheitene på si side.

Norbit er ein kraftdemonstrasjon i den fantasilause amerikanske måten å fortelje ei historie på, der draumer ikkje berre går i oppfylling til slutt, men kor eg forstår det allereie i starten av filmen.

Og heile filmen brukast til å bekrefte det eg allereie veit, slik at eg har kjensla av å bli servert ein film som har vore gjennom fleire fordøyingssystem før den vert slengt på fatet foran meg, strippa for næringsverdi.

Fantasilaust forutsigbart

Eddie Murphy har tatt på seg den feite damedrakta han brukte i Den Helsprø Professoren att, og har bestemt seg for å herje med dei feite damane vi kjenner frå Ricky Lake og andre rælshow på amerikansk tv. I og for seg bra det, men det finst ikkje glimt i auget her. Kanskje «how do YOU do»? vert ei greie, men ikkje sett pengane dine på det.

Norbit vinglar mellom det pinlige, det diabetisk søte og det fantasilaust forutsigbare. Eddie Murphy har ein fire-fem augneblink der han får meg til å flire, men det er berre fordi eg sitt der og har så himla lyst til å flire. Eg tek nesten til takke med kva som helst.

Makkverk

Eddie Murphy imponerer ikkje med sin tolkning av Espen Eckbo sin rollefigur, Asbjørn. Sett deg heller med det beste av Espen Eckbo på DVD og ha det moro.
Cuba Gooding Jr. tilfører heller ikkje Norbit noko, anna enn å gjera overspillet i filmen komplett. Det svir i augo.

Alt i alt er «Norbit» slettes ingen bra filmoppleving. Thandie Newton, som spelar draumejenta, gjer en veldig god jobb som draumejente, men ho kan dessverre ikkje redde denne filmen frå å bli oppskrifta på et forutsigbart makkverk.

Om FILMEN

Norbit
  • Norbit
  • Slippdato: 20. mars 2007
  • Regi: Brian Robbins
  • Utgiver: United International Pictures
  • Sjanger: Komedie