Samuel L. Jackson tok nok rolla som Laz i”Black Snake Moan” berre for å få spele eit par blusa låtar på gitaren og bæra rundt på ei grenselaust lettkledt og kåt Christina Ricci.

Moraljuks

”Black Snake Moan” har fått vurderinga ”restricted” i USA. Det vil si sterkt seksuelt innhald, språk, noko vald og narkotikabruk. Og det stemmer. Alt brukast i det moralskes teneste.

”Black Snake Moan” er i det heile teke eit sleipt forsøk på å vise sex, kropp, og rusmiddelinntak medan ein har moralkortet i ermet. Blæ.

Slik har det seg i alle fall: Laz, altså Samuel L. Jackson, har nett vorte dumpa av kjerringa si. Menigheita masar på han om å kome attende på gudstenestene, men han har mista trua.

Samstundes reiser Ronnie (Justin Timberlake) i militæret og etterlet kjærasten Rae, som utan han vert eit nymfomant monster som driv seg sjølv til grunne. Laz og Raes vegar krossast, og Laz ser på det som sin misjon å stramme opp Rae att. Anten ho vil det eller ikkje.

Spekulasjon i praksis

Filmen er laust basert på George Eliot’s novelle Silas Marner frå 1861, der ein religiøst forvirra mann knyt ei ung, lausaktig jente fast til huset sitt med eit langt tau av tøybitar. I “Black Snake Moan” gjerast det enno litt heitare.

Her brukast kjetting. Christina Ricci ligg med ein tanktop og ei ørlita kvit truse med ein lang svart kjetting dandert over seg. Ein kan sjå at dette er spekulativt med sveisebrillar.

I det heile teke er “Black Snake Moan” ein overdreven film. Den seksuelle besettinga til Ricci, tvilen og trua til Jackson, klisjepresten I byen, dei anten moralske eller umoralske innbyggjarane for øvrig og angstanfalla til Timberlake.

Det er ikkje truverdig på ein flekk. Det er slik vri-seg-i-stolen-skodespel. Og når eg må vri meg litt i stolen, er det kroppen som seier ifrå. Og ein skal lytte til kroppen.

Makt og religion

Alt religionsmaset er vanvittig kjedeleg å bli utsett for. Eg likar ikkje å måtte sjå fanatisme i praksis, der alle unnskyldar seg med gud kvar gong dei gjer eit eller anna idiotisk, for så å innbille seg at eg skal ta noko som helst lærdom av det.

Desse tinga veit eg frå før, men her på berget må eg finne meg i å bli servert denne driten fordi nokre amerikanske kristenpuritanistar med makt er redd for at ikkje alle andre har skjønt at ein skal ta vare på seg sjølv og dei andre rundt seg.

Det vart ei utblåsning, dette her. Og då tjente i alle fall “Black Snake Moan” ei hensikt. Garantert ikkje i den retning regissør Craig Brewer hadde ynskja seg, men ein reaksjon vart det då.

Bruk helga di på noko anna, du.

Om FILMEN

Black Snake Moan
  • Black Snake Moan
  • Slippdato: 09.12.2006
  • Regi: Craig Brewer
  • Utgiver: Paramount
  • Sjanger: Drama