Will Ferrel og Jon Heder held to ballar i hendene på same tid; dei fiklar med ein komisk og bortfleipa sport og let det pene og estetiske i sporten sleppe til på same tid. Ein bragd det står respekt av.

Samarbeidets edle kunst

E ska legg føresetnadane på bordet: Chazz Michael Michaels og Jimmy McElroy, to bitre konkurrerande singelskøytarar i isdans, vert bortvist frå konkurranseskøyting for all framtid på grunn tå usportslig opptreden.

Men dei finn eit smetthol i reglementet som gjer at dei kan konkurrere att. Men sjølvsagt ikkje utan å samarbeide.

”Blades of Glory” har ei opningsscene som gjev meg frysingar på ryggen, ja faktisk over heile kroppen. Kombinasjonen av musikk, den ironiske dansen og isdanspublikumets respons er ei fryd å oppleve.

Eg håpar dette vil vare filmen ut.

Dyrk det diggbare

Men ein kan ikkje sitja med frysingar gjennom ein heil film, veit du. Ein har ikkje frysingar når ein humrar eller flirar. Då er det noko rart på ferde. Og det er det ikkje i ”Blades of Glory”.

Det er berre pur glede over å lage ei komedie der ein kan ta seg fridom med både det eine og det andre. Og det inneber å dyrke dei små, fine uttrykka og replikkane.

Will Ferrel, Jon Heder, Will Arnett, Amy Poehler, Craig T. Nelson – alle gjev ei strålande innsats som klassisk mannsjåvinistisk, mannsfeminin, vond, mentalt forstyrra, overdedisert og så vidare.

Det er ein fest å sjå på når alle dei medverkande har ei felles oppfatning av kva slags komedie det er dei medverkar til.

Og diss konkurranseinstinktet

”Blades of Glory” inneheld dei rette omgivingane og den rette musikken. Det underbyggast på alle kantar, kostyma er så usmakelege som rovdyroppkast og verdsmeisterskapet i all sin glorifisering og nørding er på kornet som ein møllar.

Eg diggar rått regissørane Josh Gordon og Will Speck si herjing med idrettsarrangement og idrettsutøvarar.

Det er boka mi, det

Enkelte gonger plumpar ”Blades of Glory” uti det plumpe og billige, men dette er berre eit fåtal gonger.

I det verkeleg store og heile kjem humoren på ei lita snor i form av forseggjorte glorete grand prix-perlar, og det utan at humoren vert overtydeleg i det heile.

Og eg kan notere meg ei bra amerikansk komedie på 2000-talet i ”gode amerikanske komediar frå 2000-talet” – boka mi. Det er god plass i den boka, for å seie det slik.

”Blades of Glory” har ei avslutningsscene som gjev meg frysingar over heile kroppen. Til og med i hovudbotnen. Og da er eg der eg skal væra i ein kinosal.

Om FILMEN

Blades of Glory
  • Blades of Glory
  • Slippdato: 30.03.2007
  • Regi: Josh Gordon, Will Speck
  • Utgiver: DreamWorks
  • Sjanger: Komedie