La det vera sagt med det same: Du treng ikkje kjenna til det simpsonske univers for å ha fullt utbytte av The Simpsons Movie. Den gale forstadsfamilien som skyr rutinelivet som pesten er klare i ein halvannan time lang versjon.

Frisk start

Regissør David Silverman har teke høgde for at filmen kan få andre sjåarar enn tv-serien, og det heile startar friskt med at pappa Simpson i eigen usympatiske person kallar oss idiotar fordi me betalar for det me kan få gratis på tv.

Me møter mor Marge med sitt iaugefallande blå hår og gode moral og den alltid ølrapande og politisk ukorrekte far Homer. Eldsteson Bart er som alltid kjapp i replikken. Veslesøster og miljøforskjempar Lisa slåss mot forureininga i Springfield denne gongen og minstejenta Maggie er den som tidvis reddar heile familien frå total katastrofe.

Gjensyn med gamle karakterar

Springfield er blitt den mest forureina staden i USA etter at Homer trassa dumpeforbudet og kvitta seg med ein tank grisemøkk. Presidenten i ein viss muskuløs eks-austerrikar sin figur legg eit skjold over byen slik at innbyggjarane slepp korkje inn eller ut.

Folk i Springfield, som etterkvart vert fiendtleg innstilt til Simpson-familien, er bygd opp av omtrent alle karakterane som har vore innom tv-serien. Nokre av dei, som til dømes dei ufyselege tvillingsøstrene til Marge, skulle ein gjerne sett meir til.

The Simpsons Movie er morosam. Den er full av små detaljar, tilvisingar, metaforar og ironiske klisjear. Det vert sparka til høgre og venstre, til Disney, tv-kanalen Fox, Alaska og dei amerikanske styresmaktene. «Eg er vald til å leia, ikkje til å lesa», seier presidenten, og dersom du trur desse ord vert ytra av Schwarzenegger sjølv, vert du skuffa. Harry Shearer gjev røyst til The Governator.

Men Tom Hanks i ei noko umotivert rolle, er si eiga stemme. Filmen vert som halvannan times episode av tv-seien, og langt frå den beste.

Kjem for seint

Tilhengarane av manusforfattarane Matt Groening og James L. Brooks si absurde forstadsverd har venta på filmen i 18 år. Fox har hatt filmrettane sidan 1998, og kan hende skulle filmen ha vore laga då. Simpson-familien har følgt dei politiske endringane i USA i snart to tiår, og det kjennest som om filmen vert laga nokre år for seint. Kan hende ventar ein av den grunn fleire spark under beltestaden.

The Simpsons Movie er ikkje overraskande, provoserande eller spesiell på anna vis enn at den er ein time lenger enn vanleg. Det skal likevel leggjast til at animasjonen gjer seg svært godt på det store lerretet, så det er ingen grunn til å venta på dvd-en. Og du kjem garantert til å le.

Filmen The Simpsons Movie vert seld med orda «Sjå vår familie – og lik din eigen betre». For enkelte er kanskje det grunn nok til å kjøpa billett.