Då eg fekk DVD-boksen med Greek: Chapter One i hendene, vart eg ikkje lite skeptisk. Coveret viser ei god blanding av glatte og nerdete ungdomar; politisk korrekt nok både kvite, afro-amerikanske og asiatiske.

I tillegg er namnet på serien stava GRΣΣK, noko som irriterer meg kollossalt, fordi bokstaven «Σ», Sigma, ikkje uttalast «E» men «S».

Manusforfattar og produsent av serien Patrick Sean Smith, som mellom anna står bak Everwood, samarbeider med produsent Lloyd Seagen om serien. Sistnemnte kjenner vi frå krimtrillerane The Boondock Saints og The Boondock Saints II: All Saints Day.

Eg var spent på om Greek ville overraske, eller leve opp til min skepsis. Etter å ha sett fem minutt av første episode, visste eg at det siste var tilfelle. (Denne meldinga er basert på dei fire første episodene av sesong ein.)

ANMELDELSE: Glee S01 – Øyeblikk av pur glede

Klisjé

Møt Rusty Cartwright (Jacob Zachar). Ny på Cyprus-Rhodes University, nerd, og eit lett bytte for eigentleg kva som helst. Men nerden har eit ess i ermet. Systera hans, Casey (Spencer Grammer), er nemleg ei av dei mest populære jentene på universitetet. Og ho er sjølvsagt saman med Evan (Jake McDorman), ein av dei heitaste (eventuelt glattaste) gutane på same universitet.

Greek skiltar med å vere ein dramaserie, men blir berre tragikomisk.

Høyrest det kjent ut? Det er sjølvsagt fordi serien Greek er ein enorm klisjé. Sjølv for oss som har vakse opp og studert i Noreg er dette temaet repetert til det langtekkelege, gjennom seriar som Gilmore Girls og Gossip Girl, kryssklippa med filmar som Nerdenes Hevn og American Pie.

greek
RENNER OVER: Greek er produsert for den amerikanske kanalen ABC Family, men handlar kun om alkohol og sex. (Foto: ABC Family)

The bad guy vs. the good guy

Rusty oppdagar raskt at kule Casey, medlem av studentforeininga Zeta Beta Zeta, ikkje har fortalt nokon om sin nerdete bror. Han bestemmer seg for å sjølv bli med i ei av studentforeiningane på universitetet, og dermed gå frå «geek» til «greek».

Etter å ha teke Evan på fersken med ei anna jente, får han tilbod om å bli med i den prestisjetunge foreininga Omega Chi Delta – mot at han ikkje fortel systera kva han har sett. Klassisk problemstilling der den eldre og erfarne lurar den yngre og uerfarne.

Men Rusty er ein moralsk, ung mann, som veks opp på fjernsynsskjermen; han bankar opp playeren Evan og bestemmer seg for å fortelje systera om utruskapen. Syskenkjærleiken mellom dei to ligg altså skjult under overflata, noko som skal trykke på ein del knappar hjå sjåaren, gjerne saman med stemningsfull musikk.

ANMELDELSE: How I Met Your Mother S03 – Sitkomens revansj blir bare bedre og bedre.

Intriger og rivalisering

Casey vel likevel å bli i forholdet med Evan, ikkje utan press frå leiaren i studentforeininga hennar. Evan er jo trass alt den kulaste guten på universitetet! Basert på dette valet har vi det gåande med meir utruskap, rivalisering og pøbelstrekar.

Greek har tydelege referansar både til 300 og Braveheart, noko dei godt kunne spart seg. Det trekker, om mulig, serien enno meir ned i søla. Imponerande nok har dei fått med seg Plain White T’s i ei av episodane, det var nok det mest oppsiktsvekkande som skjedde på skjermen i løpet av dei tre timane eg brukte på serien.

Sexpress

Greek er laga for ABC Family, men handlar stort sett om sex og alkohol, gjerne vs. utdanning. Populære Casey blir regelrett pressa av veninnene sine til å ha sex med Evan igjen etter at han har vore utru, og nerden Rusty blir introdusert for ei frilynt jente som skal hjelpe han å bli kvitt jomfrudomen. I kontrast til dette har Rustys nerdete og djupt religiøse romkamerat Dale Kettlewell (Clark Duke) avlagt eid om å vere jomfru til han giftar seg.

Det å ville vente med sex blir altså totalt uvanleg- og latterleggjort – gode verdiar i ein serie vist på ABC Family. Dette prøvar serieskaparane å ta igjen ved å la afro-amerikanske Calvin (Paul James) kome ut av skapet i episode fire, noko både faren hans og kompisen Rusty synest er heilt greitt.

Patrick Sean Smith og Lloyd Segan om forholdet til ABC Family:

Gørr

Greek skiltar med å vere ein dramaserie, men blir berre tragikomisk. Eg geispa meg igjennom fire episodar, og blir overraska om nokon i det heile teke orkar å lese heile denne meldinga. Eg skal i alle fall ikkje gjere den like langdryg som serien. Ifølge imdb.com er det laga tre og planlagt fire sesongar av denne serien! Kven er det som orkar å sjå på dette? I alle fall ikkje eg.

Greek er ei ekstremt dårleg blanding av seriane The Big Bang Theory og Gossip Girl. Berre mykje mindre intelligent og sexy.

Om SERIEN

Greek
  • Greek
  • Slippdato: 10.11.2010
  • Sesong: 1
  • Regi: Diverse regissører
  • Utgiver: Piller Squared/The Segan Company
  • Sjanger: Drama, Komedie