Jack, Kate, Sawyer, Locke, Hurley og ei bråte andre folk styrta på ei merkeleg øy og skapte engasjement hos ei samla fjernsynsverd.

Her til lands kunne TVNorge drikke sjampis heile våren 2005. Serien var så populær i Norge, at vi for fyrste gong høyrde snakk om ulovleg nedlasting av fjernsynsseriar i stor skala LOST engasjerte alle, med ein heidundrande fest av ein fyrstesesong.

Ein fest som gjekk så av skaftet at produsentane bak serien rota det til i sesong 2.

Folk datt av, interessen dalte. Forståeleg, for andre sesongen sugde. Starten av tredje sesong òg, for så vidt.

ALT OM: TV-serier

Då fann heldigvis nokon ut at det var på tide å sette ein sluttdato for dramaserien frå den mystiske øya. Tre sesongar til, med 16 episodar kvar, var målet. Og straks gjekk nivået på serien oppatt.

Nye mysterium

Eg er blandt dei som aldri hoppa av. Medan mange reiv seg i håret over nye mysterium som stadig dukka opp, medan andre aldri vart løyst, tok eg alt som dukka opp for god fisk, og sette pris på historieforteljinga. Episode for episode.

Og no er vi der. Ved vegs ende. Siste sesongen er ute på DVD.

Før inngangen til siste sesongen befinn nokre av karakterane seg langt tilbake i tid. Der prøver ei hardt skadd Juliet å sprengje ei hydrogenbombe som i teorien skal restarte alt, og gjenopprette verda slik den var før gjengen kræsjlanda på den mystiske øya.

I notida har John Locke overtalt Ben til å drepe sjølvaste ledestjerna si, Jacob. Men rett utanfor ligg den daude kroppen til Locke i ei kiste. Så: Kven i alle dagar er den levande utgåva, eigentleg?

(meldinga fortsetter under oppsummeringa av femte sesong)

Totalt kaos

Når sesong 6 startar, får vi presentert eit totalt kaos på øya. Korleis gjekk det med Juliet som prøvde å sprengje hydrogenbomba ved å slå på den?

Sayid, som vart skoten på slutten av førre sesong, treng umiddelbar hjelp. Samstundes er vi nok ein gong ombord på Oceanic 815, flyet som starta heile historia.

Men denne gongen landar flyet trygt i LA.

Den siste sesongen gjer eit ryddig arbeid med å tilfredsstille fansen. I alle fall den delen av fansen som har sett pris på å vere med heile vegen gjennom dei føregåande fem sesongane.

(meldinga fortsetjer under bilete)

Lost. (Foto: ABC)
Lost. (Foto: ABC)
Ryddar opp

Er du av typen som hoppa av i sesong to, men som vurderar å investere i sistesesongen, berre for å sjå korleis det heile endar, kjem du neppe til å bli nøgd.

I denne sesongen blir der fortald parallelle historier, som tilsynelatande viser livet på øya, og livet til figurane om alt går bra, og dei landar trygt.

Liva deira skal likevel vise seg å vere knytt saman på eit vis.

LES OGSÅ: Anmeldelse av The Pacific

Vi får vere med på eit par fantastiske episodar, langt tilbake i tid, kor vi stiftar nærare bekjentskap med Richard og hans fortid. Vi møter Jacob og mannen vi aldri får vete namnet til som barn.

Vi får faktisk svar på kvar røykmonsteret stammar frå, og heile LOST-nettet snørast saman.

(meldinga fortsetjer under bilete)

Lost. (Foto: ABC)
Lost. (Foto: ABC)
Eit must

Den sjette og siste sesongen av fjernsynsserien er definitivt eit must for oss som har fulgt serien heile vegen. Samstundes er det ingen vits i å prøve seg på dette stykket fjernsyn om du ikkje har kjennskap til serien frå før av. Til det, går historia for fort framover, utan å introdusere deg for kva som skjer med figurane du ikkje har fått tid til å bli kjend med.

DVD-boksen har sjølvsagt eindel ekstramateriale. Mellom anna eit eige ekstrakapittel titulert “The New Man In Charge”.

Eigentleg berre ein liten snutt som fortel kvifor der er isbjørnar på øya, og som viser korleis ståa er med Walt. Det heile verkar som ei litt trist gåvepakke for alle hardcorefansa som treng svar på akkurat det for å kunne gjere seg ferdig med serien.

Og det der kan ein jo diskutere: Er sesong 6 av LOST ei verdig avslutning på ein fjernsynsserie som har blitt diskutert opp og ned i mente av fans over heile verda i seks år?

Reint personleg ser eg ikkje andre løysingar som hadde fungert betre.

Om SERIEN

Lost S06