Chuck har aldri hatt sjåartal å skryte av i USA, og har stort sett overlevd på goodwill frå folka som styrer NBC.

Sesong 3 kom på skjermen rett over nyttår 2010. Då hadde hovudsponsoren av serien, smørbrødkjeda Subway, fått ekstreme mengder «rate-our-service»-kort frå fans som ba dei ta i eit tak for å halde serien igang.

Då må ein kanskje tolerere ekstrem produktplassering.

Og det å få ein slags siste sjanse, når ein trur festen er over, har verkeleg fått fart på sakene.

Vekkjer følelsar

Den tredje sesongen av Chuck er kanskje den beste. Ein kan verkeleg føle at det gnistrar av karakterane og historia.

Chuck vekkjer så mange ulike følelsar i meg. Spenning, drama, humor og eit karaktergalleri du ikkje kan unngå å bli ekstremt glad i.

Historia går elegant framover i konstant utvikling, og opplevast aldri som tværande og keisam.

Datanerden og CIA-basen

Sjølve utgangspunktet for serien er litt søkt. Chuck jobbar på elektrosupermarknaden Buy More, og er tpyisk nerd.

Han får plutseleg heile infodatabasen til CIA lasta inn i hodet ved eit uhell. Agentane Sarah Walker (Yvonne Strahovski) og John Casey (Adam Baldwin) skal passe på Chuck (Zachary Levi) på hans veg mot å bli CIA sitt kanskje beste våpen mot badguysa.

Når tredje sesongen brakar laus har han fått lasta ned 2.0-versjonen av databasen, som òg gjer at Chuck plutseleg kan koreansk, Kung Fu og gitarspeling. Mellom anna. Dette er sjølve rammeverket for serien, men det spennande er jo samspelet mellom figurane, og deira opplevingar.

Blir Chuck og Sarah endeleg kjærestar, og klarar Chuck å halde agentlivet hemmeleg for både bestekompisen Morgan og søstera Ellie?

(anmeldelsen fortsetter under traileren)

Hektisk slutt

Dei fyrste 13 episodane er små, herlege høgdepunkt, alle saman.

Perfekt underholdning. Og når episode 13 følast som ei vill sesongavslutning, skulle den faktisk ha vore det. Sesongen fekk plutseleg 5 ekstra episodar, noko som merkast. Der dukkar plutseleg opp eit par svake episodar, og ein hektisk, men uhyre spennande sesongslutt.

Chuck er ikkje typisk kred-tv. Chuck er enkel underholdning.

Og det er det som er så frykteleg deilig med serien. Eg føler at den er ufarleg, men på same tid både veldig spennande, deilig rørande, sjarmerande og morsom. Det handlar, når alt kjem til alt, om figurar du blir oppriktig glad i.

Chuck: Morgan og John (Warner Bros. Entertainment)

Og så er jo soundtracket fabelaktig. Band of Horses, Imogen Heap, Vampire Weekend, MGMT, Broken Bells, The Temper Trap, Miike Snow og Datarock er berre nokre eksempel frå denne sesongen.

Chuck sesong 3 er beint fram herleg underholdning som varmar hjartet mitt. Null kred, berre masse kos.

Om SERIEN

Chuck S03
  • Chuck S03
  • Slippdato: 26.01.2011
  • Sesong: 3
  • Utgiver: Warner Bros. Entertainment AS
  • Sjanger: Action, Komedie