Og der var gruppespelet til Verdens Beste Superhelt i gang! Innledande stemte Filmpolitiets lyttere og lesere fram superheltane dei likte best, og no står me att med 32 som skal kjempe om hedersplassen på toppen av lista.

Basert på dykkar stemmer har me seeda deltakarane, og trukke ut grupper på fire superheltar. Kvar måndag og fredag i vekene framover får de utdelt ei gruppe som de skal stemme fram dykkar favorittar frå, der to frå kvar gruppe går vidare til finalespelet.

Første gruppe ut er den dyriske Gruppe A! Felles for desse er at dei anten er dyr, eller har nær kontakt med sitt indre, dyriske beist.

Wolverine

Wolverine (Bilde: Marvel)

Alter ego: James Howlett
Skaper: Len Wein
Første opptreden: The Incredible Hulk #180, 1974
Alder: Ca. 125
Forlag: Marvel

Wolverine er ein av X-Mens mange mutantar. I tillegg til forsterka sansar, er han utstyrt med ei enorm evne til å lækje eigne sår, til den grad at han har gjenoppstått frå beinrestar. Hans fremste våpen er like vel det adamantium-forsterka skjelettet hans, og springknivane han kan skyte ut av knokane på kommando.

Lyden desse knivane lagar – SNIKT! – er ein av tre lydar som Marvel har gjort til ei merkevare (dei andre er Nightcrawlers BAMF! og Spidermans THWIP!).

Fantonald

Fantonald (Bilde: Disney)

Alter ego: Donald Duck
Skaper: Guido Martina og Giovan Battista Carpi
Første opptreden: Paperinik il diabolico vendicatore, 1969
Alder: ?
Forlag: Disney

Donalds alter ego vart skapt etter at den italienske fansen klaga over at Donald alltid var taparen i historiene sine. Fantonald mangler kanskje superkrefter, men i likskap med Batman er teknologien og intelligensen hans store styrke.

I teikneserien som gjekk i Noreg på 2000-talet hadde han i tillegg verdas smartaste kunstig intelligens-hjelper som hjalp han med å bekjempe fiendane sine.

Michelangelo

Michelangelo
Michelangelo (Bilde: Mirage)

Alter ego: Duuuude
Skaper: Kevin Eastman og Peter Laird
Første opptreden: Teenage Mutant Ninja Turtles #1, 1984
Alder: Evig tenåring!
Forlag: Mirage

Den yngste og mest festglade av dei fire skilpaddene, og brukaren av fleire av dei velkjende uttrykka frå seriane – som «cowabunga!» og «duude».

Michelangelo sine evner med nunchakuene – eit japansk kampvåpen – må nok ta skulda for mangt eit sjølvpåført kraniebrot blant ungdom og ninjafans på 80- og 90-talet.

He-Man

He-Man (Bilde: Mattel)

Alter ego: Prins Adam
Skaper: Roger Sweet
Første opptreden: Masters of the universe #1, 1980
Alder: ?
Forlag: Mattel

Prins Adam of Eternia er en eventyrlysten kongelig med evnen til å omskape seg til He-Man.

Ved å heve sverdet sitt i lufta, og rope «By the Power of Greyskull…» får han overmenneskelig styrke til å bekjempe sine fiender. Idet dette skjer blir hans pinglete kattevesen til Battle Cat – et mektig ridedyr som hjelper han i strid.

80-talet mot Donald-fans

Wolverine er nok den mest sannsynlege til å ta førsteplassen her, men andreplass er litt meir opent. Blir det 80-talsnostalgikarane som bringer He-Man eller Michelangelo vidare, eller er det dei som vaks opp med Fantonald-bladet som klarar å slå sin helt opp til finalespelet?


Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.