Regissør Sam Mendes (American Beauty, Road to Perdition) holdt ut gjennom heile MGMs pengetrøbbel, og 007.com leverar no det første synlege beviset på at Bond-film nummer 23 kan bli interessant.

Artikkelen held fram under traileren

Det korte samandraget til filmen fokuserar på forholdet mellom James Bond og M. Fortida innhentar ho, MI6 vert angrepe, og Bond må øydeleggje trusselen – uavhengig av personlege følgjer.

Dei førre to Craig-filmane har fått kritikk for å gå litt for langt unna den originale Bond-formelen. Sjølv seier eg meg delvis samd, eg syntest nemleg det var forfriskande med litt nyskaping i ein serie som kanskje hadde grodd seg litt fast?

For å berolige fansen har Mendes gått ut og sagt at han vil lage ein klassisk Bond-film, nærare slik dei fleste kjenner han. Dette skal blant anna visast gjennom ei opningsscene som ryktes å vere av dei mest spektakulære hittil.

Med Javier Bardem (No Country for Old Men) og Ralph Fiennes (Schindlers liste, Harry Potter-serien) i nokre av rollene er i alle fall potensialet der for gode figurar.

Og, tittelen Skyfall har ein fin klassikerklang over seg, har det ikkje? Litt sånn Thunderball/Goldfinger-aktig?

På same måte som Peter Jacksons videobloggar frå Hobbiten, har Mendes byrja å videoblogge frå settet på Skyfall (resten kan sjåast hjå Youtube-brukaren jamesbond007):

Premieredatoen for Skyfall er satt til 26. oktober 2012.

Kva synest du om retninga til dei siste Bond-filmane?