Carmageddon var spelet for deg som elskar å køyre på raudt lys. No kan det sjå ut som du får nok ein sjanse til å bryte både fysiske og moralske lovar bak rattet.

Allereie i fjor på desse tider dukka nyhendet om at utviklar Stainless Games skulle lage ein oppfølgjar til det valdelege bilspelet, og no har altså Carmageddon: Reincarnation dukka opp på Kickstarter.

Det fell dermed inn i rekkene til planlagte speloppfølgjarar som nyttar Kickstarter som finansieringsmodell. Poenget med denne typen «crowdsourcing», er at fansen ikkje berre betalar for det endelege produktet, men for heile utviklingsprosessen.

Opphaveleg eit Mad Max-spel

Carmageddon av Stainless Games og SCi
Heftig øydeleggjing av bilar står sentralt i det opprinnelege spelet (Skjermdump frå Carmageddon).

Carmageddon-serien – som kanskje er best kjend som 18-års-spela som gir deg poeng for å køyre på fotgjengarar – var ei overraskande nyvinning då det kom.

Ikkje berre var det eit av dei første spela som lot deg lage filmsnuttar i spelet, men til at det kom ut på slutten av 90-talet var fysikkmotoren veldig god.

Spelmotoren var først planlagt å vere spel knytta til både Mad Max og Death Race 2000, men lisensplanane falt (heldigvis?) gjennom før Stainless Games valgte å lage sitt eiget univers, Carmageddon.

400.000 dollar?

Målet er å samle inn minst 400.000 amerikanske dollar (ca. 2,3 millioner norske kroner). På under éin dag har dei i skrivande stund samla omlag 150.000 dollar. Og om ein skal tru utviklinga på summane til dei andre storspela på Kickstarter, så skulle det ikkje forundre meg om dei klarar å overstige dette beløpet.

Plattformane spelet vert utgitt på kjem an på beløpet som kjem inn. Det første er PC, så kjem Mac OS X, Xbox 360 og PS3, og eventuelle andre.

Utelukkande frå USA

Normalt sett er det Englandsbaserte selskapet Stainless Games utelukka frå Kickstarter, som foreløbig kun opererar med prosjekt frå USA. Men via ei amerikansk avdeling av sitt eiget selskap har dei funne eit smutthol som let dei delta på sida.

I eit intervju med BBC uttalar Stainless-grunnleggjar Neil Barnden at han ser for seg at det er i deiras interesse å utvide til Storbritannia – og andre marknader.

Det er for tida heller ikkje mogeleg å starte Kickstarter-kampanjer frå Noreg, men liknande sider som IndieGogo har utvida til heile verda.

Som dei to første spela

Det tredje Carmageddon-spelet frå 2000 var det minst suksessfulle, mykje fordi det ikkje var laga av Stainless, men utvikla på rettigheitene som SCi eigde. Stainless-grunnleggjar forsikrar at dette vert som dei to første i serien:

— Det nye spelet kjem til å bli som Carmageddon 1 og 2. Ikkje som 3, det er me glade for å bekrefte, seier Barnden til BBC.

Barnden uttalar óg at ein prototype allereie er klar, og at gutta på kontoret allereie ler høgt i skadefryd over å sjå dei skrekkslagne fotgjengarane springe i frykt frå bilane. Carmageddon-universet er i alle tilfeller eit spesielt univers:

– Andre spel let deg ikkje lime ein pingvin til bakken, for så å skyte det gjennom eit vindauge med ein gigantisk fjør. Det gjer me. Grisete, men unikt!

Har du trua på Carmageddon: Reincarnation?