Med desse orda opna Sony America-president Jack Tretton Sony si pressekonferanse på E3 2012.

Sony hadde eit større spelfokus enn sine to hovudkonkurrentar har hatt så langt, og viste fram kvifor dei meinar ein bør halde seg til Playstation 3. For me fekk i alle fall ikkje vite noko om Playstation 4 enno!

Beyond: Two Souls

Beyond er det neste prosjektet frå Quantic Dreams som gav oss Fahrenheit og Heavy Rain

I den nesten ti minutter lange snutten får me sjå bortkomne Jody Holmes, spela av Ellen Page, i samtalar med politimannen som har funne ho. Med eitt bryt eit militært SWAT-lag inn, og vel – det visar seg at dei treng meir skyts for å hamle opp med ho.

Traileren visar i all hovudsak dei cinematiske delane av spelet og lite av sjølve gameplayet. Dette følgjer for så vidt premissa i deiras tidlegare spel ganske greit, med fokus på narrativ og historie – med passande quicktime-events i actiondelane av spelet.

Spelet vert – i likskap med Heavy Rain eksklusivt for Playstation 3 (som alle spela i denne artikkelen).

Les også: Heavy Rain – 2011s beste spel

The Last of Us

I eit post-apokalyptisk Pittsburgh kjempar Joel og Ellie for livet.

Dette ser ut som post-apokalypse inspirert av bøker som The Road: hardt, beintøft og utan nåde. Det vil kanskje vere feil å kalle det eit zombiespel, men fiendane me har sett hittil er både infiserte og «vanlege mennesker» som har eit horn i sida til alle andre.

Gameplayet er prega av både einsemda i ein tom by, og sterk vald. Skader får konsekvenser, og ein kan ikkje kaste seg rundt utan å bli både sliten og hardt skadd.

Sjølv vert eg alltid mo i knea av å sjå gjengrodde byar på den måten The Last of us her viser, så eg gledar meg til å få vite meir om dette spelet.

Anmelding: The Road – beinhard post-apokalypse

Wonderbook

I samarbeid med blant andre J. K. Rowling har London Studios lansert Wonderbook. Med hittil nye historier frå Harry Potter-universet nyttar boka augmented reality for å fortelje og leie born gjennom historier.

Eg skjønar at Sony óg vil fokusere på ny teknologi, men eg er usikker på om dei burde ha lagt så stor vekt på det i presentasjonen sin.

Dersom dette er ein eksklusiv avtale med J. K. Rowling kan dette bety massive inntekter for Sony. Her må ein nemleg ikkje berre ha boka, men óg Playstation Move for å spele det fullt ut. Spørsmålet er óg om ein kan nytte dette til fleire spel, eller utelukkande til den éine franchisen, for dette kan bli dyrt for berre eitt spel.

Kvar er det kule Harry Potter-spelet med Sorcery-teknologi, Sony!? Gi meg det no!

Anmelding: Sorcery – Å nytte Playstation Move-kontrollaren som tryllestav verkar i utgangspunktet som ein god idé

PS Vita

Som eg skreiv i vår artikkel om forventningar til E3, så var E3 vinn eller forsvinn for Sonys handhaldte spelkonsoll. Etter deiras presentasjon er eg litt beroliga, men ikkje heilt overbevist.

Sony har nemleg gått for eit eksklusivt Assassins Creed-spel, som nok er ein god idé. I Assassins Creed: Liberation utforskar me meir av dei sjøfarande tidene, med hovudpersonen Avaline.

I tillegg kan ein i løpet av sumaren spele eldre PSOne-titlar på PS Vitaen. Dette kan absolutt hjelpe over nostalgikarane som vil nytte ledige timar på Final Fantasy VII eller Crash Bandicoot, men det spørst like vel om dette ikkje er «for lite, for seint» frå Sony si side.

Sjå heile presentasjonen her:

Les alle våre E3-oppsummeringar her.