Ein film satt i universet til Lego-spela var kanskje ikkje det første eg hadde venta meg, men sanneleg – spela har jo vore artige, kanskje det kan fungere?

Chris Pratt – best kjend frå TV-serien Parks and Recreation – har fått hovudrolla i ein planlagt Lego-film. Andre stemmeleggjarar i filmen er Will Arnett som Batman, og Channing Tatum er i tillegg i samtalar om å vere stemmen til Supermann. Filmen har foreløbig fått tittelen LEGO: Piece of Resistance melder Hollywood Reporter.

Lite kreativ Lego-figur

Batman, Supermann og Robin poserer i Lego Batman 2: DC Super Heroes (Foto: Warner Bros. Entertainment).
Supermann og Batman (og kanskje Robin?) stanser onde tyrannar i den nye filmen (Foto: Warner Bros. Entertainment).
I følgje studioet handlar filmen om Emmet, ein usannsynleg lite kreativ lego-figur som vert feilaktig gjenkjend som ein såkalla Master Lego Builder.

På grunn av dette vert han rekruttert inn i eit hemmeleg brorskap hvis mål er å forhindre ein ond tyrann frå å lime Lego-verda og alle bitane deri saman (eit mareritt for ein kvar lego-fan!).

Då treng han sjølvsagt hjelp frå Batman og venene hans. Det er heller ikkje utenkjeleg om Yoda eller Indiana Jones stikk innom.

Les også: LEGO Batman 2: DC Super Heroes – Flott LEGO-fest med superhelter!

Kjøttbolle-regissørar

Regien er ved Phil Lord og Chris Miller som tidlegare har regissert 21 Jump Street og Det regner kjøttboller. Chris McKay frå den populære parodiserien Robot Chicken skal óg vere med som under-regissør.

Chris Pratt har spelt i den prisbelønte serien Parks and Recreation, no får han hovudrolla i ein Lego-film (Foto: Vince Bucci/Invision/AP)
Det australske animasjonsselskapet Animal Logic har tidlegare gjort animasjonsfilmen Lego Star Wars: Menace of the Padawan, noko som truleg var vegen deiras inn i Lego-film-universet.

Dei melder i følgje Variety at filmen skal bestå av omtrent 80 % Lego, og resten live-action.

Populære superheltar

Arbeid med ein Lego-film for Warner Brothers har vore i gang sidan 2008, og med den store populariteten til dei lisensierte Lego-spela og superheltbølgja som rir Hollywood er det nok eit lurt trekk å lage ein film som dette no.

Då gjenstår det berre å sjå om februar 2014 – som er planlagd lanseringsdato – er for seint til å håve inn på trenden.

Les også: Justice League-filmen blussar opp igjen

Det mest spennande for meg vert å sjå korleis dei løyser blandinga mellom live-action og Lego. Dersom dei løyser det like godt som barne-TV-serien Arild og den usynlige byen er eg iallfall nøgd!

Har du trua på at leikenheita frå Lego og Lego-spela kan bli dratt over til filmlerretet?

Stem gjerne på dine favoritt-superhelt i kåringa av Verdas Beste Superhelt!