Den britiske filmen Weekend har blitt møtt med mykje ros av filmkritikarar verda over. I samanheng med den norske premiera tok Birger ein prat med regissør, manusforfattar og klipper Andrew Haigh, som sjølv er overraska over tilbakemeldingane han har fått:

— Ein lagar ein film som dette og håpar at folk likar den – men det at alle faktisk gjer det er fantastisk, og eigentleg ganske overraskande. Det er ei brei del av befolkninga som har likt den. Alt eg kan seie er at eg trur det som ligg under historia er ein universell kamp og idé som folk forstår.

— Så du trur at sjølv hetero-par vil kjenne at dei same kjenslene, dei same problema, som oppstår når ein vert forelska?

— Eg trur det, ja. Du startar kanskje filmen med å tru at det handlar om homofile erfaringar, men så skjønar du ganske raskt at det ikkje er det det handlar om. Filmen handlar derimot om korleis me alle kjempar for å håndtere ting.

Du kan anten høyre intervjuet her, eller lese resten av intervjuet under:
[audio:https://p3.no/filmpolitiet/wp-content/uploads/2012/06/Andrew-Haigh-om-Weekend-del-1.mp3|titles=Andrew Haigh om Weekend del 1]
[audio:https://p3.no/filmpolitiet/wp-content/uploads/2012/06/Andrew-Haigh-om-Weekend-del-2.mp3|titles=Andrew Haigh om Weekend del 2]

— Hovudmålet var å skrive eit historie om to karar, seier regissør Andrew Haigh (Foto: Arthaus).

Eit karakterstudie

— Kva var målet med filmen?

— Hovudmålet var å fortelje ei historie om to karar, og gjere den så ærleg og realistisk som eg overhovud klarte. Eg behandla det meir som eit karakterstudie enn noko anna, for å prøve å forstå kven desse to eigentleg var.

— Eg må vel spørje om det er ein personleg film?

— Det er ikkje sjølvbiografisk – dette har aldri hendt meg – men det er absolutt personleg. Når du lagar ein film om to folk i ei privat sfære, så er du nødt til å nytte personlege erfaringar.

— Uansett kva du skriv, så må du vel ha personlege erfaringar med i det.

— For at det skal vere realistisk, så må det det. Element frå livet mitt er der, og element frå ting eg tenkjer på er absolutt med der.

Weekend: Sobert om hvor fantastisk vanskelig det kan være å la kjærligheten slippe til

Ville behandle romantisk film seriøst

— Det er ikkje ei glansa kjærleikshistorie, det er ei veldig realistisk ei. Var det med vilje?

— Eg snudde det litt på hovudet, og ville gjere det endå meir realistisk.

— Vegen romantiske filmar har utvikla seg er mot dårlege Hollywood-romansar. Det har alltid vore overraskande for meg, sidan den eine tingen folk flest opplever i livet er å møte nokon å falle for dei. Eg ville ta den hendinga og feste den meir i røynda. Eg ville vel behandle det seriøst, i staden for å gjere det til ein standard romantisk film.

— Eg og mange andre ser Weekend som ein sjelevenn til Richard Linklaters Before Sunrise, kan du relatere deg til det?

— Eg kan relatere meg til det. Eg såg dei filmane og likte dei – eg syntest dei var verkeleg gode. Filmen min er nok inspirert av dei, men óg ein reaksjon på dei. Eg snudde det litt på hovudet, og ville gjere det endå meir realistisk. Dei er i provinsen i England, i staden for å gå gjennom Paris eller Wien, så eg prøvde å gjere det litt meir realistisk.

Les også: Retur for et av historiens beste filmpar

Vanskeleg å lage filmar om homofile

Både Weekend og Haighs førre film Greek Pete handlar om homofile i ulike livssituasjonar. Er det vanskeleg å lage filmar om homofile no for tida?

— Eg trur hovudsakleg det er vanskeleg å lage slike filmar fordi det er vanskeleg å få tak i pengane til det. Folk vil ikkje gi pengar for å lage slike filmar, berre fordi dei antek at publikummet er mindre – noko det til ein viss grad er – men eg trur det ei ei frykt knytta opp til å lage dei.

— Er det eit problem at folk som meg, som eg gjer no, legg vekt på at rollene er homofile?

— Nei, filmen handlar om to homofile, ein kan ikkje skjule det faktumet, og eg er ikkje flau over det. Det er mange som lurar på om dette er ein homofilm eller ikkje – det let eg publikum få gjere seg opp si eiga meining om.

(Artikkelen held fram under videoklippet)

Kjemi på skjermen

— Mykje av filmens suksess kan tilskrivast – deg sjølvsagt – men óg dei fantastiske skodespelarane du har funne, Tom Cullen og Chris New. Kvar fann du dei?

— Det var det eg ville det skulle handle om – at folk innerst inne har dei same draumane, men at dei angrip dei frå ulike sider.

— Eg hadde ein veldig tradisjonell castingprosess og møtte mange skodespelarar. Men eg var heile tida nervøs, fordi filmen kvilar på deiras skuldre og utan gode skodespelarar ville ikkje filmen vere god. Eg måtte finne folk med ein kjemi mellom seg. Så då eg såg desse to i same rom, og fekk dei til å improvisere litt med manuset, så var kjemien mellom dei veldig interessant. Og eg visste at kjemien mellom dei på skjermen ville ende opp som romantisk kjemi.

— Og dei spelar veldig ulike figurar, i alle fall i starten, men mot slutten så ser me at dei delar dei same håpa og draumane.

— Ja, nettopp. Det var det eg ville det skulle vere, at folk innerst inne har dei same draumane, men at dei angrip dei frå ulike sider. Og dette var to folk som angreip det frå ulike sider, men eigentleg ville akkurat det same.

All you need is love?

— Så moralen er «Alle treng kjærleik»? Er det så enkelt?

— Eg trur ikkje det berre er om kjærleik, men å vere open om kven ein er, og at alle får vite kva ein vil få att frå livet sitt. Så det er meir eit overhengande tema om ærlegdom.

— Og så handlar det om kor vanskeleg det kan vere å opne seg for nye bekjentskaper?

— Det er artig kor raskt ein vert definert ut frå kva filmar ein lagar

— Definitivt. Eg trur det er vanskeleg, og spesielt om du vil vere ærleg med personen. Etter kvart som ein vert eldre vert det og meir vanskeleg, fordi ein har meir bagasje og meir fortid å bære rundt med seg.

— Er Greek Pete og no Weekend representativt for filmar du vil lage i framtida?

— Ikkje eigentleg. Det kjem nok til å vere stilistiske likskapar, men historiene vil vere annleis. Óg tematisk vil det nok vere likskapar, men eg vil ikkje alltid lage filmar om homofile karakterar. Det vil vere større omfang. Det er artig kor raskt ein vert definert ut frå kva filmar ein lagar, så det er viktig for meg å forandre det og gjere andre ting.

Weekend har norsk kinopremiere i dag, 15. juni.