Superheltane for første gong opp til helt-mot-helt-kampar der taparen nådelaust ryker ut og må innfinne seg til sin plass i superheltrangstigen. Det er på tide med 8-delsfinalane i låringa av Verdas Beste Superhelt.

Trykk på knappen for å stemme, eller les meir om The Flash og Spider-Man lenger nede.

Spider-Man

Spider-Man (Bilde: Marvel).

Alter ego: Peter Parker
Skaper: Stan Lee
Første opptreden: Amazing Fantasy #15, 1962
Født: ?
Forlag: Marvel

Til vanleg er han fotojournalisten Peter Parker, men etter å ha blitt bitt av ein radioaktiv edderkopp utviklar han edderkoppliknande krefter og kan svinge seg frå hustak til hustak gjennom New York.

I teikneserieuniverset er Spider-Man i tillegg like rappkjefta som han er smidig, noko som gjer kampane hans desto meir underhaldande.

Parker følgjer sin avdøde onkels prinsipp, «Med store krefter kjem stort ansvar». Dette står ekstra sterkt sidan onkelen døydde fordi han sjølv oversåg ei kriminell handling. Han bar lenge skuldkjensla av det.

I si tid vart han skapt for å vise at sjølv superheltar kan ha fullstendig vanlege problemer som sitt alter ego. Når han ikkje bekjemper ondskap må han slite med dei same kvardagslege kjærleiksproblema som alle andre.

LES OGSÅ: — Han er lett å relatere seg til. Andrew Garfield om Spider-Man

The Flash

The Flash. (Foto: DC Comics).

Alter ego: Jason Peter «Jay» Garrick, Barry Allen, Wally West, Bart Allen
Skaper: Gardner Fox og Harry Lampert
Første opptreden: Flash Comics #1, 1940
Født: ?
Forlag: DC Comics

Når The Flash spring om kapp med Supermann, vert det gjerne uavgjort. I den siste tidas DC-teikneserier har han til og med vist seg å vere betrakteleg raskare. Ikkje verst!

Men kreftene hans består ikkje berre i å røre seg raskt, han kan óg tenkje, reagere – og til og med snakke – med overmenneskeleg fart. Han regenererer også sår og skader raskare enn dei aller fleste.

Opp gjennom tida har fleire ulike personar hatt tittelen The Flash, den mest kjende er kanskje nummer to, Barry Allen, som adopterte superheltnamnet etter å ha lest om den første The Flash i ei teikneserie. Kreftene fekk han då han vart bada i ulike kjemikalier og truffen av eit lyn.

The Flash reknast som ein av dei absolutte klassikarane innanfor teikneserier, og har vore med sidan gullalderen på 40-talet.

Edderkoppen mot Lynet

The Flash sin openbare fordel er snøggleiken hans. Sjølv om Spider-Man kan forutsjå uforutsette angrep skal det like vel mykje til for å stogge verdas raskaste mann. Men dette er óg svakheita hans, han held ikkje lenge ut i kamp før han vert nødt til å ete for å innta ny energi.

Spider-Man er velkjend for å vere ein smart kar. Dette i kombinasjon med hans smidigheit og evner til å hoppe unna innkommande angrep er absolutt vere ein fordel mot The Flash. Spider-Man har derimot ein tendens til å undervurdere motstandarane sine, noko som kan vere skjebnesvangert mot farta The Flash innehar.

Lat oss berre håpe at ingen tek med insektmiddel, det er ikkje edderkoppar så glad i.

Resultatet er opp til deg! Trykk på knappen under for å stemme på denne finalen og dei tre andre finalane denne veka.