Dersom du nokon gong såg Jason Segels delvis sjølvbiografiske Dumpet av Sarah Marshall fekk du sikkert med deg hovudpersonen Peter (Jason Segel) sin livslange draum om å setje opp ein dukkemusikal. The Muppets er den musikalen.

På veg til å oppfylle sin største draum – å møte The Muppets – finn Walter ut at Muppet Studios skal bli rive av oljemagnaten Tex Richman (Chris Cooper) fordi det er olje under tomta (ikkje spør). Plutseleg finn han seg sjølv som initiativtakar til ei telefoninnsamling for å samle saman pengar til å kjøpe tilbake studioet.

Men først må Walter, broren Gary (Jason Segel) og kjærasten Mary (Amy Adams) samle Muppets-laget igjen, som no er spreidd for alle vindar.

Aldri vist på norske kinoar

The Muppets vart aldri vist på norske kinoar, fordi Disney ikkje las marknaden som nok interessert i ein film om dei snart 60 år gamle figurane. Dette er jo noko ironisk ettersom filmen handlar om at verda eigentleg har gløymd dette blåaugde og ukyniske universet.

På same måte som tidlegare er figurane veldig klar over at dei er på ein skjerm, og meta-kommentarane florerar. Sjølv er eg storveges fan av slik humor, og sjølv om det kan bli litt enkelt til tider, så ler eg godt når Fozzie omtalar ein eksplosjon som «for stor for budsjettet vårt».

WAAAAAH: Walter er ikkje heilt nøgd med at heltane hans er i fare (Foto: The Walt Disney Company Nordic)

Heilt riktig musikk

Filmen er regissert av James Bobin, som óg har regissert serien Flight of the Conchords. Det er nok den umiddelbare koplinga til at Flight of the Conchords-medlem Bret McKenzie har skrive filmens musikk.

MILD SPOILERWARNING!

McKenzie dreg med seg den same litt naive, sjølvbevisste og parodierande stilen frå bandet sitt til The Muppets, og det er akkurat kva denne filmen treng.

Av noverande musikarar i vinden kjem eg ikkje på ein betre match for denne filmen, og av dei to Oscar-nominerte låtane var Man or Muppet (sjekk Youtube-filmen til høgre) den soleklart beste.

Av andre glimrande augneblinkar kan Tex Richmans gangsterrap om rikskap. Det er gjennomført Flight of the Conchordsk, men like vel smett det perfekt inn i Muppets-universet.

Manus sånn halvveges

Historia i filmen roper tilbake til 80- og 90-talets enkle underhaldningsfilmar. «Å, nei! Me må plutseleg tene pengar for å redde noko!» er så grundig gjennomkøyrd at det er vanskeleg å tene nye poeng ut av det.

Og diverre kjem ikkje The Muppets seg heilt opp frå smørja. Det er ein hårfin balanse mellom leiken parodi og klisjear, og filmen fell eit par gongar for mykje over på feil side.

Men til gjengjeld, der The Muppets treff, treff den så herleg fantastisk bra. Dei stadene filmen overraskar med glimrande innsikt i filmgrep og -industri endar ein opp med verdas mest koselege spissformuleringar. Ta til dømes denne scena:

MILD SPOILERWARNING! Artikkelen held fram under videoen

Nydeleg!

Kjærleik – heilt frå botnen av

Til trass for eit litt trått manus: Hadde fleire reboots og nyskapingar av eldre figurar vore laga med så mykje kjærleik som The Muppets, så hadde det vore mildare for hjartet å vere nostalgikar.

For å illustrere, om eg hadde visst at den komande (Deep Space Ninja) Turtles-filmen hadde vore laga med denne mengda entusiasme, så hadde eg sove betre om nettene. Mykje, mykje betre!

Kvifor den ikkje fekk kinovisning er eigentleg litt uforståeleg. The Muppets er halvanna time i eit herleg optimistisk univers. Ei verd utelukkande beståande av happy endings, blotta for kynisme, og ikkje minst med koselege låtar innimellom.

Om FILMEN

The Muppets
  • The Muppets
  • Slippdato: 20.06.2012
  • Regi: James Bobin
  • Utgiver: The Walt Disney Company Nordic
  • Originaltittel: The Muppets
  • Sjanger: Barn, Komedie, Musikal