Plakaten for «The Dark Knight Rises» (Foto: SF Norge).
For utvalgte land (deriblant Danmark – dei tølparane) har Dark Knight Rises allereie premiere denne veka. Dermed må me sitje her og glede oss medan anmeldingane rullar inn frå andre stader i verda.

Me hoppar for øvrig glatt over den – kanskje – store spoileren som David Letterman slapp i førre veke. Om det var Letterman og Hathaways måte å tulle med Batman-fansen, eller ein ærleg glipp, må me vente til 25. juli med å sjå.

Og skal ein tru det som har dukka opp så langt er den tredje i Nolans Batman-trilogi ei passande og storslått avslutning på serien.

Det ser iallfall ut til at det internasjonale anmelderkorpset er nøgd med det dei har sett på det store lerretet.

Eineståande

— Det kan vere me aldri får sjå superheltfilmar heilt som dette igjen, og det er heilt greit, skriv Drew McWeeney ved Hitfix.com.

Han framhever at dei tre filmane først og fremst kjennest ut som ei samanhengande historie, at Nolan her har klart å skape noko – ikkje akkurat realistisk, men meir sobert enn noko anna kappekledd på lerretet nokon gong.

— Eg elska kjensla eg hadde halvveges då eg innsåg at eg ikkje hadde peiling på korleis dei skulle løyse det. Og sjølv då ting falt på plass og det nådde ei viss uungååelegheit, så er det gjort med ein slik kontroll, slik sjølvtillit, at det er ei nyting å sjå det.

Anne Hathaway som Selina Kyle – som visstnok aldri vert omtalt som Catwoman i filmen (Foto: SF Norge).

Kattekvinnen

Fleire har òg fokusert på Anne Hathaways rolle som Selina Kyle (i følgje fleire kjelder vert ho aldri omtalt som Catwoman i filmen). Justin Chang i Variety skriv:

— Sjølv om kattekostymet har ein meir teikneseriete «touch» enn Nolans neo-noir-estetikk vanlegvis tillet (men langt unna så «camp» som kostyma til Halle Berry og Michelle Pfeiffer), så treff den allsidige skodespelaren den spottande, harde tonen som krevst for å gjere den moralsk fleirtydige katta ein dynamisk motstander for «the Caped Crusader».

Regissør Christopher Nolan, her i forbindelse med «Inception» (Foto: AFP PHOTO / ALBERTO PIZZOLI).

Ein kinematisk, kulturell og personleg triumf

Todd Gilchrist i IndieWire er kanskje den som er mest hovudstups forelska i Nolan og idéane hans.

— Ein kinematisk, kulturell og personleg triumf. The Dark Knight Rises er inspirerande, estetisk betydeleg og kritisk viktig for USA sjølv – som eit speil for både sober refleksjon og spenstig håp.

Gilchrist meinar at Bane er ein fokusert og meir ideologisk driven versjon av Heath Ledgers kaosskaper frå The Dark Knight, men at han har tilsvarande hensynslaus sjarm. Han meiner og at Bane sluttar sirkelen frå Ra’s al-Ghul frå den første filmen med sin måte å snu befolkninga mot seg sjølv på.

Politisk aktuell

Edward Douglas i ComingSoon meinar filmen introduserar litt for mange idear i filmens første time, noko som kan føre til at fleire av dei nye karakterane nyttar for lang tid på å vise kvifor dei er der. Men i all hovudsak er han positiv:

— Heldigvis vert mange av desse problema i det minste delvis gløymd så snart Bane endeleg dukkar opp i dagslyset, og me ser meisterplanen hans for å terrorisere Gotham City.

— Nolan legg problemer frå den verkelege verda inn i Gotham, med ei konflikt som rører seg inn i avstraffing, børsen og idear om fornybar energi – ting me kan lese om i avisa til dagleg – som anten vil gjere situasjonane meir relaterbare, eller som får deg til å himle med augo fordi du får politikk blanda inn i underhaldninga di.

Tom Hardy får mykje skryt for si tolking av Bane (Foto: SF Norge).

Old-School

— Til trass for den avanserte teknologien er Nolan – stolt og med sjølvtillit – old-school, meiner Todd McCarthy i The Hollywood Reporter – og legg til at Nolan nok er ein av få som får lov til å vere det i dag.

— Som tidlegare er produksjonsverdien overdådig og sensasjonell, skriv han, og meiner at berre dei høgaste av lovprisingar kan tilleggast teamet av designerar, effektmakarar, klipparar og lyddesignarar — samt komponist Hans Zimmer.

Bale sin beste

— Bale gir sin beste opptreden i rolla hittil, meiner Jim Vejvoda i IGN. — Med desse tre filmane har han gitt liv til den mest fullgivne, fleirfasetterte skjermsuperhelten til no.

— Christopher Nolan og laget hans har levert den største, mest emosjonelle og superheltemodige kapittelet i Batman-sagaen. Dark Knight Rises er ei passande konklusjon for denne versjonen av den varige historia til mannen Bruce Wayne og legenda Batman.

Norgespremiere neste veke

Me skal sjølvsagt gjere oss opp vår eiga meining når filmen kjem på norske kinoar den 25. juli. Men eg skal ikkje legge skjul på at eg sjølv gledar meg veldig.

Kva synest du om Nolans Batman-prosjekt så langt?

The Dark Knight Rises: Trygg slutt på Nolans Batman-trilogi