Nedlasting av spel er på veg mot toppen. Der EA i fjor hadde ei inntening på digital nedlasting på omtrent 6 milliardar i fjor, visar tala for i år at dei raskt kan tene det doble i år. I eit intervju med GamesIndustry seier Frank Gibeau, president i EA Games Labels at framtida for Electronic Arts er fullstendig digital:

— I nært foreståande framtid – på same måte som spørsmåla om streaming og skytenester – så kjem me til å bli 100 % digitale, punktum. Det kjem der ein dag. Det er ikkje til å unngå.

Vil framleis vere i butikk

Med tenester som Origin har digital nedlasting raskt blitt den raskast voksande inntektskjelda for EA, noko som sjølvsagt set spor. Men det kjem ikkje til å bety slutten på kjøp i butikk heilt enno.

— Dersom kundane vil kjøpe spela i butikken kan det gjere det óg. Me kjem til å halde fram med å levere spel i kva enn mediaformat som gir meining. Og etter kvart som ein auker og ein synker, så går me i den retninga, seier Gibeau.

— Butikkar er ein god salgskanal for oss, og me har eit godt forhold til butikkane. Samtidig er det forholdet til spelaren som er det viktigaste. Dersom spelarane vil ha spela digitalt, og det er den beste måten dei kan få det, kjem me til å gjere det.

Dette verkar logisk i ein marknad der enkelte dataprodusentar alt har byrja å fase ut CD- og DVD-ROM-lesarar, og butikkar som Steam og Origin får stadig høgare salg.

Streaming

Sonys oppkjøp av spillstrømmingsselskapet Gaikai, som også har avtaler på gang med Samsung, er spennande for Gibeau, og han lovar at EA skal vere klar når den bølgja kjem:

— IP-fjernsynet og strømmingens ankomst – me skal vere klar for det. Det blir ein av måtane me lagar og leverer høgkvalitetsinnhald til kundane våre på. Den neste konsollgenerasjonen er på veg ut. Det er vanskeleg å spekulere kva den neste generasjonen etter det vert, men det er mogelegheiter i skytenester og strømming som er veldig interessante for oss.

— Me er i samtalar med Gaikai og andre selskap der me har undersøkt mykje, og me ser at våre spel og våre eigenskaper i digitale tenester veldig lett kan ta steget dit.

Det kan altså tyde på at EA har forberedt seg på ei komande strømmings- og nettbølgje. Sjølv om nett-tenesta deiras Origin har fått blanda mottakingar, er dei ein av dei største kreftene på nettsalg av spel, og dei ser tydelegvis mange fordeler med å ha ei sterk tilstadeværelse på nett.

Les også: Sony kjøper Gaikai – Nå vil Sony streame spill til sine konsoller

EA har slutta å bry seg om salgsrapportar

Ein anna fordel med nettbutikkar er at det gir ei enklare oversikt over salg. Gibeau uttaler at han har slutta å bry seg om dei månadlege salgsrapportane frå det leiande amerikanske mediaanalysebyrået NPD, fordi dei berre tek med ein utvalgt del av verda.

— Mellom Facebook, sosiale spel, mobiltelefonar, «free to play»-modellar, Asia, konsollar… Det er ein levande marknad. Ein tilfeldig dårleg rapport frå NPD, som måler ein liten del av det som faktisk skjer i spelverda, gir folk feilaktig informasjon, seier Gibeau som óg påpeiker at dei ikkje ser på slike rapportar internt lenger, men mest på kontoar i eigne tenester.

— Rapportane er som å sjå på ein elefant gjennom eit strå!

Kjøpar du mest spel over nett eller i butikk?