Wes Anderson, som nyleg gav norske kinogjengarar den nydelege Moonrise Kingdom, lanserte sitt neste prosjekt i går. Filmen har fått tittelen Grand Budapest Hotel og vert regissørens første samarbeid med Johnny Depp, samt hans første film i Europa, skriv The Hollywood Reporter.

Wes Anderson under filmfestivalen i Cannes 2012. (Foto: AP Photo/Jonathan Short)
Er Wes ein koseleg hotellvert? Her i Cannes 2012. (Foto: AP Photo/Jonathan Short)
Depp er nett ferdig med nylanseringa av The Lone Ranger som vart vist til applaus frå Comic-Con-publikummet, og han er så smått i gang med ein remake av The Thin Man.

Nye og gamle ansikter

Twitch meldte for ei veke sidan av Anderson var på jakt etter nye andlet til filmane sine, deriblant Depp, og Angela Lansbury (best kjend i Noreg som Jessica Fletcher).

Men sjølvsagt er òg tidlegare ansikt frå Andersons filmar sannsynlege, deriblant Bill Murray, Owen Wilson, Edward Norton, Adrian Brody, Willem Dafoe og Jeff Goldblum.

Filmen har ikkje fått lanseringsdato enno, men det er sannsynleg at dette vert Andersons neste film om nokre år.

Har du trua på Andersons neste prosjekt? Delta med di meining i kommentarfeltet under videoanmeldinga av Moonrise Kingdom.

Moonrise Kingdom: — Ungdomskjærlighet på sitt mest sjarmerende