I førre vekes Filmpolitiet-sending nevnte Birger at produksjonen av Raging Bull 2 var i gang. Det kan det sjå ut som om Metro-Goldwyn-Mayer (MGM) no vil ha meir og meir slutt på.
Raging Bull 2 skal vere både ein forfølgjer og ein etterfølgjer til Martin Scorsese sin klassiske boksefilm frå 1980 om Jake LaMotta. Men i staden for å vere styrt av Scorsese, er dette ein uavhengig film regissert og skriven av Martin Guigui og RB II Productions, basert på LaMotta sine eigne memoarer. Den yngre La Motta er spelt av Mojean Aria og den eldre av William Forsythe (The Rock, Raising Arizona).
Til trass for at innspelinga allereie er i gang spøker det no for filmens framtid. I følgje Deadline går MGM, som eig rettigheitene til Raging Bull, til søksmål mot Jake LaMotta og produsentane.
Anmelding av Hugo: Alle gjør sitt beste for å få eventyret levende.
MGM har førsteretten
MGM hevdar at LaMotta ikkje hadde rettigheitene til å late oppfølgjar-rettigheitene gå til RB II Productions utan å spørje dei først. Dette kjem frå ein klausul i avtala rundt den første filmen som tileigner MGM førsteretten på oppfølgjarar basert på memoarene eller andre skriverier av LaMotta.
MGM seier óg at RB II har unngått all kontakt med dei, og at dei no ser seg nødt til å saksøke for å få gjennom vilja si.
Søksmålet er óg basert på at RB II har gått ut med at dette er ein oppfølgjar, og dermed fått mediemerksemd på bekostning av den første filmens popularitet.
Birger kalte filmens premiss «litt tvilsomt» i fredagens sending, og sjølv Scorsese har gått ut og sagt at han «ikkje veit kva denne filmen skulle ha handla om» dersom den kom ut, så kanskje det er like greit om produksjonen vert stansa? Det høyrest litt ut som ein rett-på-DVD-film uansett.
Les også: Våre rett-på-DVD-omtaler
Kva filmklassikarar har du lyst å sjå oppfølgjaren til?