Kåringa av Verdas beste superhelt er ikkje heilt ferdig enno, no skal dei største stemmast fram til finalen! Skit er skilt frå kanel og tilbake står fire semifinalistar som alle kjemper om din gunst.

I dag møtest to motsetjingar innan superheltverda. Den dyriske Wolverine, mot den avmålte Batman. Villskap mot rikskap. Marvel mot DC.

Trykk på knappen for å stemme på din favoritt, eller les mer om Wolverine og Batman først!

Wolverine

Wolverine (Bilde: Marvel)

Alter ego: James Howlett
Skaper: Len Wein
Første opptreden: The Incredible Hulk #180, 1974
Født: 1880-talet
Forlag: Marvel

Wolverine er ein av X-Mens mange mutantar, og på sine eldre dagar fungerar han som mentor for mange av dei unge på mutantuniversitetet.

Han vart født inn i rikdom, og var mykje sjuk som born. Men etter eit ungdomstraume dukka hans hovudvåpen uventa opp – to sett med springknivar som skyt ut frå knokane hans. Lyden desse knivane lagar – SNIKT! – er ein av to lydar som Marvel har gjort til ei merkevare (den andre er Spider-Mans THWIP!).

Hans fremste våpen er det adamantium-forsterka skjelettet hans, som vart plassert i han gjennom det kanadiske Weapon X – eit statsprogram som søkjer å lage levande våpen frå villige og uvillige sjeler.

I tillegg til forsterka sansar, er Wolverine utstyrt med ei enorm evne til å lækje eigne sår, til den grad at han har gjenoppstått frå beinrestar og blodpøler.

Uheldigvis betyr desse gjenopplivningane at livet hans er fylt med hukommelsestap. Det krevjer nemleg litt av ein person å gjenoppstå frå omtrent ingenting.

Batman

Batman. (Foto: DC Comics).

Alter ego: Bruce Wayne
Skaper: Bill Finger, Bob Kane
Første opptreden: Detective Comics #27, 1939
Født: ?
Forlag: DC Comics

Milliardær, playboy, industriherre og filantrop – Bruce Wayne har ingen superkrefter, men han er veldig, veldig smart.

Sidan han som gutunga såg foreldra bli drepne har han sverga hevn over alle kriminelle. Med formuen i bakhand – som gir han tilgang til dei heftigaste duppedittane i verda – gjer han Gothams gater trygge med sine detektivevner.

Hans hovudvåpen er ei glimrande evne til å forberede seg på einkvar situasjon, samt å skape frykt hjå fiendane. På trass av sine kampevner har han alltid som mål å ikkje drepe sine motstandarar.

Ulempa med dette er at hans erkefiendar så godt som aldri vert vekke – men i staden vert satt inn i Arkham Asylum, på den andre sida sikrar dette oss mange år med gode Batman-historier.

Les også: Birger møtte Batman: — Eg er Batman!

Rikmann mot villmann

Taktisk geni og multimilliardær Bruce Wayne, eller tømmerhogger-rovdyret James Howlett? Batman har pengane og hjernen på si side, medan Wolverine har råskap og rein viljestyrke til å kjempe for seg.

Batman er kjent for å forberede seg på ein kvar situasjon, og skal nok klare å finne svakheitene til Wolverine på ein eller anna måte. Samtidig er han berre eit menneske, med all den dødelegheit det medfører.

Wolverine er ein vill slåsskjempe med ekstrem uthaldenheit. Med unntak av eit spesielt sverd som er smidd med ein del av sjela hans, skal det mykje til for å ta knekken på han. Men kven går av med sigeren?

Det er det opp til deg å bestemme. Trykk på knappen under for å stemme på din favoritt, og hjelp han til siger i kåringa av Verdas beste superhelt!