Mange var skeptiske då Spider-Man skulle bli relansert nok ein gong, berre fem år etter at den siste i Sam Raimi-trilogien kom ut.

Skepsisen har ein grunn: dersom Sony Pictures ikkje lagar filmar med Spider-Man-figuren går filmrettane tilbake til Marvel, noko Sony helst vil unngå.

Difor kunne ein raskt anta at Spider-Man berre har fått same behandling som Ghost Rider – litt labre filmar laga på mindre budsjett som ikkje gir heltane dei filmane dei fortener.

Då er det jo bra at The Amazing Spider-Man faktisk ikkje er så aller verst!

Tenåring søkjer sanning

Som tenåring er ikkje Peter Parker (Andrew Garfield) i utgangspunktet så spesiell – som alle andre vil han berre finne ut kven han er. Livet er sjølvsagt litt verre når ein er foreldrelaus og sosialt utstøytt på high school, men han klarar seg då greit nok.

Soga får fart når Peter finn ei dokumentmappe som tilhøyrde sin forskarfar. Han nøstar opp ein raud tråd i livet sitt, og finn professor Curtis Connors (Rhys Ifans).

Connors var ein av farens samarbeidspartnarar, og han er særs oppteken av artskryssing for å gi mennesker nye eigenskaper – hans eigen agenda er å ein dag gro ut igjen si manglande arm.

Spe historia ut med ung kjærleik i form av Gwen Stacy (Emma Stone), og hennar politimeisterfar (Denis Leary), så har du The Amazing Spider-Man.

Les også: Vår superheltkåring – Batman eller Supermann?

Forholdet mellom Peter og Gwen er framstilt litt grunt (Foto: The Walt Disney Company Nordic).

Nysgjerrigheita er tilbake

Det er ikkje til å kome vekk frå – eg elskar scener der ferske superheltar oppdagar kreftene sine. Heldigvis er The Amazing Spider-Man full av desse. Vel er Garfield betrakteleg nærare 30 enn 18, men han spelar denne sida av Spider-Man med sjarm, og herlege nyfikne auger.

The Social Network: Terningkast 5 — Sign up!

Denne filmen kjennest meir rota i røynda enn Sam Raimis tre filmar. Borte er Parkers barnslege jakt etter å imponere sitt crush med pengar og status, og i staden tek regissør Marc Webb nokre blad or boka frå sin 500 Days of Summer, og skapt ein meir gjenkjenneleg, menneskeleg Parker.

Onkel Ben (Sheen) og tante May (Fields) er gode forbilder for Peter (Bilete: The Walt Disney Company Nordic).
Kjærleiken til Stacy vert kanskje litt grunt framstilt, men til gjengjeld utforskar denne filmen meir av farsfigurane. Spesielt er det nære forholdet til onkelen meir forståeleg enn tidlegare filmar, godt hjulpe av Martin Sheen i ei godsleg rolle.

Uinspirert

Den største appellen til filmens hovudskurk, The Lizard, er at han ikkje har blitt portrettert på det store lerretet før. Rhys Ifans gjer ei god, sår tolking av ein forvirra vitskapsmann som eigentleg berre vil verda godt, men manuset gir han ikkje nok å spele på, og han ender opp med å bli ein fotnote i skurkegalleriet.

The Amazing Spider-Man tilfører ikkje særleg til superhelten som me ikkje har sett før, men går gjennom vante troper for å fortelje endå ei historie der tileigning av superkrefter er ein slags metafor for å vokse opp.

Spider-Man 3: — Regissør Sam Raimi er i ferd med å miste grepet

Fartsfylt

Spider-Man er ein superhelt med stort potensial for actionfylte scener, og dette løyser filmen godt. Spesielt likar eg den meir naturtro retninga dei har valgt å ta for nettet hans, som i ei scene der han set opp eit spindelvev for å kjenne etter rørsler – på same måte som ein edderkopp i jakt.

Og, som dei fleste på hans alder ville ha gjort – medan han ventar på vibrasjonar frå skumle kloakkbeist, så slappar han av med mobiltelefonspel.

3D-en fungerar godt, og er stort sett relativt diskret gjennomført. Dimensjonseffekten fungerar best i scenene der ein ser Spider-Mans jakt gjennom hans eigne auger, men er ikkje naudsynt for å nyte filmen på nokon måte.

For tidleg?

Det gjekk heile åtte år mellom Batman & Robin og Batman Begins, og då gjekk prosjektet i tillegg til ein regissør med ein bestemt visjon for figuren. Fem år er kanskje litt kort, spesielt når det ikkje verkar å vere nokon sterk tanke om kven Spider-Man skal vere.

The Amazing Spider-Man er kanskje i tidlegaste laget for ei nyskaping av denne figuren, men Marc Webb & co gjennomfører ein fartsfylt film med dei elementa ein ventar av ei stor Hollywood-superhelt-produksjon.

Les også: Emma Stone om Spider-Man: — Han er ein tenåring og ein underdog

Ikkje særleg nyskapande – og ikkje heilt på The Avengers-nivå – men betrakteleg betre enn då me såg edderkoppen på lerretet sist.

Om du likar Spider-Man, gled deg. Sony gjekk nemleg ut førre veke og bekrefta – ikkje heilt uventa – at Andrew Garfield vert stjerna i minst tre Spider-Man-filmar.

Om FILMEN

The Amazing Spider-Man
  • The Amazing Spider-Man
  • Slippdato: 11.07.2012
  • Regi: Marc Webb
  • Utgiver: The Walt Disney Company Nordic
  • Sjanger: Action, Eventyr