Internett går aldri tomt for innhald, og sjølv om det er mykje me gjerne skulle ha vist dykk er det ikkje alltid det er plass til det i vårt vanlege program. Difor har me samla nokre av denne vekas små videohøgdepunkt i ein liten artikkel til dykk.

Epic Tea Time

David Michalek har eit kunstprosjekt på gang der han vil lage eit sett videoportrett satt til ekstrem slow-motion. Først ut er Alan Rickman (Harry Potter-serien, Die Hard) som drikker te, og er forbanna.

Beste augneblink: Blikket ved 3.52. Me rygga bakover på kontoret i rein ærefrykt.

PS: Er han ikkje litt inspirert av P3s julehelsing «Kvinne dasker mann med purreløk», mon tru?

Nicolas Cage er gal

Ghost Rider 2: Spirit of Vengeance var ingen filmhistorisk høydare, men Cage er i det minste kul då. I tidlege intervjuer med regissørane vart det sagt at det som kanskje var mest creepy på filmen var Nicolas Cage – utan spesialeffekter – som demonen Zarathos. No er videoen sluppe på nettet:

Beste augneblink: Heile scena frå 1.38. Berre trykk!

«Star Wars 1313»: Descent to the Underworld

Liten minidokumentar om spelet Star Wars 1313 som ærleg talt nærmar seg toppen av 2013-lista mi for spel eg gledar meg til. Dette er reklame, ja, men det er mykje fin informasjon her.
Beste augneblink: «The characters are more in the gray area». Yesssss…

Batman gjer forbrukerjournalistikk

«The Toronto Batman» er ein kar som nyttar delar av dagen sin på å gå rundt utkledd som den maskerte superhelten. Her dukkar han plutseleg – sikkert heilt tilfeldig – under innspelinga av eit bilprogram i London.
Beste augneblink: 0.59: «MY PARENTS ARE DEAD, BUT YOU COULD STILL HAVE A GOOD RIDE!»

Games we play

Det er ikkje alle spel som foregår på ein skjerm. Var eg den einaste som spelte denne typen spel då eg sat i bilen, eller gjekk på gata som liten? Eg har framleis problemer med å gå på strekar.
Beste augneblink: «DO NOT STEP IN THE LAVA!»

«Avengers’» tabbeteip

Nokon lakk tabbeteipen frå The Avengers til nettet nyleg. Me får ikkje vise heile filmen, men her er eit søtt lite klipp som visar deler av det. Kanskje du klarar å finne resten sjølv?

Beste augneblink: Alt.

Korleis «Dark Knight Rises» burde ha slutta

How it should have ended er ein videoserie som gir animerte alternative sluttar til ei rekkje storfilmar. Dersom Christopher Nolan & Co hadde fulgt råda deiras, kanskje Rune hadde likt Dark Knight Rises endå betre då?

Beste augneblink: «Poop..»

Prinsesse Leia og veien videre

Carrie Fisher vart ei stjerne etter rolla som prinsesse Leia i Star Wars-filmane. Etter det gjekk det utelukkande nedover. Narkotika, alkohol og sterke bipolare forstyrringar. I dag er Fisher på veg tilbake, og held blant anna foredrag om livet sitt. Sjå det på NRK Nett-TV!

Beste augneblink: 42.40: «George Lucas ødela livet mitt. Jeg mener det på den snilleste mulige måten».

Carrie Fisher frå «Prinsesse Leia og veien videre» (Foto: HBO).
Carrie Fisher frå «Prinsesse Leia og veien videre» (Foto: HBO).

Tony Scott om regissørjobben

Til minne om Tony Scott som døydde denne veka, ein regissør som aldri kjeda Birger. Her er Scott sjølv som fortel om kvifor han elska å regissere film.

Beste augneblink: Heile.

Ein søt liten animasjonsfilm

Og sidan det er litt trist med Scott, så avsluttar me med ein liten søt animasjonsfilm. Denne gongen ei merkeleg oppdaging i eit arktisk område.

Beste augneblink: Slutten(?).

Kva var din favoritt? Har du funne noko kult på nettet denne veka?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.