Frå norsktimane på skulen veit me alle at 1800-talet var eit helvete. Folk døyr som som fluger av tyfus og andre ulukker, og på Hellemyren er familieselskapa ein rein fyllefest.

Filmen Albert Nobbs omhandlar den same elendigheita i den same tidsperioden. Historia er basert på kortromanen (engelsk: novella) med same namn som omhandlar ein pliktoppfyllande kelner-veteran som har ei stor frykt i livet: at nokon skal oppdage at han eigentleg er ei dame.

Sidan ung alder har «han» nemleg kledd seg ut som ein mann for å få fleire mogelegheiter i livet. Gjennom mange tiår har Albert spinka og spart og levd sømmeleg for å kunne spare opp til sin store draum, sin eigen tobakksbutikk. Men kven skal han dele livet med?

Meisterleg Glenn Close

Glenn Close er fundamentet, strukturen og alle bérande veggar som hovudfiguren Albert Nobbs.

Den såre hemmelegheitsfulle mannen (eller kvinna) som manglar all innsikt i mellom-menneskelege forhold vert skildra litt nesten utomjordisk av Close – det er tydeleg at ho legg mykje i rolla si.

Noko anna er kanskje heller ikkje å vente, sidan Close har spelt denne rolla på teater i fleire tiår. Ho er sjølv ein av skaparane bak filmen, både som produsent og på manussida.

Ei anna sterk rolle er Janet McTeer som den minst like skjulte målaren Hubert Page. Dei beste scenene i filmen er mellom desse to, både før og etter alle hemmelegheiter er avslørt.

Les også: Tomboy – sårt og rørende om guttejente

Filmen er best når desse to er på skjermen (Foto: Fidalgo).
Filmen er best når desse to er på skjermen (Foto: Fidalgo).

Lause trådar

Det er andre gode ting med denne filmen – deriblant eit juleball som på finurleg vis klarar å koke mange av hotellets indre strukturar ned til éi enkelt scene.

Diverre er denne scena berre eit eksempel på kva denne Albert Nobbs kunne ha vore. I staden er den det beste av frå ein film som ellers hadde mange uforløyste og svevande subplott.

Hotellets doktor i ferd med å innta sin favorittmedisin (Foto: FIdalgo).
Hotellets doktor i ferd med å innta sin favorittmedisin (Foto: Fidalgo).
Hotellmedarbeidarar er drukkenboltar, slarvekjerringer og pretensiøse oppkomlingar som vonar noko betre – men som av naturalismens grunntankar aldri kjem seg vidare. Kvinner fornedrar seg, menn slår, og alle lyg.

Filmen hadde tent mykje på å heller fokusere meir på Nobbs og indre kjensler framfor mange andre skjebner som gjer lite anna enn å vise kor forferdeleg Dublin var på denne tida.

Pent, men…

Dette er ekstra synd fordi regissør Rodrigo García er flink på indre kjensler og flettverk – når han får lov til å skrive manus, altså.

Tidlegare har han blant anna arbeidd som regissør og manusforfatter på den flotte serien In Treatment som i manus klarar noko av det denne filmen prøver på.

Då får det berre vere at det trass alt ser pent ut. Filmfotograf Michael McDonough har fanga kjølege tonar før – deriblant i Winters Bone – og visar det viktorianske Irland frå si kaldaste, bitraste side, sjølv når det ikkje snør.

Les også: In Treatment S03 – tvinger deg til å tenke og analysere

Anno 2011

Albert Nobbs har brukt lang tid på å kome til norske kinoar, Close si rolle var trass alt nominert allereie til førre Oscar-utdeling.

Det er lett å skjøne kvifor rolletolkingane til Close og McTeer vart teken med i følgjet for beste kvinnelege hovudrolle og birolle. Men samtidig er det like lett å skjøne kvifor filmen ellers såg ut til å ha blitt gløymd av akademiet.

Hadde Glenn Close lagt like mykje arbeid inn bak kamera som framfor, så kunne dette ha vore ei fantastisk filmoppleving. Det er det ikkje no.

Om FILMEN

Albert Nobbs
  • Albert Nobbs
  • Slippdato: 24. august 2012
  • Regi: Rodrigo García
  • Utgiver: Fidalgo
  • Sjanger: Drama