Steam, Valve sin digitale plattform for salg av spel, har i dag igangsatt sitt siste prosjekt, Steam Greenlight. Dette er ei teneste der utviklarar sjølv kan legge sine spel inn for avstemning blant Steam-kundane, for å forsøke å påverke Valve til kva spel dei tek inn i varmen.

— Me har arbeidd med denne funksjonen dei siste månadane i samarbeid med indie-partnarar og responsen har vore ekstremt positiv, seier Valves Anna Sweet i ei pressemelding frå selskapet.

Greenlight vart lansert i natt med 30 titlar, men allereie er det over 500 bidrag som er godkjend for vurdering av brukarane.

Ved eit kjapt oversyn er det alt frå små leikeprosjekt til tilsynelatande meir gjennomarbeidde spel – frå skuleoppgåver og tankespinn til allereie indie-etablerte namn som Towns og Dino Run.

Les også: Steam vil flytte PC-spilling ut i stua

Kven som helst kan legge inn

Steam Greenlight-logo (Bilete: Valve)
Steam Greenlight-logo (Bilete: Valve)
Tenesta er bygd på Steam sitt eksisterande butikksystem, men i staden for ferdige spelpresentasjonar må spirande utviklarar bidra med video, bileter og informasjon frå spelet dei håper du skal stemme opp.

Dermed legger dei til endå ein sosial funksjon i det allereie sosiale spelnettverket.

Kven som helst med ein Steam-konto (som har kjøpt eit spel) kan legge spel til systemet, og etter ei lita førstehandsgodkjenning kan alle Steam-brukarar – oppmot 54 millioner – stemme over det innsendte bidraget.

Brukarar vert oppfordra til å legge inn både tidlege prosjekt og meir ferdige spel, så lenge det er spelbart på ei Windows-maskin.

Les også: Valve lanserar filmskapingsverktøy

Flest stemmer betyr ikkje publisering

Valve informerar at det ikkje naudsynt vil vere spela med flest stemmer som vert teken inn i Steam-biblioteket. I staden velgjer dei ut frå interessa spelet skaper.

— Me kjem til å strekke oss mot utviklarar når me ser at spela deiras får trekkraft uansett om dei har fått eit bestemt antall stemmer eller ligg på første eller andre plass på eit gitt tidspunkt. Me er mest interessert i å finne spela folk vil ha, skriv Valve.

I følgje dei sjølv er det berre éin god måte å hjelpe eit spel frå Greenlight-biblioteket inn i det gode selskap på.

— Fortel venene dine om det. Men ikkje på ein irriterande måte.

Kva spel skulle du gjerne ha sett i Steam-biblioteket?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.