Etter fire tiår som skodespelar legg Bob Hoskins inn årene. I ei pressemelding til mellom anna BBC seier han at årsaken er Parkinsons sjukdom, ei diagnose han fekk i fjor haust.
— Bob ser fram til pensjonisttilværinga med familien, og håpar at privatlivet hans vert respektert, skriv agentbyrået i uttalinga, som takkar samarbeidspartnarar og fans for ei lang karriere.
Lang karriere
Den britiske skodespelaren er kanskje mest kjend for rolla som privatdetektiven Valiant i Hvem lurte Roger Rabbit?, men karriera hans har holdt på sidan starten av 70-talet.
På 80-talet slo han gjennom som gangster i filmen The Long Good Friday og Mona Lisa, og roller som Cockney-skurkar og gale menn gjorde han fleire av i løpet av åra.
Andre filmar det er verdt å nemne er rolla frå Spielberg-barnefilmen Hook, Terry Gilliams’ sci-fi-epos Brazil, og som Lou i Cher-filmen Mermaids.
Og så Mario då
Filmar me derimot ikkje treng å snakke så høgt om er rolla hans som Mario i Super Mario Bros, men det var strengt talt ikkje berre hans skuld.
I eit intervju med The Guardian i fjor fortalte han at filmen var den største skuffelsen i livet hans, og at han gjerne skulle ha reist tilbake i tid for å ikkje gjere den filmen.
Den siste rolla hans vart i årets Snow White and the Huntsman der han spelar ein av Snøhvits åtte(?) dvergar.
Kva Hoskins-film er din favoritt? Var Mario-filmen verkeleg hans verste? Legg att ein kommentar under videoanmeldinga av Snow White and the Huntsman