Oppdatert: 9. oktober vart klassen tilgjengeleg. Forhåndsbestillarar av Borderlands 2 får ho gratis, andre må betale rundt 80 kroner for den ekstra klassen som nedlastbart innhald, éi veke før den opprinnelege planen. På nettsidene til Borderlands 2 kan du sjå klassetreet hennar.

— Pandora er ein vidtrekkande planet i utkanten av galaksen. Så det kjennest nesten som ein western, men samtidig litt sci-fi. Verda er veldig grov og hard og er fylt med ein skokk bandittar. Mange av selskapa som reiste dit opprinneleg har forlatt planeten, fordi Pandora våkna frå ei dvale der alle dyra dukka opp og gjorde det veldig farleg.

Universet som Brian Martel – Gearbox-grunnleggjar og produsent på Borderlands 2 – forklarar til oss er ikkje så komplisert, men merkeleg og fartsfylt er det absolutt. I oppfølgjaren skal spelaren bekjempe Handsome Jack, som har teke æra for spelarens oppdagingar i det første spelet.

Etter sniktitten på årets Gamescom-messe svarte Martel villig på spørsmål om spelet, dei fire nye klassane, Mechromanceren, og framtidige planar for nedlastbart innhald.

Anmelding: Borderlands 2: Jakta på det perfekte våpen!

Fire klasser + éin ekstra

Det er i utgangspunktet fire heltar som skal hjelpe deg gjennom det golde landskapet, stort sett basert på dei fire klassane frå det første spelet (nærare gjennomgang i sniktitten).

Konseptbilete av D347-tp – betre kjend som Deathtrap – frå «Borderlands 2» (Bilete: Take Two)-
Konseptbilete av D347-tp – betre kjend som Deathtrap – frå «Borderlands 2» (Bilete: Take Two)-
Men sidan Gearbox Software – tydelegvis – elsker deg så har dei i siste liten slengt med ein ekstra klasse, Mechromanceren.

— Me hadde ein idé for ein femte klasse som me tenkte kom til å bli kul. Dette var noko me lufta på Penny Arcade Expo for å få eit mål på kva dei trudde om det, og finne ut kva folk ville synest om ein klasse som denne, seier Martel.

— Ho er ei jente, ho elsker maskiner, og ho har laga seg ein ven – på ein måte – ein gigantisk robot, som ho sender ut for å gjere det ho befaler. Me kallar ho «the mechromancer», openbart eit ordspel på nekromantiker (og på mech-romantiker? – journ.anm.).

På same måte som nekromantikarane i meir klassiske fantasy-forteljingar manar denne figuren fram sin hjelper – Deathtrap – til å forsvare seg.

I tillegg har ho krafta «Close Enough» som baserar seg på rikosjettering frå hagleskot.

Denne eigenskapen er sagt å vere teke med slik at òg mindre begava spelarar kan gjere nytte av seg i samspel med andre. For å bøte på manglande nøyaktigheit kan du altså i prinsippet skyte rundt hjørner, og dess høgare nivå dess meir «treffsikker» vert denne krafta. At sand – som dekker store delar av Pandora – ikkje rikosjetterar skot i særleg stor grad, er ikkje teke med i rekninga.

Realistisk? Nei. Akkurat passe sprøtt for Pandora? Absolutt.

Les også: Alle sniktittar og intervju frå Gamescom 2012

Mogelegheiter for meir innhald etter kvart

Mechromanceren er gratis nedlastbart innhald for alle som har førehandsbestilt spelet. Då Filmpolitiet såg ho på Gamescom var ho derimot ikkje heilt ferdig, og var mest sannsynleg ikkje ferdig då Randy Pitchford for nokre dagar sidan meldte på Twitter at spelet var ferdigutvikla.

— Me arbeider framleis med kva alle eigenskapene hennar skal vere, sjølv no når me gjer ferdig spelet, seier Martel.

— Ho er i ein litt uferdig versjon no, men i løpet av éin månad eller to bør ho vere klar.

Dersom mottakinga av den femte klassen vert god, utelukkar ikkje Martel at Gearbox vil lage meir innhald til spelet gjennom nye figurar.

— Ved å utforske mechromanceren lar det oss undersøkje korleis ein kan gjere slikt. Det er eit par andre idear som har flote rundt, men ingenting er laga på dette tidspunktet. Om folk likar ho, så lagar me nok meir.

— At nokon kan kjøpe éin ny figur og få 60+ timar med speletid? Det verkar som auka verdi for oss, og me hadde elska å gjere det for folk, avsluttar Martel.

Kva synest du om denne måten å tenkje DLC på?