Gamescom, Köln: Som eg skreiv i mi forventning til spelhausten 2012, så er Borderlands 2 eitt av spela eg gledar meg mest til i år, mykje på grunn av det litt galne post-apokalyptiske universet det tek stad i.

Det vesle me har fått sett hittil har vore lite fokusert på historia, som held fram etter det første spelet. Her skal ein ta knekken på Handsome Jack og selskapet hans Hyperion Corporation som har fått rikdom og berømmelse etter at han tok æra for handlingane du gjorde i det første spelet.

På årets Gamescom var det heller ikkje så mykje fokus på historia, ei heller på dei – visstnok – bazillionane av våpen som spelets tilfeldigheitsgenerator set saman. I staden var det det dei nye klassane og ferdigheitstrea som fekk mykje merksemd.

Borderlands 2 ser ikkje ut til å bli særleg djupare, men dei taktiske mogelegheitene får meir mangfald, og kan skape uttallege timar med moro i sofaen.

Les også: Alt fra Gamescom 2012

Gjenkjenneleg

I testrommet til Borderlands 2 gav eg og ein tysk speljournalist kvarandre eit anerkjennande blikk, tok kvar vår Xbox-kontroller i hand, og starta Creature Slaughter Dome – ei bane som kastar spelaren opp mot eskalerande bølgjer av motstandarar frå spelets historiemodus.

Om du har leika med Borderlands før bør du kome kjapt inn i kontrollane igjen. Dei same «brusautomatane» vert brukt for kjøp av våpen, ammunisjon og liv, og kontrollane ellers er mykje det same som det førre.

Det første som slår meg etter nokre minutter er at samarbeid er viktigare enn før. Den kunstige intelligensen er meir obs på det du gjer, men kan knekkast med litt aktiv flanking og bevisste rørsler. Når eg og min tyske medspelar innsåg dette – eg som kraftkar med våpen i kvar hand, han som illusjonsmeisterleg snikmordar – vart det straks litt enklare.

«Many must fall» – ei av dei mest ekstreme angrepa til snikmordaren (Bilete: Gearbox Software).
«Many must fall» – ei av dei mest ekstreme angrepa til snikmordaren (Bilete: Gearbox Software).

Fire nye klasser

Dei fire klassane i spelet er delvis basert på det førre spelets klasser, men dei er meir nisjeretta. Snikmordaren Zer0 kan plassere eit hologram av seg sjølv og gjere seg midlertidig usynleg. Ei av kreftene me fekk sett frå han var «Many must fall», ein taktikk der han kan utslette ei større gruppe – presentasjonen viste opptil åtte motstandarar – dersom ein klarar raske snikmord innan eit visst antal sekund.

Maya – som er det næraste ein kjem magibrukar i spelet – kan låse fast motstandarar med tankens kraft, og etter kvart ògså snu dei mot kvarandre, for å skape kaos i fiendens rekker. Ho er ein Siren, på same måte som Lillith i det førre Borderlands.

Axton er spelets kommandosoldat som erstattar all-rounderen Roland. Også Axton har eit våpentårn han kan setje ut, og superkreftene hans er hovudsakleg retta mot kva eigenskaper dette tårnet kan ha.

Borderlands 2, Brawn-ferdigheitstre (Foto: Gearbox Software)
Borderlands 2, Brawn-ferdigheitstre (Foto: Gearbox Software)
Den handgripelege berserkeren frå første spel er erstatta med gunzerkeren Salvador, som er den einaste som kan handtere to ulike våpen samtidig.

Dersom du skulle føle for ei syrerifle og eit maskingevær – go for it! Sjølv ser eg fram til to rakettkastarar. Min gunzerker gjekk for «Brawn»-treet der superkraften er å få tilbake livspoeng ved å vise to langefingrar til motstanderen.

Les også: Det finst òg ein femte klasse. Gearbox’ Brian Martel om DLC og mechromanceren

Meir fokuserte ferdigheiter

Som sist er klassane delt opp i tre ulike val, men denne gongen er det endå sterkare skilnadar mellom dei ulike vala. Alle tre ender opp i éi ekstra kraftig superkraft, til dømes har Axton eit eksplosivt valg som sprenger ei lita atombombe kvar gong han kastar dronevåpenet sitt inn i ei gruppe med fiendar.

Første superkraft kan oppnåast etter 31 nivåer, og med alle 50 nivåer skal det vere mogeleg å fullføre halvanna klassetre. Det kan verke som det i større grad enn før er meint at ein bør fullføre eit heilt klassetre før ein går til neste, og desse superkreftene er gulrota for å kome seg dit.

Dei tre klassetrea er i større grad oppdelt enn før, og skapar heilt ulike figurar å spele med. Kommandosoldaten Axton kan variere frå ein hardtskytande frontsoldat til andrelinjes støtteeld alt ettersom kva superkrefter du går for.

Med litt fikling, litt taktisk figurbyggjing og planleggjing er det nok mange interessante lagsamansetningar både for to, tre og fire spelarar. Delt skjerm for to spelarar på same maskin er heldigvis med denne gongen òg, og ein kan i tillegg samarbeide med andre spelarar over nettet medan ein har ein kamerat i sofaen.

(Sniktitten held fram under denne videoen som visar dei ulike klassane)

Ein liten presentasjon av verda og klassane (Video: Gearbox Software)

Les også: Sniktitt fra Gamescom: «XCOM: Enemy Unknown»

«You. Will. Die. (Seriously)»

For dei laga som susar gjennom spelet med lettheit har Gearbox ytterlegare planer. Når historiedelen er gjennomført låsast ein ny modus opp der ein kan ta på seg kampen mot ein raidboss inspirert av World of Warcraft sine heftig store motstandarar.

Terramorphous er... STOR (Bilete: Gearbox Software).
Terramorphous er... STOR (Bilete: Gearbox Software).
I Pandora heiter denne bossen Terramorphous the Invincible, og han ser ut til å kunne by på kamp for sjølv dei mest klinisk nøyaktige, stridstaktiske og rørlege Borderlands-spelarar.

— You will die, sa produsent Randy Varnel under presentasjonen av spelet. Nokon vil nok ta dette som ei utfordring, andre burde skjelve i buksa.

Ettersom eg og lagkameraten min aldri kom oss lenger enn til del to av tre i banekampen – mest på grunn av tidspress, trur eg – må eg nok heim og legge meg i hardtrening fram til release for Borderlands 2 den 21. september. Terramorphous vert ein hard motstandar.