Datakrafta til Nintendos neste spelkonsoll, Wii U, har vore eit mysterium sidan den vart lansert på fjorårets E3. I ei lenger kampanje for å finne ut kva krefter Nintendo rugar på har Eurogamer vore i kontakt med fleire Wii U-utviklarar for å få detaljane på plass.

Dei avslører at konsollen har ein trekjerners prosessor (CPU) som ikkje er særleg kraftigare enn dei noverande konsollane, at konsollen har 1GB datahukommelse (RAM) til spela sine, og ein AMD 7-grafikkprosessor (GPU) av ukjend styrke.

Dette plasserar Wii U litt over dagens konsollgenerasjon med både sterkare og svakare element enn Xbox 360 og Playstation 3. RAM-en er minst dobbelt så mykje som noverande konsollar og GPU-en er betrakteleg nyare modell som støtter DirectX10 (Xbox nyttar DirectX8) og har dedikert eDRAM, på same måte som Wii.

Sterkast på grafikk

Nyleg gjekk utviklarane av Toki Tori 2 ut og sa at spelet deiras ville kunne køyre i ekte (ikkje oppskalert) 1080p på Wii U, noko som overraska fleire. Dette er rett nok eit 2D-plattformer-spel, men ekte 1080p klarar dei færraste av spela på dagens konsollar, sjølv dei som reklamerar med full HD.

Samtidig kan det verke som om hovudproblemet ligg i spel som skal distribuerast til alle plattformar, CPU-en til Wii U verkar nemleg ikkje å vere særleg meir kraftig enn dei noverande.

— Eg hadde vore bekymra om eg hadde fått beskjed om å lage ein førstepersonsskyter av same kvalitet som noko som skal kome til den neste versjonen av Playstation eller Xbox, seier ein utviklar.

— Det kjem ein ikkje til å klare.

Frank Gibeau – president for EA Labels (Foto: Reuters/Chris Pizzello).
Frank Gibeau – president for EA Labels (Foto: Reuters/Chris Pizzello).
Årsaken til at dagens spel for denne konsollgenerasjonen ser betre ut enn dei første er delvis fordi utviklarane har gjort seg kjend med konsollane og funne omvegar og tjuvtriks for å utnytte krafta betre.

Men om skilnaden vil jamne seg ut eller bli større gjenstår å sjå til neste generasjon kjem.

Neste generasjon like rundt hjørnet

I eit intervju med Bloomberg, sa EA Labels-president Frank Gibeau nyleg at hardwaren for neste Xbox og Playstation vert tilgjengeleg for dei innan eitt år. Han har tidlegare gått ut og sagt at han har sett båe maskinene allereie.

Og i følgje Gibeau er EA sjølvsagt klare når den tid kjem.

— Me har alt starta arbeidet på tre til fem nye spelserier som me lanserar i løpet av dei 24 første månadane til generasjonen, seier han.

Les også: Frank Gibeau: EA skal bli 100 % digitale, punktum!

Men har det noko å seie?

Fleire av utviklarane Eurogamer har vore i kontakt med meiner at det ikkje vil vere så farleg kva Nintendo gjer. Nintendo er Nintendo.

— Det folk treng å fokusere på for spelframtida er kva type erfaringar og tenester ein kan byggje på det hardware-rommet du har blitt tildelt – ikkje i klokkingssyklusar, seier John Nash, designer hjå Blitz Games Studios.

— Koplar den seg lett mot nettet? Koplar den seg lett mot mobilar? Korleis koplar deg seg opp mot venene dine? Det er der spelframtida er.

Les også: Neste generasjon: Meir enn berre ein spelkonsoll

Vert dette realiteten for Wii U òg? (Foto: Kollasj, Nintendo/Internett).
Vert dette realiteten for Wii U òg? (Foto: Kollasj, Nintendo/Internett).
Direkte konkurranse mot dei andre selskapa er aldri det Nintendo har hatt i hovudsetet, etter eigne uttalingar er målet heller å sjå kor mange folk dei kan få til å spele.

På denne generasjonen spelkonsollar har Nintendo solgt absolutt mest, til trass for at dei vart dømt tidleg i prosessen. Wii fanga spelarar på nye mogelegheiter, og Xbox og Playstation kom diltande etter med sine tolkingar av rørslekontrollar.

Eg har ikkje trua på at Wii U – trass at Nintendo også denne gongen vil ha svakare hardware enn si samtid – vil gjere det så frykteleg dårlegare.

Kva er dine utsikter for den komande konsollgenerasjonen? Legg di meining i kommentarfeltet!