Michael K. Williams kan vere siste skot på stammen for neste års Robocop-film, melder Heat Vision. Han blir så fall endå eit sterkt tillegg til ei allereie imponerande skodespelarliste.

Williams, som er best kjend frå rollene i The Wire og Boardwalk Empire, ryktast å få rolla som Alex Murphys politipartner i tida før han vert Robocop, og ein nær ven av Murphys familie.

Williams er karismatisk og har gjort inntrykk som både Omar Little og Chalky White i kjende HBO-seriar, som tjuv i The Road og ein heil masse anna.

Michael K. Williams kan å skape karismatiske figurar (Video: HBO)

Svensk Robocop

Frå før er det kjend at svenske Joel Kinnaman (Snabba Cash, The Killing) skal spele Robocop, medan Hugh Laurie (House, A Bit of Fry and Laurie) skal spele skurk.

I tillegg skal Gary Oldman spele Robocops’ skaper Norton, Samuel Jackson som mediamogulen Pat Novak, Jackie Earle Haley som Robocops trenar, samt Jay Baruchel som Omnicorps’ PR-mann.

Tidleg i juli kom denne viralvideoen som visar Omnicorps’ robotprodukter. Mot slutten lovar dei eit heilt nytt produkt som blandar menneskelege ressursar med robotteknologi.

Hm, eg undrast på kva det kan vere.

Byrjar du å få trua på Robocop no?