Nyleg dukka nyheita opp om at Paramount testa to versjonar av Tommy Wirkolas Hollywood-debut. The Lebanese Cinema Movie Guide (av alle ting), plukka opp fleire IMDb-brukarar som diskuterte to versjonar av filmen, der den mest blodige verka å ha mest suksess.

I dag skriv Collider at Paramount satsar på å gjere den så lite familievenleg som mogeleg, men at dei viste to versjonar for å sjå korleis publikum reagerte på ein mindre valdeleg versjon.

Difor har dei valgt å gi filmen R-rating, den nest høgaste aldersgrensa – som betyr at alle under 17 må ha føresett med for å sjå filmen.

— I det store og heile vil eg seie at eg verkeleg likte denne. Den var annleis, valdeleg, veldig morosam – litt som Drive Angry eller Scott Pilgrim, og eg syntest alle gjorde ein god jobb. Det føltest litt som dei klarte den middelalderhumoren som Your Highness skulle gjere, men aldri klarte, skriv ein av brukarane på IMDb om den mest valdelege versjonen.

Tommy Wirkola går fra Død Snø til Hans og Grete. (Foto: Scanpix)
Tommy Wirkola i forbindelse med Død Snø. (Foto: Scanpix)
— Det var visuelt valdeleg og gørrete, eg måtte sjå vekk eit par gongar fordi det var så ekkelt, skriv ein anna.

Det høyrest kjent ut.

Les også: Død snø: Hold på tarmene! Nazizombiene kommer!

Premiere den 13. januar

Det har vore mykje snakk om filmen etter at den har blitt utsatt i lengre tid, men no kan det verke som januar-datoen faktisk vert satsa på.

Filmen er ein mørk versjon av historia om Hans og Grete – spelt av Jeremy Renner og Gemma Arterton –, og fortel om deiras hemntokt mot heksene i åra etter det tradisjonelle eventyret. Sidan filmen var spelt inn har Renner rukke å bli storstjerne i blant anna The Avengers, samt den komande Jason Bourne-filmen.

Renners suksess kan neppe vere negativt for publisiteten til filmen, som alt har orde på seg for å vere i same bane som Død snø – blodig, men veldig morosam.

Les også: Jeremy Renner: — Jeg digger Tommy

Tommy Wirkola held for tida på med innspelinga av oppfølgjaren til Kill Buljo, NRK Troms & Finnmark fulgte han nyleg ein dag på settet: